Hopp til innhold

Er naboar, men den eine betalar 15 gonger meir for straumen

Dei bur eit steinkast frå kvarandre. Mens Åge droppar dusjen, merkar ikkje Ronny stort på rekninga si.

Strøm.

VED GJERDET: Dei to naboane Åge Kristoffersen og Ronny Tamnes har heilt ulike straumrekningar fordi dei bur i ulike soner.

Foto: Frode Meskau / NRK

Naboane Åge Kristoffersen og Ronny Tamnes møtast ved gjerdet.

Berre ein grusveg skil husa til dei to i Folldal i Østerdalen. Bygda er kjent for kulderekordar og no har dei allereie hatt dei første frostnettene.

Men naboane går kuldenettene framover i møte på heilt ulike vis.

Den eine naboen droppar dusjinga og jobbar for å fylle opp vedlageret. Den andre køyrer vaskemaskina, ladar elbilen og brukar straum som normalt.

For midt i bygda går eit straumskile. Kristoffersen har austnorsk pris på straumen sin. Ramnes får straumprisen til Midt-Noreg.

– Det er skikkeleg urettferdig, seier Åge Kristoffersen.

Skille folldal

SKILNAD: Ein grusveg skil dei to husa i Folldal. Men dei får straumen sin frå ulike plassar.

Foto: illustrasjon

Les også Strømkrisa kan korte ned skisesongen

I ulike straumsoner

Det bur om lag 1500 innbyggarar i bygda nord i Innlandet. Men dei er delt i to straumsoner.

250 husstandar ligg i straumsone Midt. Der har straumen dei siste dagane ligge på mellom 40 og 60 øre per kilowattime. Dei 700 husstandane sør i kommunen må betale 6–7 kroner meir. Dei følger straumsone Øst.

Naboane Kristoffersen og Tamnes samalinknar prisane på straum-appane sine.

– Det dyraste her er 56,46 øre, seier Tamnes.

– Og her er det åtte kroner og 29 øre, seier Kristoffersen.

Han betaler 15 gonger meir for straumen før straumstøtte.

Åge Kristoffersen

TYR TIL VED: Åge Kristoffersen høyrer til fleirtalet av folldølane, han betaler «austlandspris» for straumen. Sist veke har den ligge mellom 7 og 8 kroner kWh.

Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRK

Les også Tok ekstrajobb for å takle høyere priser

Anders Busterud og Gunnhild Røssum Busterud.

Dei to naboane lev dermed ganske ulikt for tida. Åge Kristoffersen fortel at han ikkje dusjar anna enn etter hardt kroppsarbeid. Til dagleg nøyer han seg med klutvask.

Panelomnar og varmepumpe kjem han ikkje til å bruke i vinter. Det blir også mykje mindre av hobbyen hans, som er baking.

– Før bakte eg brød fleire gonger i veka. Nå blir det mindre. Men vi kan ikkje slutte å bake kake og bollar til barnebarna heller, seier Kristoffersen.

Ronny Tamnes og familien nyt godt av den billege straumen. Med to vaksne og fire ungar blir det mykje dusjing, klesvask og klestørking. Han ladar elbilen og varmar delvis opp huset med straum.

Han seier dei nok hadde brukt mindre om straumen vart dyrare.

Ronny Tamnes

RÅD TIL TØRK: Ronny Tamnes tar seg råd til å bruke tørketrommel på klesvasken sin. «Trønderprisen» tillèt det.

Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRK

– Kanskje spesielt om vinteren med oppvarming. Nå har vi det så varmt som vi har lyst til, det kostar oss ikkje så mykje.

Han har stor sympati med dei som går vinteren i møte med mykje høgare straumprisar.

– Avstanden er liten og prisskilnaden stor, seier Tamnes.

Les også Åtte kart for å forstå hvordan strømkrisen rammer Europa og Norge

Strøm og strømpriser

To hus med ulik pris

Ein annan som får kjenne på den store skilnaden i bygda er Marita Nyheim. Ho har nemleg to hus, eitt på kvar side av der skilet går.

Nyheim bur i det eine huset sjølv. Der har ho billeg straum. I det andre huset leiger ho ut rom til turistar. Her betaler ho austnorsk pris, altså mellom 6 og 7 kroner kilowattimen.

– Eg har investert i ny tørketrommel og ei elektrisk rulle i utleigehuset. Det får stå i fred. Vasken tek eg med meg heim att. Det er litt tungvint, men det går, seier ho.

Marita Nyheim fra Follda

FÅR STÅ: Marita Nyheim sin nyinnkjøpte tørketrommel får stå ubrukt

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Ein stad går grensa

Det er nettselskapet Klive på Tynset som leverer straum til Folldal. Det kjem kraftliner frå nord og frå sør, og omtrent der dei møtast går grensa.

– Ein stad må grensa gå, seier Ingvar Brohaug, som er ingeniør i Klive.

Dette er «normalskilje» og den vanlege koplinga i nettet, når alle koplingsstasjonar og kraftverk i området verkar som dei skal.

Grensa sikrar også kraftforsyning dersom nettet går ned i den eine sona.

– Grensa varetar best mogleg forsyningssikkerheit dersom det blir feil i nettet, seier Brohaug.

Frå 1. september auka Regjeringa straumstøtta frå 80 til 90 prosent når prisen på straumen er over 70 kilowattime.

Les også – Sør-Noreg kan få straumprisar på over 20 kroner i vinter

Ot9-pWxALE4

Både Åge Kristoffersen med dyr straum og Ronny Tamnes med billeg straum synast likevel det blir store skilnadar mellom folk.

– Eg unner naboen min den billege straumen. Men det er ikkje slik det skal vere, seier Åge Kristoffersen.