Hopp til innhold

Far tiltalt for drap på Oscar André (15)

Mannen som var sikta for å ha drepe den 15 år gamle sonen sin på Kapp i oktober i fjor er tiltalt for drap. Han er også tiltalt for seksuell omgang med sonen.

Oscar André Ocampo Overn

FAR TILTALT: Far til Oscar André Ocampo Overn er tiltalt for drap på 15-åringen.

Foto: Privat

Tiltalen mot den 45 år gamle mannen kom måndag.

Han er tiltalt for drap, for fridomsrøving, for seksuell omgang med barn under 14 år, og for seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år. Mannen er også tiltalt for å ha hatt seksuell omgang med slektning i nedstigande linje.

45-åringen har erkjent straffskuld for drap og overgrep.

– Når det gjeld tiltalen, er me kjent med alle forhold over lengre tid, så det er ikkje nokon overraskingar i tiltalen, seier bistandsadvokat Inger Marie Støen.

Drepen i sin eigen heim

Det var morgonen den 9. oktober at politiet fekk melding om ei alvorleg valdshending i familien sin heim på Kapp i Østre Toten.

Då politiet kom til staden fann dei ein 15 år gamal gut livlaus. Han vart frakta til Ullevål same dag, og den 4. november vart guten erklært død.

Guten vart obdusert, og det kom fram at guten døydde av kveling.

Forsvarer Håvard Fremstad seier tiltalen er alvorleg, men ikkje overraskande.

– Tiltalte har heile tida gitt politiforklaring som i all hovudsak er dekkande for tiltaleavgjerda, seier Fremstad.

Håper saka får gå som normalt

Bistandsadvokat Inger Marie Støen seier det er tøft for familien å få tiltalen no.

– Sjølv om dei har visst at det skulle komme, så er det tøft å få det opp igjen. Å sjå det på trykk er litt som å oppleve det på nytt, seier Støen.

Rettssaka skulle etter planen vere den 21. til 24. april i Gjøvik tingrett. Med situasjonen med korona i landet har dei i Gjøvik tingrett ikkje tatt stilling til om rettssaka går som planlagt eller om den blir utsett.

– Me har ikkje anna å gjere enn å følge med på utviklinga, og sjå kva som kjem frå domstolsadministrasjonen, seier Fremstad.

– Ei utsetting vil vere uønskt. Det håper me å unngå, seier han.

Også bistandsadvokat Støen håper saka går som planlagt.

– Det vil vere ekstra belastande for familien å få den utsett. Dei gruer seg til saka, og er opptatt av at den no blir gjennomført, slik at dei kjem seg eit skritt vidare, seier Støen.

Flere saker fra Innlandet