Hopp til innhold

Færre brannar i landbruket: – Det er noko du har i bakhovudet

Aldri før har det vore så få landbruksbrannar i Noreg som i fjor, viser nye tal. Førebyggande arbeid blir trekt fram.

Case

KYR: Jøran Skålsveen Sveahaugen jobbar med kjøttfe og mjølkeproduksjon saman med ein kamerat. Dei opplevde brann på garden og har no gjort fleire tiltak når det gjeld branntryggleik.

Foto: Even Lusæter / NRK

– I 2009 brann fjøset her ned, heilt ned til grunnen. Det er noko du har i bakhovudet når du driv på med diverse arbeid, siger Jøran Skålsveen Sveahaugen (25).

Han og ein kamerat har ansvar for garden no, der dei driv hovudsakleg med kjøtt og mjølkeproduksjon.

Sjølv har han kurs i varme arbeid, og han tenker ofte på kva som kan skje når han gjer noko som kan utvikle ein brann.

– Elutstyr som vi brukar er også kanskje betre i dag enn det var før, siger han.

Jøran viser frem brannslukningsapparat

Jøran Skålsveen Sveahaugen viser fram ei tralle med brannsløkkingsapparat som han har ordna for å ha betre tryggleik på garden.

Foto: Even Lusæter / NRK

Og no peikar også pilene i rett retning. For aldri før har det vore så få brannar i landbruket som i 2023, viser nye tal frå

Lanbrukets brannvernskomité.

I 2014 var talet på brann i driftsbygningar 247.

I 2023 var talet på 101 brannar.

  • For Tine og Nortura var det i 2023 kjempeomsetning trass dårleg produksjonsår.

Reiser rundt til gardar

Og det trur ein er mykje takka vere fleire, blant anna 36 år gamle Kristine Steine Sund.

Ho er avdelingsleiar ved El-sikker heit Midt-Noreg og jobbar med brannførebygging.

I kvardagen reiser ho rundt på gardar for å kontrollere elektriske anlegg.

@Anne.M.Steine/fotobben

Kristine Steine Sund er avdelingsleiar ved El-sikkerhet Midt-Norge.

Foto: Anne.M.Steine / fotobben

– Gardbrukarar er flinke til å ta dette på alvor. Men det blir ein del slitasje i slike bygg, særleg driftsbygningane. Det er stor belastning over tid, og det elektriske står gjerne i ganske hardt miljø, så det blir litt skadar.

Landbruket har satsa på brannførebyggande el-kontrollar. Det er truleg hovudårsaka til at talet på brannar har gått ned.

Ved kontroll med varmesøkjande kamera ser ho alt er i orden eller ikkje.

– Den absolutt vanlegaste feilen er varmgang på varmtvasspreiar og i stikkontaktar, siger ho.

@Anne.M.Steine/fotobben

Bruk av varmesøkjande kamera ser Kristine Steien Sund om alt er i orden.

Foto: @Anne.M.Steine/fotobben

Det viktigaste rådde ho vil gi til bønder, er å ta eit lite overblikk kvar dag.

– Sjå på dei tinga du brukar ofte, og som det ofte går mykje straum gjennom. Det skal sjå bra ut, og det skal vere kaldt. Om du tar på ein stikkontakt skal du ikkje kjenne noko temperatur.

Jøran Skålsveen Sveahaugen

Jøran Skålsveen Sveahaugen viser fram elektronikken i fjøset.

Foto: Even Lusæter / NRK
  • Maten treng ikkje vere norsk sjølv om det står «Nyt Noreg».

– Noko alle har i bakhovudet

Elisabeth Gjems, leiar i Innlandet bondelag, siger det er ein stor tragedie når det brenn i eit fjøs med dyr i.

– Dette er nok noko alle har i bakhovudet. Vi har jo hatt nokre brannar, dessverre.

Gjems siger slike brannar kan ha fatale følger, og at det blant anna kan vere vanskeleg å få evakuert dyra.

– Det er på mange måtar ei traumatisk hending – i tillegg til at ein kanskje må starte heilt på nytt.

Elisabeth Gjems, leder i Innlandet bondelag

Ein husdyrbrann er ein stor tragedie og kan vere ei traumatisk hending, derfor er brannførebygging svært viktig. Det seier Elisabeth Gjems, leiar i Innlandet Bondelag.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Ho meiner utviklinga no er gledeleg.

– Det er veldig viktig å sette seg inn i kva som kan skje, og kva ein kan gjere for å førebygge ein brann.

Gjems fortel at det er viktig å ha el-kontroll, brannsløkkingsutstyr, brannalarm med årleg kontroll, og generelt sette seg inn i risikoen som er på eigen gard.

– Det er ein krevjande kvardag, og det er viktig at ein ikkje tar nokon snarvegar på grunn av dårleg tid og økonomi.

To driftsbygningar blei totalskadd i brannen på Tretten i 2020.

Det var 37.682 gardsbruk i Noreg i 2022. Det er ein nedgang på rundt 400 frå året før.

I perioden 2012 til 2022 har nedgangen vore på 15,9 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Les også Mangel på avløysarar: Måtte i fjøset med brekt bein

Nina Gjelsvik med ein tre dagar gamal geitekilling.

Fleire dyr har brunne inne

I slutten av desember i fjor brann over 30 dyr inne i eit fjøs i Nordland. Verken låven eller dyra var mogleg å redde.

Også i 2020 ved Tretten var det rundt 450 grisar som brann inne.

I tala frå Landbrukets brannvernskomité står det at det omkom husdyr i seks brannar i 2023.

Ifølge nettsida har 12.000 bønder vore på kurs i brannførebygging og praktisk sløkkeøving dei siste åra.

Dei skriv at Noreg var også først ute med brannalarm for husdyr. No krevst det blant anna varsling til mobiltelefon, og sidan 2G-nettet blir fasa ut i 2025 blir det jobba med å få skifta alle gamle alarmar som bruker 2G-nettet.

Les også Berget så vidt da pipa raste under slukking av gårdsbrann

Brannkonstabel nær ved å få pipe i hodet