Hopp til innhold

Mangel på avløysarar: Måtte i fjøset med brekt bein

Ein ny rapport viser at over 40 prosent av norske bønder synest det er vanskeleg å finne avløysar. For Nina gjekk det nesten på helsa laus.

Nina Gjelsvik med ein tre dagar gamal geitekilling.

AVLØYSARPROBLEM: Nina Gjelsvik er ein av bøndene som har fått kjenne på at det kan vere vanskeleg å få tak i avløysar.

Foto: Henning Levold

– På sjukehuset sa dei at eg risikerte å bli permanent halt dersom eg ikkje sat meg ned.

Då Nina Gjelsvik brakk beinet i fjor haust, blei det vanskeleg å finne ein avløysar som kunne ta over gardsdrifta mens brotet grodde.

Ein ny rapport frå forskingsinstituttet Ruralis viser at over 40 prosent av bøndene i landet synest det er vanskeleg å finne avløysar ved behov.

Berre 21 prosent svarer at dei synest det er enkelt.

Nina Gjelsvik med ei ku

– Du kan ikkje seie «sorry Dagros, eg er sjuk». Du må i fjøset uansett, seier Nina Gjelsvik.

Foto: Henning Levold

Ringde NAV i desperasjon

Etter nesten ei veke utan at avløysarkontoret fekk tak i ein avløysar sende dei til slutt mellombels hjelp.

Men ein avløysar som kunne arbeide over lengre tid kunne dei ikkje gi.

I desperasjon tok Nina kontakt med NAV. Dei sette ho i kontakt med nokon som leita etter jobb.

– Det var ein vaksen mann som hadde null erfaring frå gardsdrift. Den første dagen han var her tenkte eg at han ikkje kom til å tørre å gå inn i fjøset for å moke møkk.

Mannen var polsk og snakka ikkje norsk, men gjennom google translate kommuniserte dei.

– Han gjorde mykje meir enn eg forventa. Eg blei veldig imponert!

Sjølv om dei fekk det til å fungere blei det ikkje mykje tid til å la beinet gro for Nina. Den uerfarne avløysaren trong mykje rettleiing og hjelp, og Nina måtte stadig ut i fjøset.

– Til slutt sa dei på sjukehuset at eg risikerte å bli permanent halt dersom eg ikkje sat meg ned og lét beinet gro.

Geitebukk i fjøset

Gjelsvik har både kyr, geiter og sauar. Dyra treng dagleg stell.

Foto: Henning Levold

– Grunn til bekymring

Rapporten frå Ruralis viser at rekrutteringa av avløysarar truleg vil minke i åra som kjem. Dette kan få konsekvensar både for den enkelte bonde og for landbruket.

– Bønder ønsker som alle andre fri frå jobben sin frå tid til anna. Dersom dei ikkje får det, vil det gå utover livskvaliteten og helsa til bøndene. Og i ytste konsekvens også dyra, seier seniorforskar Egil Petter Stræte.

I tillegg påpeiker rapporten at dårleg tilgang på avløysarar kan svekke rekrutteringa til jordbruket.

– Blir situasjonen meir kritisk, vil det på sikt bli enda mindre attraktivt for gardbrukarar og unge å ta over gardar og drive jordbruk. Det er ei bekymring for heile matproduksjonen.

Fire geiter

Forskarane fryktar mangelen på avløysarar vil gjere arbeidsvilkåra til bøndene dårlegare.

Foto: Henning Levold

– Avgjerande med sikkerheitsnett

Bodhild Fjelltveit, andre nestleiar i Noregs Bondelaget, peiker på at tilgang på avløysarar er ein viktig del av sikkerheitsnettet til bonden.

– Bøndene har ansvar for dyra i fjøset heile døgnet, året gjennom. Dersom ein opplever at ein aldri kan ta seg fri eller rett og slett ikkje kan bli sjuk, er det ei enorm belastning, seier ho.

Bondegård på Reipå i Meløy.

Noregs Bondelag fryktar færre unge vel å bli bønder dersom avløysarsituasjonen ikkje blir betre.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Fjelltveit peiker på at å styrke bøndenes økonomi vil vere eit av dei viktigaste tiltaka for å forbetre avløysarsituasjonen. Ho får støtte frå forskarane i Ruralis.

– Å vere avløysar er eit lavtlønnsyrke i dag. Vi ser at det kan bli meir attraktivt å arbeide som avløysar dersom lønna blir høgare, seier Stræte.