Rett før sommaren vedtok fylkespolitikarane i Innlandet ein ny ordensregel for å hindre ekskludering.
Vedtaket inneber at det er forbode å gå med symbol og effektar som markerer at du er ein del av ei gruppe eller ein gjeng.
Som russegenserar med logo.
Rikke Skatvedt Engen kom på første skuledag i tredjeklasse på Gjøvik vidaregåande i ein grå genser med namnet «Sosieteten» på ryggen. Ho er ein del av ei russegruppe på 20 personar.
– Eg skjønar at folk kan meine at det er ein påminning om at du ikkje er med i ei gjeng, men det er ganske mykje anna ein kan starte med før dei genserane her, synest jo alle vi, seier Skatvedt Engen.
Russejentene meiner ein må få gå kledd som ein vil. – Det blir jo litt det same som handballklede og fotballklede. Gjøvik handballklubb til dømes. Det er ikkje noko vedtak om at det ikkje er lov til å gå i det, seier Rikke Skatvedt Engen.
Foto: Roar Andre Berntsen / NRKTiltak i russetida
Fylkesordførar Thomas Breen (Ap) la ikkje skjul på at det var nettopp russefeiringa ein ønskte å avgrense med vedtaket som kom i juni.
Han seier det ikkje var heilt uventa at det kom til å komme protestaksjonar på første skuledag.
Fylkesordførar Thomas Breen er ikkje overraska over reaksjonane. Men er klar på intensjonen med regelverket: – Å unngå ei ekskluderande russetid. Noreg er det einaste landet i verda som feirar russetid på den måten vi gjer. Det einaste landet som feirar i grupper, og ikkje saman som skule.
Foto: Roar Andre Berntsen / NRK– Samtidig så er det viktig for meg å seie at intensjonen frå vår side med det punktet, for å unngå at vi får gruppeinndelinga på russetid, og vi ser jo skadeverknadar av det. Vi har det godt dokumentert. Eg trur dette kjem til å gå seg til.
Ingen andre fylke enn Innlandet har foreløpig bestemt slike reglar.
Fleire rektorar NRK har snakka med seier dei ikkje veit korleis dei skal handheve forbodet i praksis.
- Regjeringa vil flytte på russetida til etter eksamen. Russ meiner ein heller burde flytta eksamen.
Føler seg ikkje høyrt av politikarane
Forbodet førte til protestar frå mange elevar. Dei meinte dei ikkje hadde blitt teke med på råd. At forbodet var for inngripande og at det heller ikkje ville vere effektivt for å hindre ekskludering.
Det vart starta ei underskriftskampanje for å gjere om vedtaket. På kort tid samla dei inn over 2000 underskrifter.
Rikke Skatvedt Engen på Gjøvik er ikkje ueinig i at ekskludering er eit problem. Men ho meiner dette ikkje er vegen å gå. Ho meiner dei burde blitt spurt før forbodet vart vedteke. Difor deltek ho i protesten.
– Når eg har sendt masse mailar og ringt fleire gonger og ikkje fått noko svar, så blir ein jo veldig sånn; men det gjeld jo ikkje dykk som sit på toppen, det gjeld jo oss som skal gå på den skulen, seier ho.
Emil Benonisen Eriksen og Jakob Ptacek seier dei har vore ein del av ein kompisgjeng sidan barneskulen. I russetida har dei danna gruppa «Stampen», med tilhøyrande genserar, som dei gjerne vil gå med.
Foto: Knut Erik Røsrud / NRKJakob Ptacek og Emil Benonisen Eriksen har vore kompisar sidan barneskulen og er på gruppa «Stampen». Også dei hadde uniformert seg på skulen i dag, noko dei vedgår at var i protest.
Dei trur det kan virke meir utestengande å gå med dyre merke-genserar enn ein russegenser.
– Eg synest ikkje det er så mykje verre å gå med ei «Stampen-zip» enn å gå med ei «Gant-zip» som kostar 2000 kroner. Så er jo det nesten meir utestengande at folk går med dyre klede og får status via det, seier Emil Benonisen Eriksen.
Russegruppa «Stampen» seier det er fleire andre ting ein kan gjere for å betre inkluderinga. Dei foreslår klasseturar og andre sosiale tiltak.
Foto: Knut Erik Røsrud / NRKFylkesordførar, Thomas Breen er ikkje einig i at ikkje ungdommane er inkluderte i avgjerda. Han viser til eit nasjonalt arbeid som har halde på i nokre år, der ungdom frå heile landet har vore med.
– Så har det vore slik at vi i bakkant av vår førsterunde i behandling inviterte ungdomsrådet til å uttale seg. Så kunne ein alltids diskutere om det skulle vore ein breiare medverknad. Men vi har også dokumentasjon over ganske mange år kva ungdommen sjølv meiner rundt ei ekskluderande russetid.
- Men det var fleire enn russen som reagerte på politikarvedtaket. Jussprofessor Hans Fredrik Marthinussen ved Universitetet i Bergen meiner forbodet slett ikkje er lovleg.
Veit ikkje korleis dei skal handheve forbodet
Ungdommane seier dei reknar med å få merknader på skulen i dag, for at dei trassar det vedteke forbodet.
NRK har snakka med ei rekke rektorar i Innlandet, som seier dei foreløpig er usikre på korleis dei skal handheve denne regelen.
Bjørn Madsson er rektor ved Gjøvik vidaregåande skule. Han seier han vil snakke med elevane som kom i russegenser i dag. Men det blir truleg ingen merknader etter dagens protest, slik ungdommane frykta.
Rektor, Bjørn Matsson seier dei har hatt eit godt samarbeid med russen dei siste åra. – Det har vore russestyre i mange år som har hatt stort fokus på inkludering. Og så veit vi at det er mange elevar som kjenner på utanforskap knytt til russetid, seier rektoren.
Foto: Roar Andre Berntsen / NRK– Det står jo at formålet skal vere å hindre ekskludering, og eg kan ikkje påstå at alt er ekskluderande i dag. Så her må vi gå i dialog med elevane, seier han.
Forbodet kom heilt på tampen av førre skuleår. Ifølge Madison er det uklart korleis dei skal handheve dette.
– Vi tenker at her er det nokon som har hatt veldig gode intensjonar, og så er det krevjande å følge det opp i praksis. Her har vi få fasitsvar foreløpig. Eg trur kanskje vi treng dialog med regelgivarane her òg, på kva dei ønsker.
Etter det NRK kjenner til skal rektorane i fylket ha eit møte tidleg i september, der dette blir eit tema.
Dette har fylkespolitikarane i Innlandet ganske låge skuldrer på, seier Thomas Breen. Han seier det tar tid å tilpasse nye verkemiddel. Han har tru på at kvar enkelt skule greier å handtere det sjølv.
– Så er vi no i starten av noko nytt rundt tematikken. Så eg er ganske sikker på at vi i løpet av hausten klarer å finne ein felles multiplum rundt korleis vi skal handtere dette på line med andre ting i ordensreglementet.
NRK har teke kontakt med Udir om kva dei meiner om forbodet og korleis skulane skal handheve dette. Dei har ikkje svart enno.