Hopp til innhold

Drapet i Nord-Odal: Drapssikta mann blir varetektsfengsla i fire veker

Fengslinga blir grunngjeve med fare for øydelegging av bevis. Den sikta mannen nektar straffskuld.

Politiet gjør undersøkelser ved ei adresse i Sør-Odal kommune i forbindelse med drapet på Bård Andre Spildrejorde 14. mars.

UNDERSØKER: Politiet gjorde fleire undersøkingar ved ei adresse i Sør-Odal etter at ein mann i 50-åra vart pågripen onsdag. Mannen er sikta for drapet på Bård André Spildrejorde.

Foto: Mats Sparby / NRK

No vurderer den drapssikta mannen om han skal anke fengslinga.

Det skriv forsvararen hans, John Christian Elden i ein SMS til NRK.

Onsdag vart hans klient, ein mann i 50-åra pågripen og sikta for å ha drepe eller medverka til drapet på Bård André Spildrejorde.

Politiet gjør undersøkelser i hytta der Bård Andre Spildrejorde ble funnet drept 14. mars.

På morgonen fredag 15. mars var politiet med krimteknikarar på plass ved hytta der 44-åringen vart drepen kvelden før.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Spildrejorde vart funnen skoten og drepen i ei hytte i Nord-Odal i midten av mars.

Den drapssikta mannen blir varetektsfengsla i fire veker, med full isolasjon dei første to vekene.

Samtykker ikkje til fengsling

Forsvarar Elden skriv i ein SMS til NRK at hans klient ikkje samtykker til varetektsfengsling.

John Christian Elden

John Christian Elden forsvarar den drapssikta mannen.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Han erkjenner ikkje skuld.

– Vi vurderer i samråd med klient om den skal ankes, eller om politiet skal få etterforske vidare også til hans gunst mens han ikkje kan bli skulda for å øydelegge bevis, skriv Elden vidare.

Drapet i Nord-Odal

Avdøde og den sikta mannen hadde ein relasjon ifølge politiet, men var ikkje i familie.

Politiadvokat Christine Lundstein har tidlegare uttalt til NRK at mannen som er pågripen er noko kjent frå politiet frå før.

Christine Lundstein, politiadvokat Kongsvinger politistasjon

Politiadvokat Christine Lundstein.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Jakta ukjent gjerningsperson

Kort tid etter at Spildrejorde vart funnen død, vart broren til avdøde arrestert og sikta for drapet.

Han nektar for å ha noko med drapet å gjere. Han vart lauslaten etter kort tid, men er framleis sikta.

– Mistankegrunnlaget mot han er svekt, og vi vurderer siktinga fortløpande, sa Lundstein til NRK onsdag.

Politiet og en sporhund gjorde undersøkelser ved ei adresse i Sør-Odal i forbindelse med etterforskningen av drapet på Bård Andre Spildrejorde.

Politiet gjorde fleire undersøkingar ved ein bustad i Sør-Odal der den sikta mannen vart pågripen onsdag denne veka.

Foto: Mats Sparby / NRK

Politiet jobbar ut frå fleire hypotesar, men ein av hovudhypotesane har vore at dei leita etter ein ukjent gjerningsperson.

Mannen som vart arrestert onsdag og nå er varetektsfengsla, blir omtalt av politiet som ein ukjent gjerningsperson.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen