Hopp til innhold

Mann i 30-åra blir lauslaten – mistankegrunnlaget svekka

Etter at ein mann i 40-åra vart funnen død i Nord-Odal i Innlandet blei broren sikta for drap. No blir broren lauslaten, men er framleis sikta for drap.

Politiet har sperret av et område ved Austvatn i Nord-Odal kommune der det ligger flere fritidsboliger.

SPERRA AV: Politiet hadde fredag sperra av eit område i ved Austvatn Nord-Odal kommune der det ligg fleire fritidsbustader. Dette etter at ein mann i 40-åra blei funnen drepen på ei hytte i området.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

– Påtalemyndigheita vurderer at mistankegrunnlaget ikkje er tilstrekkeleg for å attrå varetektsfengsling. Med den oversikta som vi per no sit på, meiner me at mistankegrunnlaget er noko svekka sidan pågripinga.

Det seier politiadvokat Christine Lundstein i ei pressemelding, og informerer om at forsvarar og bistandsadvokat er orientert om avgjerda.

Då naudetatane kom til åstaden, ei hytte ved Austvatn i Nord-Odal i Innlandet, seint torsdag kveld, blei ein mann i 40-åra erklært død.

Broren hadde klokka 23.20 torsdag ringt naudetatane og varsla om ein skadd person. Broren, som er i 30-åra, blei pågripen og sikta for drap.

Han erkjenner ikkje straffskuld.

– Det er ikkje meir sannsynleg at sikta har gjort det, enn at han ikkje har gjort det, seier Lundstein til NRK.

– Riktig vurdering

Ifølge advokat Petter Bonde, nektar den sikta for å ha skote broren. Bonde meiner at politiet si vurdering om å lauslate klienten er korrekt.

– Utifrå bevisbilete så står det fram som meir sannsynleg at det er ein alternativ gjerningsmann som har gjort seg skuldig i drapet enn at det er min klient som har gjort seg skuldig i drapet, seier Bonde.

Politiet melder at det per no er ingen andre som har status som sikta, og at broren til den døde framleis er sikta for drap.

– Han har framleis status som sikta, rett og slett fordi me framleis kjem til å etterforske med føremål om å avklare om han har hatt ei rolle i det som har skjedd, seier Lundstein til NRK.

Har det vore andre personar til stades når hendinga skjedde?

– Per no ønsker me ikkje å gå ut med det me veit rundt hendingsgangen. Det er fordi det er tidleg i etterforskinga, og det er potensielt fleire vitne og eventuelt kan det også vere andre sikta. Me ønsker ikkje at dei skal bli påverka av det som står i media, seier Lundstein.

Les også Drapssiktet mann erkjenner ikke skyld

Politi i Nord-Odal

Etterforskar saka

Politiet melder at etterforskinga av drapet held på for fullt og Innlandet politidistrikt får både teknisk og taktisk bistand frå Kripos.

– Politiet jobbar framleis med kriminaltekniske undersøkingar på åstaden og med å kartlegge avdøde sine bevegelsar og kontaktar i tida før hendinga. Det har vore, og vil bli, gjennomført ei rekke avhøyr og innhenting av digitale spor, seier Lundstein.

Politiet har gjort fleire beslag, men ville verken fredag eller laurdag seie om det var beslaglagt våpen. Dei ville fredag heller ikkje seie om dei var kjent med eit utløysande motiv for det som hadde skjedd.

Lundstein stadfestar at det har blitt tatt innleiande avhøyr av den sikta, og at det blei tatt nytt avhøyr fredag kveld.

– Det er også innhaldet i dette avhøyret som er ein del av den avgjerda som er tatt i dag om at han blir lauslaten, seier ho.

Mannen som vart funnen død vil bli obdusert.

Politi i Nord-Odal

Politiet jobba fredag morgon i og utanfor ei hytte i Nord-Odal der ein mann i 40-åra vart funnen drepen.

Foto: reidar gregersen / nrk

Forstår ikkje kva som har skjedd

Ifølge bistandsadvokat John Arild Aasen forstår faren ikkje korleis dette skal ha skjedd eller at broren skal vere sikta.

Aasen seier faren seier det er heilt utenkeleg at den eine sonen kunne gjere dette mot den andre. Han meiner at dei to var veldig tett på kvarandre og veldig nære kvarandre på alle moglege måtar.

Faren er ikkje kjent med kva brørne gjorde på hytta, og akta ifølge bistandsadvokaten å vere til stades på fengslingsmøte laurdag.

Aasen seier til NRK at han meiner det er heilt riktig av politiet å lauslate den sikta.

– Far har heile tida hevda at dette kan vere uriktig gjerningsmann som er pågripen og sikta i saka. Det kan verke å vere ei riktig utvikling i saka, så han er nøgd med det, seier Aasen til NRK.

Aasen seier faren meiner det må vere nokon alternative gjerningsmenn.

– At broren blir lauslaten kan bety to ting. anten at vilkåra for fengsling er til stades, men det kan også bety at ein ikkje trur at siktinga held. Det betyr igjen at det må vere alternative gjerningsmenn.

Les også Drapet i Nord-Odal: Faren er sjokkert over at sønnen er siktet for brorens død

Politi på plass i Nordodal

Ber om tips

Laurdag opplyser politiet at dersom personar som har opphalde seg i Austvatn i Nord-Odal og har video, så ønsker politiet at dei tar kontakt.

Video kan vere i form av overvakingskamera, viltkamera eller dashbord-kamera i perioden 14. mars frå klokka 18 til ca. klokka 03.00 den 15. mars.

– Me ber også andre som kan ha opplysingar i saka om å kontakte politiet, seier Lundstein.

Politiet har satt opp sperringer rundt et boligfelt i Nord-Odal

Politiet hadde sett opp sperringar rundt eit bustadfelt i Nord-Odal fredag.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK