Hopp til innhold

Berre ei handfull er igjen i kampen om å få batterifabrikk, men alle kan tape

82 kommunar søkte om å få fabrikken som kan skape 2000 arbeidsplassar. Berre nokon få er aktuelle no. Samstundes kjem nyheita om at fabrikken kan hamne i utlandet.

Heggvin i Hamar/Løten

EIN HANDFULL KANDIDATAR: Heggvin i Hamar og Løten er ein av dei potensielle stadane som er vidare.

Foto: Hamar kommune

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Hydro, Equinor og Panasonic har planlagt å bygge ein massiv batterifabrikk i Noreg. Prosjektet kallar dei Joint Battery Initiative.

Ein slik fabrikk skal lage litium-ion-batteri, som er av same type som den i elbilar. Målet med ein slik fabrikk i Noreg har vore å ta eit grønt steg inn i framtida.

Før jul gjekk selskapa ut og bad kommunar og regionar søke om dei ønska fabrikken til si kommune.

Med fabrikken følger mange arbeidsplassar, og 82 kommunar søkte.

I mars var lista korta ned til 20 kandidatar spreidd utover landet:

Berre ei handfull igjen

Dei tre selskapa vil ikkje ut med kor mange kommunar som framleis er aktuelle til å få fabrikken. Dei seier alle dei 20 kandidatane som var igjen har fått e-post med beskjed om dei framleis er aktuelle eller ikkje.

  • Det er ikkje alltid lett å leggje til rette for næringsliv i ein kommune:

Våler kommune i Viken er framleis med. Ein annan kommune som i dag har fått ein telefon om at dei framleis er aktuelle er Hamar. Dei har sett seg ut staden Heggvin, som ligg både i Hamar og Løten.

Svein Frydenlund, som er næringssjef i kommunen seier det er ei gledeleg nyheit.

– Dersom vi får tilbodet vil det sjølvsagt vere ein kjempestor moglegheit for hamarregionen og heile Innlandet.

Dei har også fått beskjed om at fabrikken i staden kan hamne i utlandet.

– Men vi håpar sjølvsagt at eit norskeigd selskap, med sterke norske interesser vil velje produksjonsstad i Noreg.

Også Tysvær og Haugalandet Næringspark har framleis sjansen. Ordførar Sigmund Lier (Ap) er veldig nøgd med beskjeden som kom i dag.

– Dette er ei stor gladnyhet for oss. Både for kommunen, men også for heile regionen. Vi håpar og trur at vi kjem til topps i denne konkurransen, seier han.

NRK har ringt rundt til kommunane som vi kjenner til at har vore aktuelle no. Fire er med i siste runde:

Alle kommunane kan tape kampen

No skal det vere ei handfull aktuelle tomter igjen som svarer på kriteria. Både Hydro og Equinor seier Noreg er godt skodd for å kunne ha ein slik fabrikk.

– Vi trur Noreg har mange føresetnader som må vere på plass for å lukkast. Vi har tilgang til fornybar kraft, ein kompetent arbeidsstyrke og er eit digitalt modent land, seier Anders Hærland i Equinor.

Dei er veldig glade for at såpass mange kommunar har meldt interesse. Likevel seier dei det er sjanse for at ingen av kandidatane i Noreg vinn kampen.

Det er på grunn av Brexit og handelsavtala mellom EU og Storbritannia.

– Dei pålegg ei straffetoll for elektriske bilar som eksporterast frå EU til UK for bilar som har batteri produsert i Noreg. Det gjer det krevjande for bilprodusentar å inngå avtalar.

Det seier Rune Bruøygard, som er ansvarleg for prosjektet i Hydro. Likevel er det framleis håp for dei norske kommunane, seier Hærland i Equinor.

– Vi er tidleg i løpet framleis. Skal vi lukkast med dette er vi avhengig av å finne konkurransedyktige vilkår, seier han.

  • Det er ikkje alltid lett å balansere norske og utanlandske interesser:

– Ikkje det vi håpa på

Blant kommunane som no har fått avslag er Sandnes, Elverum og Gjøvik kommune.

Gjøvik søkte om å få batterifabrikken til Raufoss industripark. Også dei har fått beskjed om at ingen av alternativa dei har spelt inn har blitt valt med vidare.

Øyvind Hansebråten, som er administrerande direktør ved Raufoss Industripark har vore prosjektleiar for desse planane i Gjøvikregionen.

– Det er ikkje den beskjeden vi hadde håpa å få, seier han.

Han seier også at dei har lært mykje i prosessen og ser ikkje vekk frå at det likevel kan vere aktuelt å lage batterifabrikk på Raufoss.

Odd Erling Lange i Elverum vekst seier også at det er synd at dei er ute av planane.

I Sandnes hadde dei også håp om ein slik fabrikk. Men ordføraren seier han har forståing for at dei no har fått nei.

– Det er synd at vi ikkje er med vidare, men vi har full respekt for den vurderinga dei har gjort. Vi ser etter andre moglegheiter til etableringar av enten batterifabrikk eller andre framtidsretta industriar, seier ordførar Stanley Wirak i Sandnes (Ap).

Flere saker fra Innlandet