Det var bror mot bror. AP mot SP.
Nils Kristen Sandtrøen (31) er Arbeidarpartiet sin andrekandidat i Hedmark. Broren, Per Martin (35) er tredjekandidat for Senterpartiet i same fylke.
Dei har begge to kjempa for å komme seg på Stortinget no.
Nils Kristen susa i går kveld inn igjen på Stortinget, Per Martin vann ikkje mandatet. Men han møter etter alt å døme broren på Tinget lell.
For når partileder Trygve Slagsvold Vedum går inn i Regjering så er det Per Martin som møter som fast vara.
Kampen om heimbygda
Veslebroren, Nils Kristenm har vore spent på kven av dei to som vinn veljarane sitt hjarte i heimbygda. Dei har senterparti-ordførar i kommunen.
– Vi er vant med å konkurrere i idretten, men her må vi sjå kven som har vore best å stå på heilt inn til målstreken, sa han tidlegare på kvelden.
Tynset kommune har litt over 5000 innbyggarar, og stemmene er talt opp. Senterpartiet er den klare vinnaren i kommunen med 44,4 prosent oppslutning.
- Her kan du følge med på alle resultata. Og sjekke korleis di kommune har stemt.
– Felles siger
Arbeidarpartipolitikaren må altså sjå seg slått av storebroren sitt parti i Tynset i Hedmark.
– Dei har gjort det veldig godt på Tynset dei siste vala. Så at dei kjem eit godt resultat på dette valet her også er forventa. Så kan det hende han drar nokon stemmer som ein kampkandidat, seier han.
Han seier at stemmene til Tynsetingane tyder på at dei er samde om eit regjeringsskifte.
– Men det vi veit no er at det er eit solid fleirtal for regjeringsskifte. Eg trur dette kan bli ein felles raudgrøn siger.
Og han fekk rett. AP fikk tre mandater og SP to fra Hedmark. AP vann dermed ein ekstra plass.
Storebror Per Martin Sandtrøen er stolt over å gjere det best i heimbygda.
– Slik som tala ligg no, så blir Senterpartiet det største partiet på Tynset. Det er veldig artig. Vi har gjort eit godt val, seier han.
- Senterpartiet sin andrekandidat i Hedmark, har vore mindre synleg i denne valkampen:
Kan bli kollegaer på Stortinget
Nils Kristen Sandtrøen har allereie hatt ei periode på tinget. Han får ei periode til.
No kan altså også storebror bli kollega i hovudstaden.
Slik har mandata fordelt seg i Hedmark foreløpig: