Hopp til innhold

Dei sug safta ut av plantene dine så dei mistar farge. Men kva er det?

Har du blitt hekta på grøne plantar det siste året? Då har du kanskje også lært deg å passe opp for «Trips».

Trips på plante

SKADEDYR: Denne planten er truleg angripen av trips. Om tripsen angrip i store mengder kan den gjere veldig store skader på blad og stilk, fortel insektforskar.

Foto: Thea Marie Lauritzen

Planteinteressa har teke heilt av det siste halvanna året. Det merkar Marie Ballestad Sørensen, som starta ei Facebookgruppe for planteinteresserte for tre år sidan.

Gruppa gjekk frå 5000 til godt over 40 000 medlemmar i løpet av pandemien. Folk postar bilete der kvar einaste dag.

Og eit gjentakande tema: Trips.

– Mange slit med det. Eg vil påstå at vi har minst eitt nytt innlegg per dag som handlar om trips, seier Ballestad Sørensen.

Miniinsekt med sugemunn

Trude Magnussen forskar på insekt hos Naturhistorisk museum. Ho seier trips ikkje er så kjent for alle. Men planteentusiastane har i aller høgste grad fått den med seg.

– Eg trur det er meir kjent der enn for folk elles. Det er få av artane som faktisk kan vere skadedyr. Det er mellom anna dei som trivst godt i drivhus, seier Magnussen.

For «trips» er ikkje eitt insekt, men ei lita gruppe med insekt. Faktisk finst det rundt 150 artar i Noreg. Det er ganske lite, samanlikna med andre insektgrupper, seier ho.

Trips er bitte små, som regel under to millimeter store. Dei er avlange og har sugemunn. Nokon av dei har vengjer med børstar på.

Amerikansk blomstertrips fanget i en dråpe melkesyre på et objektglass

TRIPS: Her ser du illustrasjonsbilete av ein amerikansk blomstertrips, som er fanga i eit objektglas.

Foto: Erling Fløistad / Bioforsk/ Nibio

Dei fleste lever av planter. I naturen er dei viktige som pollinatorar, fortel forskaren. Men ein liten del av dei blir sett på som skadedyr på hageplanter, stoveplanter og i drivhus.

Og dei kan gjere stor skade på blad og greiner når dei kjem i store mengder.

– Dei sug plantesaft ut av cellene på blad og stenglar. Difor vil plantene få lyse flekkar som tørkar etter kvart og blir brune, fortel biologen.

Trips

ANGRIPNE: Desse plantene er truleg angripe av trips.

Trips

ANGRIPNE: Desse plantene er truleg angripe av trips.

Trips

ANGRIPNE: Desse plantene er truleg angripe av trips.

Spreier seg med vinden

Sidan desse insekta er så bitte små, spreier dei seg raskt med vinden. Dei spreier seg også ved import og eksport av planter, og i plantejord.

– Kort generasjonstid gjer at nokon få trips fort kan bli til mange. Når ein plante har berre nokon få trips eller egg er det vanskeleg å oppdage.

Tripsen likar seg veldig godt når det er varmt og tørt. Difor er drivhusplanter spesielt utsett for desse, ifølge Magnussen.

Og kanskje kan du ha sett den i naturen utan å vere klar over det?

– Dei kan ofte sjåast på sommaren inne i kurvplanter, som for eksempel på løvetann. Då kan ein sjå små svarte/brune insekt som gøymer seg innimellom dei gule blomane.

Ein fiende for planteelskarar

Marie Ballestad Sørensen laga gruppa «Grønne stueplanter», for å dele interessa med fleire. Gruppa har verkeleg eksplodert under pandemien, fortel ho.

Marie Ballestad Sørensen frå gruppa "Grønne stueplanter"

PLANTEENTUSIAST: Marie Ballestad Sørensen oppretta gruppa «Grønne stueplanter». Der diskuterer ein planter og får råd frå andre, fortel ho.

Foto: Privat

– Planter har jo blitt veldig trendy nå også. Det er planter i alle interiørbilete og blad. Influencere og kjendisar viser seg med planter i huset sitt, seier ho.

Trips er eit veldig stort tema blant medlemmane, ifølge grunnleggaren.

Marie Ballestad Sørensen fortel at det er såpass mange innlegg om skadedyret på gruppa at folk har begynt å irritere seg over det.

– Men gruppa er jo tenkt til nettopp det å hjelpe kvarandre med å stelle våre eigne planter, seier ho.

Korleis unngå dei?

Insektforskar, Trude Magnussen seier det er lurt å sjekke for skadedyr allereie før du tar med deg den nye planta heim.

Og det er ikkje berre trips som er ein planteentusiast sin store skrekk. Andre vanlege «terroristar» er skjoldlus, mellus, bladlus og spinnmidd.

Men du kan gjere ein del for å unngå at inntrengarane angrip, seier ho.

– Friske planter har betre motstand mot angrep. Så lenge du er flink til å gi planta di næring og vatn så toler den betre angrep.

  • Og når uhellet er ute, finst det heldigvis råd og få. Her er fire tips mot trips: