Hopp til innhold

Fortvila beitekonflikt i hytteområde: Kommunen måtte arrangere «fredsmøte»

Hytteeigarar seier dei er redde for å gå på tur. Bønder seier dei er bekymra for beitedyra sine. Det heile har tilspissa seg dei siste åra.

Kalv på Kvamsfjellet ved Rondablikk

BEITEKONFLIKT: Storfe på Kvamsfjellet beiter ved hyttene. Beitedyr i møte med hyttefolk har vore årsaken til årelange konflikter.

Foto: Åshild Slåen / NRK

Hyttefelta på Kvamsfjellet i Gudbrandsdalen ligg idyllisk til ved inngangen av Rondane. Samstundes som det har blitt meir omfattande hyttefelt, med straum og kloakk, har det også blitt fleire beitedyr.

I lengre tid har det vore spenningar mellom hytteeigarar og gardbrukarar der.

Hytteeigarar meiner dyra er aggressive og i vegen. Bøndene meiner det har blitt kasta stein på kyr, og at sau har blitt jaga vekk frå lamma sine.

Nyleg måtte kommunen arrangere eit fredsmøte grunna at konflikta hadde tilspissa seg.

  • Då ein utbyggar skulle grave ut hyttetomter på Lillehammer, gjekk det ikkje heilt etter planen:

Vanskeleg å finne ei løysing

Kommunedirektør Arne Sandbu i Nord-Fron trur ikkje det eksisterer nokon enkel løysing på konflikten.

Han seier kommunen prøver å halde seg nøytrale og skape ein dialog.

Difor inviterte dei til eit fredsmøte, og har oppretta eit dialogforum.

Arne Sandbu, administrasjonssjef i Nord-Fron kommune

Han påpeiker at Nord-Fron ikkje er åleine om denne problemstillinga. – Alle stader der det er aktivt landbruk og fokus på fritidsbustadar vil det vere slike konfliktar.

Foto: Andreas Skeide / NRK

– Kommunen har sagt ja til hytteutbygging over fleire år, samstundes som vi er for eit berekraftig landbruk. Her er det nokre interessemotsetnader det ikkje går an å prate seg bort frå.

Eystein Brustuen er leiar i Kvamsfjellet Vel og er talsperson for ein del av hytteeigarane. Han er einig i at det er vanskeleg å finne ei løysing alle er fornøgde med og seier det har tilspissa seg.

Diskusjonar har gått føre seg på sosiale medium.

Brustuen seier det ikkje er fullt så konfliktfylt som det kan stå fram der, men at det er folk i ytterkantane på begge sider som skriv ting.

– Frå vår ståstad er det ikkje sau eller møkk på trappa som er det største problemet. Det er tryggleiken når turgåarar og hytteeigarar møter på store flokkar med kjøttfe.

Eystein Brustuen

VANSKELEG Å FØLGJE REGLER: Eystein Brustuen seier det har vore ei endring i kva slags dyr det er på fjellet. Der det tidlegare var mjølkeku, er det no kjøttfe. Dei går med kalv. - Møter du mange av dei på ein gong, hjelp det ikkje å følgje såkalla «kuvettreglar». Eg har prata med folk som har vore ute på trappa til hytta, og blitt jaga inn att fordi ammekua har vore innpåsliten, fortel han.

Foto: privat

Tek avstand frå dyreplaging

Samstundes tek Brustuen og foreininga fullstendig avstand frå plaging av dyr, som bøndene meiner har skjedd.

– Det er ikkje greitt å kaste stein. Eg håpar at vi kan finne ei løysing saman med gardbrukarane, men eg er veldig spent på korleis vi skal gjere det.

Ordførar i kommunen, Rune Støstad, seier både bøndene og hytteeigarane er viktige for kommunen.

Difor vil han ta diskusjonen på eit høgare nivå.

– Det er inga tvil om at det er mange hytter i våre område, og då må vi regulere medvitent ut ifrå det, ved å til dømes fortette hyttefelt, i staden for å byggje over større område, seier Støstad.

NRK forklarer

Kvifor blir det så mykje konfliktar i hytteområde?

Kvifor blir det så mykje konfliktar i hytteområde?

1. Høge forventningar

Hyttekonfliktar utgjer ein stor del av dei sivile sakene rådet behandlar.

Ei av forklaringane er at folk har høge forventningar til korleis ein skal ha det på hytta.

– Ein ser for seg at ein skal leve det gode liv på hytta. Men der nokon ønsker ro, ønsker andre aktivitet. Då kan det bli kryssande interesser, seier Grete Stabekk i Konfliktrådet i Innlandet.

Kvifor blir det så mykje konfliktar i hytteområde?

2. Vi trur at alle ser verda med same auge

Eit grunnleggjande, menneskeleg trekk er at vi trur at alle har like behov. Dette kan skape grobotn for konflikt i hytteområde. Dette er typiske område der heilt ulike behov blandast, som bonden sitt behov for godt beite, og hytteeigarane sitt behov for å halde dyra unna hytteplattingen.

– Vi har lett for å tru at alle har same ønsker og behov, men slik er det jo ikkje. Ein tenker kanskje at det er vond vilje som ligg bak kvifor ein oppfører seg som ein gjer, utan at det er tilfelle. Ofte er ein berre ulike, seier Stabekk.

Kvifor blir det så mykje konfliktar i hytteområde?

3. Tre, dyr og gjerde

Det er ein del tema som går igjen om dei typiske hyttekonfliktane.

Stabekk ramser opp:

  • Gjerde – er det lov/mogleg eller ikkje
  • Tre – skal dei stå eller ikkje
  • Vegrett og vassrett
  • Dyr som gjer skade
  • Grensetvistar
  • Støy og festing
Kvifor blir det så mykje konfliktar i hytteområde?

4. Sterke kjensler og affeksjonsverdi

Mange har hatt hytter i svært mange år, som også ofte har vore knytt til barndomsheim.

Det skaper sterke kjensler, og dermed kan det oppstå konfliktar dersom det kjem endringar i nærområdet til disse hyttene.

Kvifor blir det så mykje konfliktar i hytteområde?

5. Konfliktrådet kan hjelpe

Stabekk seier at dersom nokon har konfliktar i sitt hytteområde, så kan Konfliktrådet vere til hjelp. Enten ved at partane saman tar kontakt, eller ved ein av dem. Då kan rådet kontakte den andre parten. I et møte i konfliktrådet kan begge parter få legge fram sin del av saken, med mål om å komme til ei løysing.

Teknologi kan hjelpe - men kostea for mykje

Ein av bøndene i området er Odd Arne Myromslien. Han har om lag 100 storfe inne på Kvamsfjellet, og prøver ut det digitale gjerdesystemet «nofence».

Dyra blir opplærte til å snu når dei høyrer lydvarselet frå ei bjølle.

– Eg har prøvd det ut med 30 dyr, og det fungerer veldig godt, men var for dyrt i innkjøp og årleg kostnad.

Pelsdyrbonde Odd Arne Myromslien fra Kvam i Nord-Fron

FOR BEITE: Odd Arne Myromslien meiner beiteretten må brukas meir i framtida. – Det gir god dyrevelferd, held naturlandskap ved like, er meir fornybart enn å berre ha dyra på innmarksbeite og det er billigare for oss.

Foto: Even Lusæter / NRK

Han trur at beiteretten vil bli brukt meir i kjøttproduksjon framover, fordi det er ein fornuftig måte å drive på.

Gardbrukaren forstår at folk er redde, men meiner det har meir med kunnskap enn med type ku.

Kva som må skje framover er han tydeleg på:

– Folk må få lov til å gjerde inne eigedomane sine etter kommunen sitt regelverk. Dei må lære seg korleis ein skal oppføre seg rundt kyr, også er det viktig at det ikkje blir meir hytteutbygging.

Ku ser mot hytte på Kvamsfjellet.

KU: Odd Arne Myromslien forstår at folk er redde, men trur det handler om kunnskap. Han seier han har valt å halde kurasa Hereford fordi dei har godt lynne.

Foto: Åshild Slåen / NRK

Fleire planlagde hytter i kommunen

I same kommune, ved fjellbygda Skåbu, er det planlagt fleire hytter. Bønder i dette området reagerer sterkt på det.

– Det er heilt forkasteleg. Hyttebygginga vil øydeleggje for beiting for ku på utmark, og fortrenge sauen, seier Ole Petter Berget, leiar i Nord-Fron bonde- og småbrukarlag.

Ole Petter Berget med sau som nettopp er nede frå fjellet.
Foto: Åshild Slåen / NRK

Familien hans har drive gard i området sidan 1800-talet, og han har både sau og kyr som går i fjellet på sommarstid. Han seier det er avgjerande for landbruket å ha dyra i utmarka.

– Det hadde vore mykje betre å byggje hotell, då kunne vi fått varige arbeidsplassar, og vi ville ikkje hatt dei same konfliktane.

Hytteplanane i Skåbu har vore på høyring. Statsforvaltaren i Innlandet seier utbygginga er for omfattande.

Innspela som har kome under høyringa kjem til å bli sett på, seier Rune Støstad, som er ordførar i Nord-Fron.

Ordfører Rune Støstad
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Hovudregel: Beiting skal vere lov

Beiteretten står sterkt i Noreg. Advokatfullmektig Morten Feiring har arbeidd med mange saker som tek for seg utmark, og seier det mange forskjellige ordningar rundt omkring i landet.

Hovudregelen er at dyra får lov til å beite i utmark.

Morten Heide Feiring, advokatfullmektig i Lund & Co.
Foto: Lund & Co DA

– Det er også avgrensa kor ansvarleg dyreeigar er for skader på eigedomen til andre, dersom dyra har rett til å vere der. Det trur eg kanskje mange hytteeigarar blir overraska over.

Han tilrår å sjekke med kommunen kva reglar som gjeld for å gjerde inne hytteeigedomen, og til ein viss grad innfinne seg med at det kjem til å vere beitedyr i eit hytteområde med beiterett.

  • Synet av den ribba tømmerhytta rysta eigar Evelyn Rudi: