Hopp til innhold

– Mange har nok overvurdert eigne ferdigheiter

Bubil-boomen på norske vegar denne spesielle sommaren har ført til ei stor auke i skadar. – Vi ser kven som er førstegongscamparar, seier bubil-veteran.

skade på bobil

AUKE: Det er blitt fleire skader og uhell på bubilar og campingvogner i sommar.

Foto: McRent Oslo

– Nesten kvar femte bil eg har møtt har vore ein bubil eller bil med campingvogn.

Det seier Reidar Krossøy. Han har køyrt bubil i ti år, og seier han aldri har sett større pågang av bubil- og campingturistar langs vegane enn i sommar.

Han fortel også at han har sett mange nestenulykker, og at han ikkje har opplevd å møte på så mange uerfarne sjåførar som i år.

Krossøy har sett fleire bubilar som står parkert på tvers, sjåførar som rygger alt for langt bak og som køyrer på og sperrar fortau.

Bobil.

ERFAREN: Reidar Krossøy har køyrt bubil i ti år. Han fortel at det er lett å sjå om folk er erfarne eller ikkje.

Foto: Mette Vollan / NRK

– Ein del feilbedømmer

Og det er ikkje berre Krossøy som opplev at bubilturistar er meir uforsiktig i år.

Ei fersk undersøking frå Gjensidige viser nemleg at heile 6 av 10 har opplevd farlege situasjonar fordi bilistar køyrer for sakte.

Mange av dei er bubilar og campingvogner.

Det er også fleire skadar på disse køyretøya enn tidlegare. Der har det nemleg vore ei auke på 20 prosent samanlikna med i fjor.

Bjarne Aani Rysstad, Kommunikasjonssjef skadeforsikring Gjensidige

VIKTIG PÅMINNING: Undersøkinga til Gjensidige er utført ved at selskapet har gått gjennom skademeldingar, og samanlikna med tidlegare år.

Foto: Mats Stordal / Gjensidige

I undersøkinga kjem det fram at kødannelse bak saktekjørende biler, og utolmodige sjåførar som presser seg forbi trass dårleg oversikt, ofte er det som fører til ulykker og farlege situasjonar.

– Ein skal sjølvsagt køyra etter forholda, og ikkje raskare enn ein er komfortabel med i eit stort køyretøy som bubil, men då må ein samtidig vera flink til å få stoppa for å sleppa andre bilistar forbi.

Bjarne Aani Rysstad er kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Han fortel at ein del feilbedømmer bubilen eller campingvogna, noko som også er ein av grunnane til aukinga i skadar i år.

– Mange har nok overvurdert eigne ferdigheiter i eit køyretøy ein gjerne reiser på tur med for første gong, seier Rysstad.

1skade på bobil

FLEIRE SKADER: Ei fersk undersøking frå Gjensidige viser at det har vore 20 prosent fleire skadar på bubilar hittil i år, samanlikna med fjoråret. Skadar bak på bubilen, som her, er blant dei mest vanlege.

Halvparten har kome tilbake med skader

Stian Skaufel er avdelingssjef ved McRent i Oslo.

Han fortel at heile halvparten av bubilane dei har fått inn i dag har kome tilbake med større eller mindre skader.

– Det er skader på spegel, støytfangarar og nokre riper, seier Skaufel.

bobil

SMÅ SKADER: Bubilutleigar Frode Bratlistuen seier at dei har hatt fleire skader på bilane i år.

Foto: Silje Eskeland Bjørkli / nrk

Frode Bratlistuen frå FB Transport, som leiger ut bubilar, melder også om fleire skader enn tidlegare.

Han fortel at bilane blir returnert med ulike typar skader.

– Dei mest vanlege er på kantane bak på bubilen, på støytfangaren og på sykkelstativ som har blitt rygga inn i ein busk eller noko.

– Ser kven som er førstegongscamparar

Den erfarne bubilturisten Krossøy, fortel at han sjølv har vore nære ulykker i år.

Då han kom til eit kryss ved Odda, kom ein bil med campingvogn.

Bilen og vogna kom nærare og nærare bubilen til Krossøy.

– Eg kunne ikkje ha lagt fingeren mellom bilen min og campingvogna. Slike ting er ganske skummelt.

Når han møter andre camparar langs vegen, fortel han at det er lett å sjå om dei er erfarne eller ikkje.

– Vi ser på måten dei bruker bilen på at det er førstegongscamparar. Ein ser det ganske lett.

– Eg synest jo nesten litt synd på dei, seier han.

Reporter i morgensendingen, Karoline Stangenes, får prøve å rygge med en bobil. Hun har aldri gjort det før og er spent på om hun får det til.

NYBEGYNNAR: NRK-reporter Karoline Stangenes får prøve å rygge med ein bubil. Ho har aldri gjort det før og er spent på om ho får det til.

Flere saker fra Innlandet