Hopp til innhold

Eva Beate (45) nådde draumen med nye lunger

HAMAR (NRK): Takka vere ein donor kunne Eva Beate endeleg gå Besseggen. Rekordmange ventar på nye organ og ho oppmodar fleire til å ta eit standpunkt om donasjon.

Eva Beate fikk nye lunger

DRAUM: Eva Beate Galgum har drøymt om å gå Besseggen i fleire år. Med nye lunger frå ein donor greidde ho det.

Foto: Privat

Det er «Donasjonsveka», der Stiftelsen Organdonasjon oppmodar folk til å bli donorar.

Over 500 menneske ventar no i kø for å få nye nyrer, lunger, hjarte og anna. Talet har aldri vore høgare.

At nokon hadde bestemt seg for å gi vekk organ etter døden redda livet til Eva Beate Galgum.

Eva Beate Galgum

NYTT LIV: 45-åringen frå Hamar seier donor-lungene endra livet hennar fullstendig og oppmodar andre til å ta eit standpunkt om donasjon.

Foto: Privat

Draumen om Besseggen

45 år gamle Eva Beate Galgum trur ho er den i verda som har vore aller mest fascinert av denne eggen i Jotunheimen. Ho har sett på bilete, video og drøymt om å ein dag kunne ta turen.

Eva Beate Galgum

LUNGER: Eva Beate Galgum fekk seinskadar av kreftbehandling og trengde nye lunger.

Foto: Privat

Tidleg i 20-åra fekk ho lymfekreft. Etter fleire rundar med behandling vart ho kvitt sjukdommen. Men ho fekk alvorlege seinskadar av behandlinga.

– I løpet av nokon år fekk eg redusert lungekapasitet. I 2014 var det så ille at eg berre hadde rundt 15 prosent lungekapasitet. Eg måtte ha oksygentilførsle døgnet rundt og sat i rullestol, seier Galgum.

Etter nokre veker på ventelista kom telefonen om at ho skulle få nye lunger.

– Det forandra livet mitt fullstendig, seier 45-åringen.

Eva Beate Galgum

GLAD: Etter fleire år, kunne Eva Beate Galgum omsider gå på fjelltur.

Foto: Privat

Saman med søstera gjekk draumen om Besseggen omsider i boks. Eit mål ho nesten ikkje hadde turt å tru på at ho kunne nå.

– Eg tenkte mykje på den som donerte lungene til meg på turen. Følte nesten eg hadde ein minneseremoni over eggen. Eg tenkte at kvart einaste pust her, pustar eg på grunn av dei nye lungene, seier ho.

– Ta eit standpunkt

Undersøkingar Stiftelsen Organdonasjon har fått gjort, viser at rundt 80 prosent av befolkninga er positive til å gi vekk organa sine etter døden. Men mange færre seier det faktisk til sine nærmaste.

– Veit ikkje familien kva den døde ønska så er det opp til dei å ta standpunktet og det er det fleire som synest er vanskeleg.

Det seier Aleksander Sekowski, som er informasjonssjef i stiftelsen.

Aleksander Sekowski, informasjonssjef i Stiftelsen Organdonasjon

BESTEM DEG: Aleksander Sekowski i stiftelsen Organdonasjon, seier det er viktig å snakke med dei nærmaste om du vil vere donor eller ikkje.

Foto: Ingar Sorensen

Det er rekordmange som ventar på nye organ no, og det er fleire grunnar til det, ifølge Stiftelsen Organdonasjon.

– Vi ser at befolkninga blir eldre, det er ulike sjukdommar som fører til organsvikt som aukar, samstundes er det færre dødsfall der organdonasjon er mogleg.

I tillegg er det fleire krav for å faktisk bli donor. Ein må døy av hjerneskade og på eitt av dei 27 donorsjukehusa i landet. Av alle som seier dei vil vere donor er det berre ein halv prosent av dei som faktisk kan bli det i dag.

– Jo fleire som seier ja til donasjon, jo fleire liv blir redda. Éin avdød donor kan redde så mange som sju liv.

Eva Beate Galgum

OPPMODING: Etter å ha fått nye lunger, oppmodar Eva Beate fleire til å snakke med sine nærmaste om organdonasjon.

Foto: Privat

Eva Beate Galgum seier også at det er viktig å snakke om dette i familien. Og bestemme seg.

– Om det er ja eller nei er det same, men eit standpunkt er viktig. Det er dumt om organ går til spele om ein ikkje har teke den praten, seier 45-åringen.