Hopp til innhold

Vil lage nasjonal TV-kanal for utviklingshemma

BØNES (NRK): Dei vil satse nasjonalt, men no risikerer TV Bra i staden å måtte legge ned. – Det kjennest av og til som me er ein byrde for samfunnet, seier reporter Isabel Aanes.

TV BRA-sending

OPPTAK: Reporter Isabel Aanes (t.h) intervjuar gjest Stina Nygård. Hos TV Bra får utviklingshemma tilrettelagde arbeidsplassar innan film- og TV-produksjon.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

I gangen utanfor er lyset sløkt. Det lysande raude skiltet fortel at det føregår sending. Inne i studio på Bønes i Bergen instruerer redaktør Camilla Kvalheim reporter Isabel Aanes.

Sendinga går på nettsida éin gong i månaden, i tillegg til jamlege reportasjeinnslag.

TV Bra blir drive av og for utviklingshemma, med reporterar i Bergen og Florø. Draumen er å utvide frå å dekke Vestlandet til å dekke heile landet.

– Alle må jo få sleppe til i samfunnsdebatten. Det er viktig at folk får sjå ressursane denne målgruppa har, seier Kvalheim.

Men i staden for ekspansjon, risikerer kanalen no nedlegging.

TV BRA-redaksjonen i Bergen

REDAKSJONEN: TV Bra har kontor i Hordaland og Sogn og Fjordane. Her er redaksjonen i Bergen: Prosjektmedarbeidar Eli Kristin Muriaas (t.v.), fotograf og redigerer Jan-Magne Vik Sletten, ansvarleg redaktør Camilla Kvalheim og reporter og programleiar Isabel Aanes.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Mister økonomisk støtte

Kanalen har vore tilknytt Nordnes Verksteder (NV), som tilbyr tilrettelagt arbeid.

Men NV har sagt opp avtalen, fordi dei meiner organiseringa ikkje fungerer når kanalen skal bli nasjonal. TV Bra-leiinga er einige.

Dermed står dei att med 1 million kroner i årlege inntekter frå Extrastiftelsen. Og denne støtta er berre treårig, og går ut i 2019.

– Me må ha minst 6,4 millionar kroner årleg for å drive TV Bra som ein landsdekkande TV-kanal, seier redaktør Kvalheim.

Silje Hjemdal om TV BRA

PRIORITERING: Stortingsrepresentant Silje Hjemdal (Frp) meiner at fleire politikarar må få auga opp for TV Bra.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Vil ha kanalen på statsbudsjettet

BA har tidlegare fortald om nedleggingsfrykta. Dersom TV Bra ikkje får ny støtteordning på plass, risikerer dei å måtte legge ned.

– Eg føler at samfunnet ikkje alltid er interessert i å høyre på oss utviklingshemma, og nokre gonger kjennest det nesten som at me er ein byrde for samfunnet, seier reporter Isabel Aanes.

Ho meiner at det er nettopp grunna dette at TV Bra er så viktig.

I arbeidet med statsbudsjettet for neste år vil stortingsrepresentant Silje Hjemdal (Frp) foreslå støtte til TV Bra.

– Det at ein blir teken på alvor og får fortelja saker med si eiga stemme, gjer dette til eit unikt tilbod, seier Hjemdal.

Special Olympics-deltakar Stine og mora

GJEST: Stina Nygård synest det var stas å vere gjest hos TV Bra. Her er ho saman med mora si, Silje Nygård.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Kan ikkje love støtte

Kulturminister Trine Skei Grande er fan av TV Bra, men kan ikkje love at dei kjem inn på statsbudsjettet.

– TV Bra er ein viktig aktør for å synleggjere personar med utviklingshemming. TV-kanalen bidreg til at utviklingshemma kan få eit meir variert arbeidstilbod. I Granavoll-plattformen har Regjeringa lova at fleire utviklingshemma skal få arbeid, men det er viktig at kommunane også tek ansvar, som til dømes Ski kommune som driv Empo TV, skriv Skei Grande til NRK.

Special Olympics

Kanalen har tidlegare hatt gjestar som noverande statsråd Dag Inge Ulstein, Tale Maria «Helsesista» Engvik og Thomas Numme.

Mellom gjestane i sendinga NRK får følge frå kulissane, er Stina Nygård. Ho er aktuell med deltaking i Special Olympics, der ho er ein av fire symjarar frå Noreg som skal vere med.

Mor hennar Silje Nygård er med som støttespelar. Ho hyller kanalen.

– TV Bra er eit viktig initiativ for dei som treng litt meir støtte når det gjeld å forstå nyhende og det som blir sendt på TV, seier Nygård.