Vil føre farsarven vidare: – Ungdom bryr seg når debatten er god

Frank Aarebrot døydde før han fekk halde sitt livs største foredrag. No skal sonen få unge til å engasjere seg i politikk og demokrati.

Frank Aarebrot

«PRAKTISK DEMOKRATI»: Sonen til Frank Aarebrot, Erik Aarebrot, har oppretta prosjektet «Praktisk demokrati» for å engasjere ungdom i demokratiet.

Foto: Morten Rosenvinge / NRK

Det er berre litt over eit år sidan ein av Noregs mest folkekjære professorar og foredragshaldarar døydde.

Frank Aarebrot engasjerte heile landet i politikk og historie gjennom sine direktesende maratonforedrag på NRK.

27. oktober i fjor skulle Aarebrot verkeleg slå på stortromma, ved å halde foredraget «500 år på 500 minutt», direkte frå Grieghallen.

Aarebrot plakat

PLAKAT: Det var stor interesse for foredraget «500 år på 500 minutt», som skulle markere reformasjonsjubileet.

Foto: Thomas Hellum / NRK

Nytt prosjekt i Aarebrots ånd

Det rakk han aldri før han døydde. Men pågangen til arrangementet var stor, og det vart bestemt at eit overskot på 50.000 kroner skulle gå til noko i Franks ånd.

Sonen Erik Aarebrot har derfor starta ei rekke små prosjekt under namnet «Praktisk demokrati». Han meiner foredraga til faren viser at ungdom kan ha sterk interesse for politikk og historie, så lenge det er godt formidla.

– Det er interesse for å dykke djupt inn i ting, så lenge formatet er lagt opp til at du kan vere med på ei reise for å tileigne deg kunnskap. Folk lyttar når noko er formidla bra.

Erik Aarebrot

«PRAKTISK DEMOKRATI»: Sonen til Frank Aarebrot, Erik Aarebrot, har oppretta prosjektet «Praktisk demokrati» for å engasjere ungdom i demokratiet.

Foto: Ole André Lagmandokk / NRK

Vil ta ungdom på alvor – Det blir for mykje fest og basar

Prosjekta er å utforske nye måtar å drive demokratiundervisning for ungdom på.

Mange av debattane på skulane blir for useriøse, meiner Aarebrot, som tek til orde for å endre strukturen i dagens skuleval.

– Det blir for mykje fest og basar. Ungdomspolitikarar ser på det som si rolle å dra til med dryge utsegner, og komme med lovnader om brus og snop.

Han ønskjer at dei unge blir tatt meir på alvor, og allereie i haust blir det arrangert partileiardebatt på skulen han sjølv jobbar. Både Audun Lysbakken og Jonas Gahr Støre har takka ja til å delta.

– Det finst ein ide om at alt må vere festleg og ungdommeleg, men i realiteten bør det gjerast motsett. Målet er at ungdom skal få eit betre informasjonsgrunnlag. På den måten kan dei ta grundigare og meir reflekterte val når tida faktisk er inne for å stemme, seier Aarebrot.

– Kan bli for flåsete

Leiar i Unge Høgre Hordaland, Tobias Strandskog, stiller seg positiv til Aarebrot sitt prosjekt. Han er samd i at skuledebattar ofte blir for flåsete.

– I staden for å diskutere fakta, tar ein enkelte ting og utsegner ut av proporsjonar.

Strandskog trur ungdom er meir opptekne av enkeltsaker enn partipolitikk. Han meiner debattar om kven som skal gå i regjering med kven er irrelevant for dei unge.

– Unge er meir interesserte i å høyre om til dømes Høgre og Arbeidarpartiet sine ulike meiningar om mellom anna skule- og klimapolitikk.