NRK Meny
Normal

Aarebrot sitt siste verk er klart: – Eit fint punktum

Fredag skulle Frank Aarebrot briljert med sine kunnskapar om reformasjonsjubileet framfor ein fullsett sal i Grieghallen. No er føredraget i staden å lesa i bokform.

Frank Aarebrot foredrag om Norgeshistorien 1814-2014

FØREDRAG ER BLITT BOK: Frank Aarebrot, som døydde 9. september i år, hadde lenge planlagd føredraget 500 år på 500 minutt. Samstundes skreiv han boka «Reformasjonen», som vart lansert onsdag. Her frå 2014, då Aarebrot haldt føredraget 200 år på 200 minutt.

Foto: Heine Aarbø

27. oktober skulle professor og valekspert Frank Aarebrot etter planen halde eit direktesend TV-føredrag om reformasjonsjubileet i Grieghallen i Bergen. Prosjektet 500 år på 500 minutt vart lansert då Aarebrot fylte 70 år i januar.

– Eg skal ta for meg politikk, korleis demokratiet har utvikla seg og kva betydning religion har hatt for samfunnsutviklinga i løpet av 500 år, sa Aarebrot til NRK på 70-årsdagen.

Men slik gjekk det altså ikkje. I september døydde Aarebrot på Haukeland sjukehus.

Onsdag kom boka Aarebrot har skrive om same tema, «Reformasjonen».

– Det kjennest litt som ei andaktsstund, eller som å vere tilbake i barndomsheimen der pappa kom med lange og grundige svar på eit kjapt og greitt spørsmål, seier sonen, Erik Aarebrot.

– Gledde seg veldig

I åtte timar og 20 minutt skulle Aarebrot etter planen prate om reformasjonen. Det som skulle vere det ultimate føredraget vart nærast utseld på ein blunk.

– Pappa gleda seg som ein unge. Han synest det var heilt storvegs kvar gong han kom på ein ny idé til noko han kunne bruke i føredraget. Vi var jo litt bekymra for korleis han skulle klare å få det i hop, seier dottera, Maike Aarebrot Flick.

Maike og Erik Aarebrot

MANGE MINNER: Maike og Erik Aarebrot er glade for at boka til faren vart klar før han gjekk bort. – For oss gir det ei heimekoseleg kjensle å lese boka. Stilte ein pappa eit spørsmål, kom det gjerne eit svar som varte i ein og ein halv time, ler Maike.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Det ville ikkje vore første gong Aarebrot gjorde noko slikt: I 2014 gjekk han gjennom 200 år norsk historie på like mange minutt og i 2016 sende han 227 minutt med amerikansk politikk.

– Han hadde eit stort hjarte for at vitskap og kunnskap skulle delast ut til massane og dei yngre generasjonane. Det som gjorde han unik var at han fekk det til på fjernsyn, og at det var folk som såg på det! Pappa ville surfe på den bølga så lenge folk orka å høyre på, seier Maike.

Eit langt prosjekt

«Reformasjonen», som Aarebrot skreiv saman med Kjetil Evjen, tek for seg ein periode med store omveltingar i Europa.

– Det var ei stor lette at prosjektet dei har halde på med i to år vart ferdigstilt før pappa døydde, seier Maike.

– Med denne boka opplever eg at vi landar, på eit vis. Det er eit ganske fint punktum, vi får på ein måte tatt desse samtalane om det han gjorde og den han var. Eigentleg er det eit 50 år langt prosjekt, seier Erik.

Frank Aarebrots siste forelesning

POPULÆR: Frank Aarebrot var ein populær førelesar blant studentane ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. – Han var heile tida dynamisk og forsøkte å utvikle seg. Han har alltid prata til studentar og den komande generasjonen, så eg likar å tru at studentane vil vidareføre arven, stilen og gemyttet, seier sonen Erik.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

Då det vart kjend at den folkekjære professoren var død, strøyma det på med kondolansar og varme ord. Under bisettinga var kyrkja fullsett.

– At alle har sett så mykje pris på min pappa i ein strikkejakke på fjernsyn, kjennest som ein massiv klem frå heile landet. Det er veldig fint å ta med seg at han har betydd så mykje for mange fleire enn oss, seier Maike.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.