NRK Meny
Normal

Aarebrot (70) skal gje deg 500 år på 500 minutt

70-årsjubilanten Frank Aarebrot bruker bursdagen på å presentera eit nytt spektakulært NRK-prosjekt.

Frank Aarebrot

70 år: Frank Aarebrot starta 70-årsdagen i NRK Hordaland sitt radiostudio, der han blei overraska med kake.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Aarebrot er Noregs mest kjende forelesar, og kanskje den professoren på Universitetet i Bergen som har størst oppmøte på forelesingane sine.

I dag fyller den populære akademikaren 70 år, og nyttar dagen til å presentera eit heilt nytt NRK-sendt prosjekt: 500 år på 500 minutt.

– Ein gleder seg ikkje til ein fødselsdag i min alder. Det er for så vidt ein vanleg dag, men det er forferdeleg mykje bryderi med å byte kontor og sende brev til myndigheitene om pensjonar og skit og lort, seier Aarebrot.

– Skal du gå av med pensjon?

– Det blir eg jo pent nøydd til, men eg håpar å kunne fungere på universitetet på ein eller annan måte.

– Det eg er mest nøgd med gjennom desse 70 åra er nok at eg har fått vere med å bygge opp eit levande statsvitskapleg miljø i Bergen, seier han.

70-årsjubilanten feirer med å presentera eit nytt spektakulært NRK-prosjekt.

Skal fylle Grieghallen

Jubilanten feirar med å lansere det neste store prosjektet: 500 år på 500 minutt, som handlar om reformasjonsjubileet. Forelesninga skal sendast direkte frå Grieghallen 27. oktober.

– Eg startar i 1517, då Luther sette opp sine tesar på kyrkjedørene i Wittenberg, ifølge myten. Eg tek for meg politikk, korleis demokratiet har utvikla seg og kva betydning religion har hatt for samfunnsutviklinga i løpet av 500 år, seier Aarebrot.

Tidlegare har han mellom anna gått gjennom 200 år norsk historie på like mange minutt.

Frank Aarebrot Krig på 200 minutter 2015

#NRKFRANK: Frank Aarebrot gjer i haust retur slik det norske folk har sett han på TV fleire gonger. Her frå 200 år på 200 minutt i 2015.

Foto: NRK

Thomas Hellum, som er prosjektleiar og fotograf i NRK, har laga akademisk sakte-TV med Aarebrot fleire gonger.

– Denne gongen satsar vi på at Frank fyller Grieghallen. Det blir det ultimate foredraget, seier Hellum.

På tur i USA rett før jul fekk Frank spørsmål om det ikkje skulle bli deilig å fylle 70 år. «Du har jo eit liv utanom jobben?» spurde vi. «Nei så pokker om eg har,» svarde Frank.

Thomas Hellum

– Freden står i fare

Aarebrot har allereie planane klare for endå eit prosjekt.

– I 2018 har eg lyst å gjere noko kring freden etter 1. verdskrig, og kva betydning den har hatt for det som har skjedd seinare. Det handlar om den moderne verda som Trump og kompani har så mykje imot.

Frank Aarebrot og Steinar Birkeland

USA: Aarebrot sitt siste NRK-prosjekt var å følge valkampen i USA, her saman med NRK-journalist Steinar Birkeland.

Foto: Thomas Hellum / NRK

70-åringen legg ikkje skjul på at han er uroa for framtida.

– Akkurat no er eg veldig frustrert. Eg opplever at det som alle var einige om, at vi ikkje ville ha 2. verdskrig på ny, igjen kan skje. Lukka grenser og haldningar om at «vårt folk er betre enn alle andre» er farleg. Då er det ikkje lenger grunnlag for fred, seier Aarebrot.

Dersom alle skal bli «great again» på andre sin kostnad er det oppskrifta på krig.

Frank Aarebrot

– Viss du kunne fått kva som helst i bursdagsgåve, kva ville du ønska deg då?

– Eg skulle ynskje at vanlege folk tok til vettet. Som ein bergensk historikar sa ein gong: «I det augneblinken du er meir oppteken av å forakte dei svake enn å kritisere dei mektige, er du i ferd med å undergrave deg sjølv».

Frank Aarebrot om krigen

SAKTE-TV: I 2014 gjekk Aarebrot gjennom 200 år norsk historie på 200 minutt, på direktesendt fjernsyn.

Foto: NRK

Sjå fleire Aarebrot-prosjekt frå NRK:

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.