Etter at Frank Aarebrots bortgang vart kjent, har det strøyma på med kondolansar og gode ord frå politikarar, journalistar og kollegaer over heile landet.
Både statsminister Erna Solberg og Jens Stoltenberg har sendt sine kondolansar på Twitter.
Dei siste åra har Frank Aarebrot vore med på fleire sprø og omfattande stunt saman med NRK. Maratonforedrag, 70-årsfeiring og bilturar i USA har vore ingrediensar i program som har slått godt an hjå tv-sjåarane.
1. 200 år på 200 minutt
Sendinga som for alvor sende Aarebrot heim i stova til alle nordmenn. Frå godstolen på Det Akademiske Kvarter i Bergen, snakka professoren engasjert om nokre av dei aller viktigaste åra i norsk historie.
Programmet frå vinteren 2014 vart svært godt motteke og her kan du oppleve det heile på nytt:
2. Andre verdskrig på 200 minutt
I 2015 var det 2.verdskrig som vart gjenstand for ein lengre utgreiing av Aarebrot. Gjennom 200 minutt trakk han linjer til både før og etter perioden mellom 1940 og 1945, med krigen i Noreg som ein raud tråd.
3. 227 år med presidentar på 227 minutt
I anledning presidentvalet i USA i 2016, drog Aarebrot dei lange linjene i amerikansk historie med eit maratonforedrag på 227 minutt.
Gjennom foredraget fortalde han om alle dei amerikanske presidentane og kvifor amerikanarane stemte som dei gjorde gjennom alle åra.
Nok eit høgdepunkt frå den folkekjære professoren kan du sjå att i sin heilskap her:
4. Roadtrip i USA
Rett etter foredraget om amerikanske presidentar i Bergen, vende Aarebrot nasen mot USA. Med NRK sitt TV-team på slep, køyrde Aarebrot frå Chicago til New York for å ta tempen på den mildt sagt spesielle valkampen mellom Hillary Clinton og Donald Trump.
Alle dei seks episodane finn du NRKs nettspelar her.
5. Frank fyller 70 år
19. januar i år feira Frank Aarebrot 70-årsdagen med å lansere sitt neste store prosjekt. 500 år på 500 minutt, i anledning reformasjonsjubileet. Det skulle etter planen skje på direktesendt TV frå Grieghallen i oktober.
6. Siste forelesning på UiB
24. april 2017 heldt Frank Aarebrot sin siste forelesning ved Universitet i Bergen. Det skjedde i emnet Stats- og nasjonsbygging og vart direktesendt i stort sett alle medier i Bergen.
7. Frank forklarer
Heilt til det siste bidrog Frank Aarebrot med analysar og innblikk. I tida fram mot måndagens stortingsval har Aarebrot gjennom korte videosnuttar i Vestlandsrevyen og på nett gitt forklaringar på småparti, råskapen i valkampen og norske verdiar.
Sonen Erik Aarebrot fortel til NRK i dag at Aarebrot også rakk å gi si stemme ved årets stortingsval før han gjekk bort.
– Han smilte godt då han fekk valkortet sitt og han smilte godt då han fekk gjort si borgarrett. Han fekk verkelig gjere det han elska, heilt til sin slutt.
Den siste «Frank forklarer» vart publisert laurdag kveld. Du kan sjå alle igjen her: