Hopp til innhold

Viktig møte om E39 utsett

Viktig møte om den nye traseen for E39 er utsett. Utolmodige ordførarar håpar på ei rask avklaring.

Ferjefri E39

GIGANTBRU: Kryssing av Bjørnafjorden kan koma til å skje med ei gigantisk bru.

Foto: Statens vegvesen (illustrasjon)

Liv Kari Eskeland

UTOLMODIG: Ordførar Liv Kari Eskeland i Stord seier det hastar med å få ei avklaring frå regjeringa.

Foto: Aleksander Vallestad/NRK

To alternativ er framleis til vurdering for ny ferjefri E39.

Det midtre alternativet over Bjørnafjorden har fått mest støtte, men i teorien er også traseen gjennom Fusa fortsatt aktuell.

Laurdag blei det kjent at regjeringa skal ha bestemt seg for bru over Bjørnafjorden.

I morgon skulle alle ordførarane i Sunnhordland reisa til Oslo saman med representantar for fylkeskommunen for å møta samferdsleministeren.

På grunn av ein møtekollisjon i departementet blei morgondagens møte avlyst.

– No er møtet utsett til fredag i samband med at samferdsleministeren kjem til Hordaland, seier ordførar Liv Kari Eskeland i Stord kommune.

Ho er fornøgd med at møtet ikkje blei utsett med meir enn to dagar.

– Vi ønskjer å få ei avklaring om traseen så snart som mogleg. Det hadde sjølvsagt vore fantastisk å få avgjerda på fredag, men det veit vi ikkje noko om, seier ho.

Planane om trase for ein ny ferjefri E39 har vore greidd ut i Statens vegvesen og drøfta i lokale politiske organ. Både bystyret i Bergen og fylkesutvalet i Hordaland har gått inn for det midtre alternativet.