Hopp til innhold

Vegvesenet endrar praksis: Vil opna opp for gatekunst

Men berre om kunstnarane spør om lov først. – Uaktuelt, seier gatekunstnaren som fekk verket sitt øydelagt.

Seksjonssjef i Statens vegvesen Arild Hegrenæs

VIL SLAKKA PÅ PRAKSISEN: Seksjonssjef i Statens vegvesen Arild Hegrenæs vil opna opp for gatekunst på vegvesenet sine flatar. Men berre om kunstnarane ber om lov på førehand.

Foto: Mette Anthun / NRK

I helga valte Statens vegvesen å gjera ende på kunstverket «Awakening», som sidan mars hadde pryda dei karakteristiske buane under Smørsbroen i Bergen. Verket viste ein sovande baby, som var i ferd med å vakna.

gatekunst

BABYEN SOM ER BORTE: Verket «Awakening» slik det såg ut under Smørsbroen i Bergen.

Foto: NRK
Friele som gatekunst

MÅLA OVER: Også portrettet av borgarmeister Herman Friele, laga av signaturen Dolk, var fjerna av vegvesenet.

Tidlegare har den same etaten måla over eit portrett av tidlegare bergensordførar Hermann Friele under den same brua.

Etter mykje kjeft frå både kunstkjennarar, avismeinarar og politikarar den siste veka, gjer vegvesenet eit forsøk på å komma gatekunsten i møte.

– Til no har me i Bergen hatt ei veldig konsekvens haldning til denne formen for dekorering, om ein kan kalla det for det. No ønskjer me å moderera oss noko, seier seksjonsleiar Arild Hegrenæs i vegvesenet.

Logikken har vore enkel: Alt skal vekk. Uansett.

– Ikkje noko frislepp

Så til endringa:

– Me ser føre oss ei ordning der kunstnarar kan søka om å få dekorera våre veggar, seier seksjonsleiaren.

Så det er ikkje snakk om noko frislepp?

– Me har ikkje tenkt å opna for noko fritt løyve til å måla og grisla på alle våre flater, nei.

Korleis skal de vurdera kven som får sleppa til?

– Me satsar på å ha funne ein måte å gjera dette på i løpet av ein månad, seier Hegrenæs.

– Uaktuelt å be om lov

Gatekunstneren AFK ved Giske ungdomsskole ved Sandnes.

– UAKTUELT: Gatekunstnaren AFK har ikkje tenkt å søka om å få måla i Bergen. Her er han i aksjon for prosjektet Nuart Sandnes Art Trail i Sandnes.

Foto: Anders Fehn / NRK

Det er signaturen AFK som stod bak den sovande babyen under Smørsbroen. NRK møter gatekunstnaren medan han jobbar med eit nytt verk i Sandnes.

Han er lite lysten på å gå med på vilkåra som vegvesenet skisserer, sjølv om han målar på ein godkjend vegg i Sandnes.

– Det er ikkje aktuelt å søka om å mala eit verk i Bergen, seier gatekunstnaren.

Han meiner det bryt mot prinsippa bak gatekunsten å søka om å få måla på offentlege veggar.

– For mange gatekunstnarar er spontanitet og anonymitet viktig. Dette er ein sentral del av kulturen vår. Vegvesenet får ikkje oss til å gje opp dette, seier mannen som ikkje vil visa fram ansiktet framfor kamera.

AFK har tidlegare sagt at han har planar om nye strekar i Bergen.

Kan komma til å måla over på nytt

Seksjonssjefen i Vegvesenet ser helst ikkje at gatekunstnaren prøver seg igjen. Om han ikkje spør om lov først.

– Han må ikkje måla noko nytt utan å gje beskjed til oss, er det kontante svare frå Arild Hegrenæs.

– Eg kan isåfall ikkje garantera at me ikkje ville ha måla over det på nytt.

Seksjonssjefen har ikkje sansen for at gatekunstnarar helst ønskjer å jobba anonymt.

– Om me skal få ei god ordning på dette er me avhengige av at folk kan stå for det dei gjer og ikkje gøymer seg bak hetter og anonymitet, seier Hegrenæs.