Hopp til innhold

Bergen endrar barnehagereglane

Bystyret skrotar reglar som er i strid med barnehagelova. Men barna kan framleis mista barnehageplassen.

Barnehagebarn

LOVLEG ELLER IKKJE?: Jusprofessor Karl Harald Søvig ved Universitetet i Bergen meiner det er usikkert om kommunane har rett til å ta plassen ifrå barna.

Foto: colourbox.com

Jusprofessor Karl Harald Søvig ved Universitetet i Bergen meiner det er usikkert om kommunane har rett til å ta barnehageplassen ifrå barna.

– Det er vanskeleg å vite kva som er riktig svar, for lova seier ikkje noko om dette, seier Søvig.

Karl Harald Søvig

JURIDISK GÅTE: Jusprofessor Karl Harald Søvig ved universitetet i Bergen meiner det er usikkert om kommunane har rett til å ta plassen ifrå barna.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Han har prøvd å sjå nærmare på om kommunane har rett til å ta barnehageplassen ifrå barn av foreldre som ikkje betalar for seg.

Ei juridisk gåte

Etter at NRK i januar avdekka at mange kommunar har hatt ein praksis som er i strid med barnehagelova, har Kunnskapsdepartementet slått fast at barn som har mista plassen har rett på ny plass ved neste opptak.

Om kommunane kan ta plassen i utgangspunktet er framleis ei juridisk gåte, ifølgje Søvig.

– Det ein skal vere klar over og som eg synest ein skal løfte fram, er den belastinga barna får om dei blir oppsagt, for så å bli tatt inn igjen i barnehagen til hausten, som ifølgje departementet dei har eit rettsleg krav på, seier Søvig.

Endrar reglane

Som den første kommunen i landet endrar bystyret i Bergen i dag reglane for å møte dei nye krava.

Jana Middelfart Hoff

ENDRAR REGLANE: Byråd for barnehage og skule, Jana Midelfart Hoff frå Høgre, er stolt over at Bergen er den fyrste kommunen som tar til etterretning dei signala dei har fått.

Foto: Sølve Rydland
  • Kommunen går vekk frå praksisen med at barn kan verta nekta plass om foreldra har gjeld til kommunen.
  • Bystyret understrekar at barna har krav på ny plass innan neste hovudopptak.
  • Etter påpakning frå kunnskapsministeren innfører bystyret ein praksis med at betalingsmisleghaldet må vera vesentleg for at barn skal mista plassen. Dette inneber at foreldra må skulda minst tre månadsrekningar for at barna skal kunna mista plassen.
  • For SFO-plassar vert det framleis stilt krav om at gjelda må betalast ned før barna kan få ny plass.

– Eg er stolt over at vi er den fyrste kommunen som tar til etterretning dei signala vi har fått, seier byråd for barnehage og skule, Jana Midelfart Hoff frå Høgre.

Byrådspartia Høgre og Framstegspartiet fekk støtte frå Venstre, KrF og Byluftlisten. Resten av bystyret ønskjer å gå vekk ifrå ordninga med plassoppseiing.

– Det er forskjellige juridiske oppfatningar. Barnehageretten står veldig sterkt og det skal den gjere, men likevel så er barnehage ei teneste ein betaler for, seier Hoff.

– Fryktar barn blir kasteball

Pål Hafstad Thorsen frå Arbeidarpartiet meiner omsynet til barna og den juridiske gråsona må tyde at barna ikkje lengre kan mista plassen.

– Plassoppseiing er noko som rammar barna og ikkje foreldra. Arbeidarpartiet fryktar at barn skal bli kasteball i systemet, seier Thorsen.

Karl Harald Søvig meiner Stortinget snarast bør avklara om kommunane kan ta plassen frå barna eller ikkje.

– Eg trur det no er klokt å få ei avgjerd frå lovgivar. For sånn som det er no så kan vi risikere å få forskjellig praksis i ulike kommunar, seier Søvig.