Hopp til innhold

– Heilt urimeleg at elevane må ta att pensum sjølve

Foreldre er uroa for at elevane sjølve får ansvaret for å ta att tapt undervisning etter skulestreiken. – Ikkje alle klarar å hjelpe ungane sine med å ta att det dei mister, seier FAU-leiar.

Margareth Yttredal

– IKKJE ALLE KAN HJELPE UNGANE SINE MED SKULEARBEID: – Det er store skilnadar på folk. For mange er det vanskeleg å ha eit fagleg ansvar for å ta att det som er tapt, seier Margareth Yttredal, FAU-leiar på Møhlenpris skole i Bergen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Når 5500 lærarar i heile landet blir tatt ut i streik frå måndag, vil elevane deira gå glipp av undervisning i deler av kompetansemåla. Det elevane går glipp av, må dei sjølve ta att.

LES OGSÅ: – Må ta att det dei mister sjølve - Hordaland

– Eg kjenner eg blir uroa. Dette er eit altfor stort ansvar for elevar og foreldre, seier Margareth Yttredal, FAU-leiar på Møhlenpris skole i Bergen.

– Eg tenker me ikkje kan godta at det er vårt ansvar. Då må ein gjere noko med eksamen og eventuelt ta bort noko frå den. Det må få konsekvensar for korleis eksamen blir utarbeida.

– Ikkje alle kan hjelpe ungane sine

Svein Heggheim

FELLES EKSAMEN: Skal eksamen endrast som ei årsak av streiken, er det opp til dei sentrale myndigheitene å vurdere det, seier Fylkesdirektør for opplæring Svein Heggheim.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Eksamen er felles for heile landet, seier Fylkesdirektør for opplæring i Hordaland, Svein Heggheim.

– Om eksamen skal endrast er det ei vurdering myndigheitene må gjere sentralt.

Ytterdal som sjølv er lærar, men som ikkje er tatt ut i streik, meiner dette vil gå ut over elevane. Ikkje alle har moglegheiter til å hjelpe ungane sine med å ta att det dei mister, meiner ho.

– Det er store skilnadar på folk. For mange er det vanskeleg å ha eit fagleg ansvar for å ta att det som er tapt.

– Dette vil gå ut over elevane. Spesielt på ungdomsskulen i avgangsfaga. Dei har det travelt nok som det er.

Kjem på bana dersom streiken blir langvarig

Anne-Marit Presterud

KAN KOMME PÅ BANA: – Dersom streiken blir langvarig, vil me som kommune gå inn og sjå på saka, seier Kommunaldirektør for skule i Bergen kommune Anne Marit Prestrerud.

Foto: Ann-Kristin Loodtz

– At foreldra blir meir opptatt av dette ved skulestart, forstår eg, seier Kommunaldirektør for skule i Bergen kommune Anne Marit Prestrerud.

Ho har endå ikkje noko klart svar til dei som vil undervise barna sine sjølve, og skaffe seg oversikt over planar og lærebøker.

– Dersom det skulle bli ein langvarig streik, vil me som kommune gå inn og sjå på dette.

FAU-leiaren seier dei som foreldre får forsøke å gjere det beste ut av situasjonen.

– Me må jo følgje den planen som lærarane har sett opp før ferien. Så får me gjere så godt me kan heime.

LES OGSÅ: Desse skulane blir tatt ut i streik - Hordaland