Måndag blir 5500 lærarar tatt ut i streik frå skular i heile landet. Dei største byane blir hardest råka og i Hordaland vil rundt 900 lærarar i Hordaland blir tatt ut.
Sidan dei streikande lærarane ikkje kjem til å undervise medan konflikten går føre seg, vil elevar gå glipp av undervisning i deler av kompetansemåla. Denne undervisninga får elevane ikkje igjen, seier Fylkesdirektør for opplæring i Hordaland Svein Heggheim.
– Elevane vil måtte tileigne seg denne kunnskapen på eiga hand. Eventuelt kan det bli gitt noko ekstrahjelp i etterkant av streiken.
Det er opp til elevane å passe på at dei har vore gjennom kompetansemåla og er klare til eksamen, seier Heggheim.
LES OGSÅ:
– Alvorleg for elevane
Nestleiar i Elevorganisasjonen i Hordaland, Henrik Drivenes seier det ikkje er enkelt for elevane å tileigne seg kunnskapen dei skal utan lærarane.
– Dette er alvorleg for elevane. Tapt undervisning er tapt læring.
– Elevane må gjere sitt beste for å henge med. Men det er ekstremt vanskeleg å gjere utan læraren. Læraren er like viktig for oss som hammaren er for ein snikkar. Utan hammaren blir det ikkje noko bra byggverk, seier Drivenes.
Han meiner det blir viktig for elevane å snakke med lærarane etter at konflikten er over, for å få hjelp til å ta att det dei har gått glipp av.
Ingen endringar i eksamen
Kor langvarig konflikten mellom KS og lærarane blir, er vanskeleg å vite seier Fylkesdirektøren for opplæring i Hordaland, Svein Heggheim.
– Eg trur ikkje det blir ei veldig langvarig konflikt. Men det er klart, me er nøydd til å vere fleksible i forhold til timetal til undervisning og forholde oss til at nokon ikkje får den undervisninga dei skal ha.
Han understrekar at Fylkeskommunen ikkje har moglegheit til å gå inn og erstatte undervisninga som fell ut på grunn av streiken.
Eksamen elevane går gjennom på slutten av skuleåret skal teste dei i alle kompetansemål. Men sjølv om elevane ikkje har fått undervisning i alle kompetansemåla, blir ikkje eksamen nødvendigvis endra.
–Eksamen er den same for elevar i heile landet. Eksamen vert ikkje annleis for dei som ikkje har fått undervisinga. Om den skal bli det, er det i tilfelle ei vurdering dei sentrale myndigheitene må gjere, seier Heggheim.
– Det forstår me, seier Drivenes. Eksamen må vere lik for alle i landet.
LES OGSÅ: