Hopp til innhold

Ulstein tar gjerne rolla som «raudt alibi» i regjeringa

Han var sentral i å overtyda Knut Arild Hareide om å snu seg mot raud side i rikspolitikken. No går raude Ulstein inn som statsråd i regjeringa Hareide nekta å sitja i.

Utvidet Solberg-regjering

TRE GULE: KrF fekk tre statsrådspostar i den utvida Solberg-regjeringa. Dag Inge Ulstein kjempa på Knut Arild Hariede si side då partiet gjorde sitt retningsval i fjor haust. Nestleiar Kjell Ingolf Ropstad og partileiar Olaug Bollestad fekk med seg fleirtalet.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

I dag gjekk Dag Inge Ulstein ut på Slottsplassen som statsråd i ei historisk fleirtalsregjering på borgarleg side.

Som ein av tre statsrådar frå Kristeleg Folkeparti, får 38-åringen ei viktig rolle i arbeidet med å forsona partiet etter eit turbulent siste halvår.

– Me hadde ein heftig runde i partiet i haust. Men så tok me eit val. Samstundes var me klare på kva politikk me skulle prioritera og kva gjennomslag me måtte ha. Det har me fått, sa den nyutnemnde statsråden under overrekkinga i Utanriksdepartementet tysdag.

Ulstein stod side om side med Knut Arild Hareide før retningsvalet i fjor haust. No har Hareide gått av.

Ulstein kan godt vera det raude alibiet i KrF sin statsrådskabal.

– Om det er det som skal til for å samla KrF og sørga for at me får endå større innverknad på internasjonale saker, så gjerne det. Eg har stor tru på prosjektet.

KRAFTSALVE: Mange av medlemene på den såkalla blå sida i partiet reagerte sterkt på karakteristikken Dag Inge Ulstein nytta for å overtyda medlemene i Hordaland KrF på fylkesårsmøtet.

Var sterk inspirasjonskjelde for Hareide

Ulstein markerte seg under debatten om retningsval som ein av dei sterkaste motstandarane av å gå i regjering med Frp.

I ein flammande tale på fylkesårsmøtet i Hordaland KrF i fjor haust, heldt Ulstein eit innlegg som skapte sterke reaksjonar frå det blå fleirtalet i Hordaland.

– Det er uforståeleg for meg at fleirtalet i denne salen kan freda Sylvi Listhaug, på kostnad av Knut Arild Hareide, sa Ulstein under debatten.

Mannen bak det gulraude byrådssamarbeidet i Bergen var også blant dei sterkaste inspirasjonskjeldene til den no avgåtte partileiaren.

NRK veit at Hareide og Ulstein hadde tett kontakt heilt sidan KrF, Venstre og Arbeidarpartiet gjekk i byråd i Bergen i 2015, og heilt fram til Hareide sin tale til landsstyret i september.

No skal altså Ulstein regjera med Venstre, Høgre og Frp – i ei regjering Hareide nekta å vera ein del av.

– Eg skal gjera det eg kan for å samla partiet. Mange dyktige medlemer har meldt seg ut, og det kjenner eg på. Me er eit sentrumsparti, som er delt omtrent til beinet på midten. Men når gjennomslaga i regjeringsplattforma ligg der, er det riktig å seia ja.

Endringer i regjeringen

REGJERER MED FRP: Dag Inge Ulstein (KrF) har lenge åtvara partiet mot å regjera med Frp. No er han statsråd i lag med mellom andre Harald Tom Nesvik og Jon Georg Dale, begge Frp.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Gjekk av for å jobba utanriks

Under overrekkinga av kontornøklane tok han imot gode råd og ein fotball frå Nikolai Astrup (H).

– Du kjem til å trivast her, Men det er ikkje frå bak ein kontorpult du endrar verda, sa den nyutnemnde digitaliseringsministeren.

Det hadde nok Ulstein allereie tenkt då han i fjor haust bestemte seg for å gå av som finansbyråd i Bergen. Bakgrunnen for valet var eit ønske om meir tid til familie og planar om å driva utviklingsprosjekt i utlandet.

– Var det dette du hadde i tankane då du gjekk av i fjor?

– Nei, det skal eg lova deg. Men det er ein krevjande jobb, så me tok nokre rundar i familierådet før eg takka ja. Tanken var å prioritera annleis, men eg og kona var bestemte på at me ville bruka tid på bistand og utviklingsprosjekt. Det er fantastisk å få vera med og forhåpentlegvis gjera ein skilnad i regjering, seier Ulstein.

Borgarleg – sosialistisk – borgarleg

Ulstein starta sin politiske karriere som byråd for sosial, bustad og områdesatsing i Bergen i 2013. Etter å ha vore politisk rådgjevar for byrådet, tok han over byrådsstolen etter at Lisbeth Iversen trekte seg.

KrF valde allereie året etter å gå ut av byrådssamarbeidet med Høgre, Venstre og Frp.

Brotet i politikken bana vegen for den nye retninga for sentrumspartiet KrF. Som listetopp før valet i 2015, lanserte Ulstein planar for eit samarbeid mot Venstre.

No går han tilbake dit han byrja: på borgarleg side i politikken.

– No er ikkje dette ei regjering eg støttar, men eg kan med glede støtta utnemninga av Ulstein som utviklingsminister, seier byrådsleiar i Bergen, Harald Schjelderup.

Han trur Ulstein har tenkte nøye gjennom valet.

– Så veit eg også at han er ein heilhjarta tilhengar av det samarbeidet me har etablert i Bergen. Eg er sikker på at han vil vera interessert om det skulle dukka opp moglegheita for eit slikt samarbeid også nasjonalt.

Laster innhold, vennligst vent..