Hopp til innhold

Denne skal spå framtidas flaumkatastrofar

Klimaforskarar vil hjelpa kommunane med å spå komande flaumkatastrofar ved å kartleggja flaumdata frå fleire tusen år tilbake i tid.

Klimaforskarar vil hjelpa kommunane med å spå komande flaumkatastrofar ved å kartleggja flaumdata frå fleire tusen år tilbake i tid.

HENTAR PRØVER I ODDA: Geolog og professor Jostein Bakke (t.v.) og Eivind Støren (t.h.) frå Bjerknessenteret for klimaforsking hentar opp prøver.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ved hjelp av slamprøvar frå tre innsjøar i Hordaland håpar forskarar frå Bjerknessenteret i Bergen å teikna eit bilete av korleis flaumar herja på Vestlandet for fleire tusen år sidan.

Testar skal hentast ut i Bergen, på Voss og i Odda. Prøvetakinga er knytt til det såkalla «HordaKlim»-prosjektet, som har sitt utspring i ein trong for truverdige, realistiske og robuste vurderingar av flaumfaren i Kommune-Noreg.

Målet er å skreddarsy klimakart til kommunar, slik at dei kan tilpassa bustadbygging og infrastruktur til store og komande klimaendringar.

– År for år legg det seg eit lag med sediment som reflekterer prosessane som skjer rundt, som breutvikling, ras og flaumar. Vi kan bruka prøvane til å rekonstruera flaumhistoria nærast år for år, fortel geolog og professor Jostein Bakke ved Bjerknessenteret.

Sedimentprøver Sandvinvatnet

SKAL SPÅ FLAUMAR: Desse sedimentkjernane frå Sandvinvatnet i Odda skal hjelpa klimaforskarar å kartleggja flaumdata frå fleire tusen år tilbake i tid.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kalibrerer etter oktoberflaumen i 2014

NRK er med når geologane hentar ut sedimentkjerner frå botslammet i Sandvinvatnet i Odda. Forhåpentlegvis kan dei gi flaumdata frå fleire tusen år tilbake i tid.

Vestlandet har dei siste åra blitt ramma av øydeleggjande flaumar som har rasert nabolag, knust infrastruktur og gitt store utgifter for lokalsamfunn, kommunar, stat og forsikringsselskap.

I 2014 raserte ein 200-årsflaum i elva Opo deler av Odda sentrum. Fundament og grunnmurar vart vaska vekk då eit heilt nabolag vart skylt på fjorden.

– Det har skjedd dramatiske ting på Vestlandet dei siste åra. Me vil bruka 2014-flaumen til å kalibrera. Dei sedimenta som vart avsett då, kan verta ein mal for korleis flaumar bak i tid har blitt avsett, seier Bakke.

Flomdata

GLASSYLINDER: Denne sylinderen skal frakta opp sedimentkjerner frå Sandvinvatnet i Odda. Målet er å finna flaumdata frå fleire tusen år tilbake i tid.

Foto: Tale Hauso / NRK

Auka flaumfare i framtida

Flaumfaren er også venta å auka monaleg i framtida. Fram mot 2100 er nedbøren på Vestlandet venta å auka 15 prosent. I tillegg vil høgare temperaturar gje større mengder smeltevatn.

Målet til klimaforskarane ved Bjerknessenteret er altså å finna ut kor, og kor hardt, den neste storflaumen rammar. Klimaforskar Erik Kolstad meiner kartlegginga vil vera avgjerande for korleis myndigheitene klarar å handtera ekstremvêr og klimatilpassing i framtida.

Som eksempel trekk han fram Voss, der Vangsvatnet trengde inn i det nye kulturhuset under storflaumen for to år sidan, sjølv om bygget vart reist over det som vart rekna som grensa for ein 200-årsflaum.

– Det gjekk berre tre år før kulturhuset vart råka av flaum. I ettertid tenkjer ein at dette vil skje oftare i framtida. Men berre nokre tiår med observasjonar er ikkje tilstrekkeleg til å kunne slå fast når det kjem til å skje, seier han.