Hopp til innhold

Store skadar etter flaumen på Voss

Mange hus og butikkar har fått vatn inn i kjellarane sine på Voss etter flaumen. Ungdomsskulen er stengt, og nokre er enno utan straum. – Det er store skadar, seier ordførar i Voss kommune.

Vann i veibanen. Trailere og biler kjører forbi i Voss ved ungdomsherberget. Foto: Sigbjørn Styve

FORBI SPERRINGAR: E16 var onsdag føremiddag stengt på Voss. Vogntog tok seg likevel forbi sperringane ved ungdomsherberget i Voss sentrum. Foto: Sigbjørn Styve.

SISTE: På Voss har vassverket fått problem etter flaumen, og kommunen innfører kokepåbod av vatn. Vossevangen vassverk reduserer også trykket på deler av leidningsnettet, og vaskemaskinar og oppvaskmaskinar bør ikkje brukast.

Voss ungdomsskule stengt, og 483 elevar er sendt heim.

– Det er framleis mykje vatn. Me hadde ein flaumtopp for Vangsvatnet i natt, rund klokka tolv. No har vatnet byrja å trekke seg litt tilbake, men det er marginalt, seier Hans-Erik Ringkjøb som er ordførar i Voss kommune.

– Det er iallfall ein betre og meir stabil situasjon her på Voss no, seier han.

Utan straum

Kunstgrasbana på Voss

KUNSTGRASBANA: Innsendar av bilete seier det var trist å sjå korleis den nye kunstgrasbana på Voss såg ut etter flaumen.

Foto: Endre Helleve Høyland / 03030-tipsar

Evanger var tysdag utan straum, og mange stader på Evanger var framleis utan straum onsdag morgon. Voss Energi jobba med å få ordna problemet, og dei fleste har fått straumen attende på Evanger rundt klokka 11.00 onsdag.

På Mykkeltveit på Evanger har dei framleis ikkje straum onsdag formiddag, og det er noko som gjeld produksjonsverknaden Eldhus også.

– Det som er utfordringa no er at sjølv om me kan kople inn att straumen, så ynskjer ikkje kunden å ha straumen attende før dei har tatt ein sjekk av sitt eige elektriske anlegg, seier Per Berge som er marknadssjef i Voss Energi.

– Det har gjerne vore mykje vatn inne i hus som har dekka sikringsskap med meir, og eg oppfordrar om å sjekke anlegga i desse husa, seier han.

Stengde vegar og stengt skule

Gangbrua som går over elva på Voss, Tintrabrua, vart tysdag rive vekk av elva. Langabrua var stengt tysdag kveld, men er open att onsdag morgon. E16 er open frå Voss til Borlaug.

Bergensbanen er stengt på ubestemt tid, og det same gjeld Flåmsbana. Mellom Bergen og Voss går det lokaltog til Dale, og frå Dale til Bulken går det buss. Derifrå kan ein ta tog inn til Voss sentrum.

Evanger skule og Evanger barnehage er stengt onsdag.

Voss Kulturhus med kino, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek vil vera stengt inntil vidare, det same gjeld Voss Idrettshall.

Sprang med bøtter

Naust under vatn i Evanger

UNDER VATN: Eit naust og ein båt låg tysdag under vatn i Evanger-området.

Foto: Torfinn Aase / 03030-tipsar

Fleire hus på Evanger og i Haugamoen på Voss har fått vatn inn kjellaren. Bjørn Tore Suhr bur i Tverrvegen, og han fekk vatn inn i to kjellarleilegheiter i huset sitt.

– Me klarte å halde vatnet på golvnivå. Det rann ut frå badet, og inn gangen og inn på soveromma, seier Bjørn Tore Suhr.

Dei fekk ein bil med pumpe til å få ut vatn frå den eine leilegheita, og vatnet der nådde ikkje høgare enn fire centimeter.

Naust under vatn i Evanger

UNDER VATN: Eit naust og ein båt under vatn i Evanger.

Foto: Torfinn Aase / 03030-tipsar

Suhr seier dei tre studentane som bur i den andre leilegheita gjorde ein god innsats for å minske vasskadane.

– I den andre leilegheita bur det tre studentar som fekk med ein 8–10 personar som sprang og fekk ut vatn med bøtter. Dei plugga igjen slukane med handklede, henta tunge skiferblokker dei la oppå, og så bar dei ut vatn. I den leilegheita kom ikkje vatnet høgare enn til dørstokknivå, seier Suhr.

– Skadane hadde blitt mykje verre om ikkje desse personane hadde sprunge med bøtter. Dei gjorde ein fantastisk innsats, seier han.

Saka held fram under biletgalleriet.

– Store skadar

Mellom anna Minigolfen Pub og Café, Voss Camping, Park Hotel og kulturhuset på Voss fekk vatn inn i bygga sine.

– Det er store materielle skadar langs heile vassdraget frå Vangsvatnet og nedover, seier ordføraren i Voss kommune, Hans-Erik Ringkjøb.

– Me må no bruke morgontimane til å få oversikt over desse skadane, men me veit at det er store betydelege skadar, seier han.

Lokalavisa nede

Redaktør Elin Madsen i oversvømmede lokaler

VED INNGANGEN: Redaktør i Avisa Hordaland, Elin Madsen i lokalet til avisa tysdag kveld.

Foto: Ørjan Brattetveit / Avisa Hordaland

I bygget til lokalavisa til Voss og omland, Avisa Hordaland, kom det inn vatn. Serveren til avisa vart tatt ned, og avisa fekk ikkje publisert nyhende.

– Me fekk ein vassinntrenging i bygget her seint i går kveld, og då måtte me ta ned serveren vår og flytte den. Det var eit bevisst val slik at me kunne drifte den i dag tidleg, seier Tron Syversen som er dagleg leiar i Hordaland bladdrift til NRK klokka 9.10.

Elin Madsen i Avisa Hordaland

OPP TIL VINDAUGET: – No skal me vasse ut herifrå og gå og legge oss, seier redaktøren til NRK tysdag natt. Bilete visar vasstanden utanfor redaksjonsvindauget.

Foto: Ørjan Brattetveit / Avisa Hordaland

– Me mista evna til å publisere i går kveld, og har det framleis. Det har me fram til me får godkjent å kunne bruke straumanleggget att, seier han.

Mellom klokka 2.00 og 3.00 natt til onsdag var Syversen og inspiserte avisbygget.

– Då var vasstanden gått attende litt, kanskje nokre få centimeter. Då eg kom attende i sekstida var vatnet vekke, så det var heilt merkeleg kor raskt vatnet trakk seg attende, seier han.

Syversen er usikker på kor store dei materielle skadane i bygget er.

Saka held fram under videoen.

Vossovassdraget flommet over i det som kan bli en 200-års flom. Se NRKs helikopterbilder. FOTO: Christian Kråkenes

VOSS: Tysdag ettermiddag på Voss.

Vatn inn i butikken

Skandinavisk Høyfjellsutstyr har vatn i butikken

VÅTT: Skandinavisk Høyfjellsutstyr har framleis vatn i lokalet.

Foto: Lars Lid Trana

Mange butikkar på Vangen i Voss sentrum har fått vatn inn i lokala sine.

– Vatnet kom ganske heftig opp av toalettet i kjellaren vår, og det fossa godt inn her, seier dagleg leiar i Skandinavisk Høyfjellsutstyr, Arne Moen.

– På det meste hadde me fire pumper gåande, så vatnet gjekk opp til 15 centimeter høgt på det meste seier han.

Skandinavisk Høyfjellsutstyr har vatn i butikken

VATN: Skandinavisk Høyfjellsutstyr har golvet dekka av vatn.

Foto: Lars Lid Trana

Arne Moen har aldri opplevd likande på Voss. Han trur skadane i butikken vil gi store konsekvensar for inntektene.

– Me får nok ein brems for me hadde butikkplan både i kjellaren og på bakkeplan. Me må gjere ein god del med butikken, for alt er blautt, både veggar og teppefliser, seier Moen.

Dei har likevel klart å redde mange av varene sine frå flaumen, då dei bar opp varene så fort lekkasjane vart oppdaga.

– Bøndenes hus, OK Loven, Tvilde fargehandel, og Vekselbanken har alle fått vatn inn i lokala sine, og no før julehandelen startar vil nok dette vere alvorleg for mange, seier Moen.