NRK Meny
Normal

Trur berre eit av fem steinalderminne blir redda

BILDØYNA (NRK): Dei har funne bevart beinmateriale i utgravinga før bygginga av ny Sotrabru. No reknar arkeologane med å få opp berre 20 prosent av alle dei historiske gjenstandane der.

Arkeologi Sotrasambandet

GREV: Arkeologane som grev der Sotrasambandet skal gå finn fleire gjenstandar med historisk verdi. Berre eit av fem minne blir redda, trur no prosjektleiaren.

Foto: Universitetet i Bergen

Den nye vegen mellom Kolltveit i Fjell og Bergen vil komma i konflikt med buplassar frå steinalderen.

No fortel arkeologane at dei ikkje vil få opp alle dei historiske gjenstandane som ligg i jorda som skal gravast opp.

– Me reknar berre med å ta opp cirka 20 prosent av det som ligg her, seier prosjektleiar Leif Inge Åstveit.

Universitetsmuseet i Bergen skal undersøka 12 buplassar i Fjell kommune fram til 1. september 2017. Deretter blir det stopp fram til ny oppstart i april 2018.

På det meste jobbar opptil 20 personar med utgravinga som er eit av dei største prosjekta Fornminneseksjonen ved Universitetsmuseet har hatt ansvar for.

Arkeologi

STORT PROSJEKT: Utgravinga er eit av dei største prosjekta Fornminneseksjonen ved Universitetsmuseet har hatt ansvar for.

Foto: Universitetet i Bergen

Var eit ressurs-optimalt område

Buplassane varierer i størrelse og omfang. Nokre er små som tyder på kortare opphald, mens andre har mektige kulturlag fylt med blant anna reiskapar, noko som tyder på langtidsopphald.

NRK møter prosjektleiar Åstveit og prosjektassistent Christine Tøssebro når dei står ved eit felt som dei kallar for ein stor basis-buplass.

Åstveit fortel at måten jordlaga er danna på i området viser at folk har budd her over veldig lang tid.

– Me kan seia at dette er eit ressurs-optimalt område. Det er berre å gå rett ut til straumen her for å skaffa seg det ein treng for å leva.

Arkeologi1

INSTRUMENT: Arkeologane leiter med både gravemaskin og for hand.

Foto: Universitetet i Bergen

Hentar berre opp 20 prosent

Alle lokalitetane er tilknytt den forhistoriske strandlinja, og buplassane ligg frå 6–20 meter over dagens havnivå.

– Me står ein 11–12 meter over havet, men i eldre steinalder for ca. 7000 år sidan, så låg dette området heilt i strandlinja, fortel Christine Tøssebro.

Arkeologane har laga såkalla søkesjaktar i området for å sjå kor i marka det er mest interessant å grava. På ein så stor buplass er dei nøydde til å gjera prioriteringar.

– Me bruker lang tid i starten, slik at me prioriterer dei rette 20 prosentane, seier Åstveit.

Sotrasambandet

SOTRASAMBANDET: Etter planen skal den nye firefeltsbrua stå klar i 2024.

Foto: Statens vegvesen / Illustrasjon

Har funne beinmateriale

Arkeologane blei ikkje overraska over at det var mykje å finna frå steinalderen i området, men dei har likevel gjort overraskande funn; nemleg bevart beinmateriale.

– Det er ganske uvanleg å finna på Vestlandet. Dette blir som regel brote ned etter så mange tusen år i jorda. Me har funne ganske store mengder brent bein på vest- og austsida av Bildøyna, fortel Christine Tøssebro.

Utgravarane driv formidling på Facebook-sida Arkeologi på Sotrasambandet, kor dei blant anna viser fram funna sine. For dei som er ekstra interesserte blir det open dag på utgravingsområdet 29. august.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.