Hopp til innhold

Byggjer bru til 9 millardar – ventar null trafikkvekst

For første gong trur ikkje Statens vegvesen på trafikkvekst etter opninga av Sotrasambandet.

Sotrasambandet

SOTRASAMBANDET: Etter planen skal den nye firefeltsbrua stå klar i 2024. Etter bompengane trer inn trur ikkje vegvesenet lenger på vekst.

Foto: Statens vegvesen / Illustrasjon

Sotrabrua er det einaste vegsambandet mellom omverda og dei 36.000 innbyggjarane på Sotra og Øygarden.

Men sjølv om ein ventar folkevekst i kystkommunane vest for Bergen, reknar ein ikkje med auka trafikk over sundet når ei ny bru skal stå klar i 2024.

Oljenedturen trekk talet ned

Prognosane i Nasjonal transportplan for 2018–2029 viser ein stadig svakare venta vekst i trafikken i Hordaland, med 1,7 prosent vekst i 2022 mot 1,5 prosent i 2028.

Men for Sotrasambandet ventar vegvesenet for første gong ingen vekst. Sjølv ikkje etter opning.

Vegvesenet støttar eit overordna klimamål om nullvekst i utsleppa. Difor er det bestemt at trafikken i Bergen skal ned ved hjelp av kollektivtrafikk, gonge og sykkeltransport.

– Det er det teke høgd for i utrekningane, seier seniorrådgjevar Helge Oddvin Sandvik i Statens vegvesen.

Det er òg dei usikre utsiktene for næringslivet etter oljenedturen. Redusert produksjon og oppseiing av tilsette fører til ein lågare forventa straum av trafikantar over Sotrabrua, meiner vegvesenet.

– Veksten i trafikken heng saman med den økonomiske aktiviteten, seier Sandvik, som har signert forslaget til utbyggings- og finansieringsplan for Sotrasambandet.

Sotrabrua

NY BRU MOT KØ: Nytt Sotrasamband med ei ekstra og større bru skal knytte vekstkommunane i vest betre til Bergen. No ventar vegvesen ingen vekst.

Foto: Helge Sunde / Samfoto

– Bompengeeffekten i Bergen spelar inn

Dei politiske måla om å redusera personbiltrafikken til fordel for kollektivtilbod, speler òg inn.

– Bomringar verkar dempande på veksten i trafikken, det ser ein allereie på effekten av dei tidsdifferensierte satsane i Bergen, seier Sandvik.

Utrekningane er gjort basert på tal frå dei norske regionale persontransportmodellene (RTM).

– Blir den økonomiske belastninga for stor, vel folk rasjonelt. Sjølv om me kan sjå ei svak trafikkvekst fram mot opning av ny bru, vil den falla vekk så snart dei nye takstane vil byrja gå. Bompengane «stel» veksten frå bruopninga.

Fylkesrådmannen la fredag fram eit forslag med ein kostnad på 49 kroner for personbilar, og 98 kroner for køyretøy over 3,5 tonn, etter anbefalingar frå vegvesenet.

– Byggjer ein nytt kan ein ikkje prisa slik at ein held veksten tilbake. Det blir lite samfunnsnyttig.

Flytebru over Bjørnafjorden, E39

FLYTEBRO OVER BJØRNAFJORDEN MELLOM TYSNES OG OS: Heile prosjektet med ferjefri E39 er venta å kosta 340 milliardar kroner.

Foto: Illustrasjon: Statens Vegvesen

– Blir feil å overføra tala til Hordfast

Bruprosjektet Hordfast skal etter planen erstatta de ferjesambanda over Bjørnafjorden og i 2050 ventar Statens vegvesen 13.000 køyretøy i døgeret.

Det er meir fire gonger dagens trafikk på ferjene. Talet har blitt kritisert for å vera for høgt, blant anna av fylkesmann Lars Sponheim.

I 2015 gjekk trafikken på ferjesambandet ned med 0,1 prosent. Tala for 2016 viser også ein nedgang.

Men Sandvik hevdar nullveksten på Sotrasambandet ikkje kan sjåast i samanheng med trafikkgrunnlaget for Hordfast. Lokale forhold knytt til samferdsleutvikling i Bergen ligg i større grad til grunn for Sotrasambandet, meiner han.

– Sambandet får ein anna type trafikk, med meir gjennomgangsreisande og færre pendlarar. Spørsmålet er kor mykje trafikk me kan forventa frå effekten av fastsamband. Det kjem an på kor høge takstane blir.