Toyota-eigarar blir nedringt av personar som vil kjøpa varebilen: – Heilt ekstremt

Toyota Hiace er på topplista over norske bilar som blir eksportert til utlandet. Stian Ormestad har aldri reklamert for sin Hiace, men blir nedringt.

Stian Ormestad ved sin Toyota Hiace

NEDRINGT: Stian Ormestad får mange telefonar om han vil selje Toyotaen han eig, trass i at han ikkje har reklamert for bilen.

Foto: Vegard Unger Ellefsen / NRK

I Brennpunkt-dokumentaren «Søppelsmuglerne» avslører NRK at bilar fulle av gamalt el-avfall blir sende ut av Noreg på ulovleg vis.

Ved bruk av sporing og omfattande kartlegging har NRK vist at gamle bilar blir kjøpt opp i stor skala i Noreg. På bruktmarknaden i Vest-Afrika går bilane gjerne for det femdobbelte av prisen.

På toppen av det kjem den ulovleg eksporten av el-avfall.

Skjermdump av meldinger som omhandler kjøp av Toyota Hiace

POPULÆR: Hiace-eigar Stian Ormestad har aldri lagt ut bilen sin for sal. Likevel blir han stadig kontakta av ivrige kjøparar.

Foto: Privat / Skjermdump

– Mange gir seg ikkje

NRK sin gjennomgang av avregistrerte bilar viser at i overkant av 24.000 bilar er sendt til afrikanske land dei siste ti åra.

Varebiltypen Toyota Hiace er ein gjengangar. Ein statistikk publisert i Bil24 i august viser at varebilen er den aller enklaste å selja på bruktbilmarknaden.

Det merkar også eigarane av dei 38.463 Toyota Hiace-modellane som er registrerte i Noreg.

NRK har vore i kontakt med Hiace-eigarar frå store deler av landet som blir nedringt av privatpersonar og oppkjøpsfirma. Felles for kjøparane er at dei svært gjerne ønskjer å kjøpa bilen, ofte usett.

Felles for eigarane er at bilen ikkje er til sals.

– Det er faktisk heilt ekstremt. Før fekk eg sikkert eit par førespurnader i veka. Då gjekk eg lei og byrja svara alle med ei standardmelding. Dei siste fire-fem åra har det tatt av, seier Stian Ormestad.

– Eg har til og med vore i kontakt med Forbrukartilsynet om å få reservera meg mot denne type telefonar, men det er håplaust. Framleis er det ti-tolv aktørar som ikkje gir seg.

Toyotaer på henger

ETTERTRAKTA: Tre Toyotaar av modellen Hiace på hengar i Hamburg. Fleire av bilane NRK spora enda opp her før dei blei frakta med båt til Vest-Afrika.

Foto: Christian Zuckmayer / NRK

Sel som drosjar i Etiopia

Larvik Bruktbil Handel figurerer hyppig i innboksen og samtaleloggen til Ormestad.

Dagleg leiar og medeigar Ammar Hindawi avviser på si side at selskapet ringer til vilkårlege Hiace-eigarar.

– Me kontaktar berre personar me har vore i dialog med om eit mogleg kjøp tidlegare, hevdar Hindawi.

Ein av dei andre medeigarane i Larvik Bruktbil Handel har hatt fleire selskap. Han har sjølv personleg eigd svært mange bilar.

Samla er han oppført med 2850 avregistrerte bilar som med stort sannsyn er eksportert til afrikanske land.

Larvik Bruktbil Handel kjøper og sel bilar i Noreg, opplyser Hindawi. Selskapet sel også til eit firma som eksporterer bilane til Etiopia, men eksporterer ikkje sjølve.

– Me sel berre reine bilar. Dei som går til utlandet har ikkje ein gong ekstra dekk. Og slett ikkje el-avfall slik Brennpunkt-dokumentaren viser.

– Hiace er «evighetsmaskiner» og blir ikkje lett øydelagde, seier Hindawi om årsaka til at Hiace er så populær.

22. juni 2017, 16:01

Bruktbilforhandler:
Hei. Sender melding siden jeg ikke fikk kontakt med deg på telefon. Jeg ser du har en toyota hiace varebil. Vi driver litt med varebiler og lurte på om du var interessert å selge den? Mvh NN AS

24. oktober 2017, 11:01

Stian Ormestad:
Slutt og ringe og sende meldinger, vær så snill. Ja, det stemmer. Har en gammel hiace, akkurat EU-kontrollert med null feil og null rust. IKKE TIL SALGS!!!
Bruktbilforhandler:
Ok beklager, men jeg kunne vært interessert å kjøpe din bil. Hvis du ombestemmer deg seinere så kan du ringe meg. Mvh NN AS

20. september 2018, 16:42

Stian Ormestad:
Slutt og ringe og sende SMS er du snill.
Bruktbilforhandler:
Tenkte bare å høre med deg om du var interessert å selge din toyota hiace. Mvh
Stian Ormestad:
IKKE INT!
Bruktbilforhandler:
Ok. Beklager
Toyota Hiace

ETTERTRAKTA: Eigarane av denne Hiace-modellen frå tidleg 1990-talet ønskjer ikkje la seg avbilda med bilen. Fordi den førre blei stolen, fryktar dei at denne får same lagnad. – Me er lei av at folk ringer, seier eigaren til NRK.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Tør ikkje stille – er redd bilen blir stolen

Også eit eldre ektepar i Bergen fortel om enorm pågang. Dei har eigd ein eldre Hiace i mange år og har sett seg leie på rennet av telefonar.

Den førre Hiace-en blei stolen frå ein verkstad. Av frykt for at det same vil skje igjen, ønskjer dei ikkje stilla til intervju.

– Folk ringer heile tida og spør om me vil selja. Det er slitsamt, seier kvinna som eig bilen.

NRK har fått lov til å ta bilete av bilen, under føresetnad av at nabolaget bilen står i blir anonymisert.

Ormestad mistenker at kjøparane hentar ut opplysingar om registrerte Hiace-modellar frå motorvognregisteret. Med registreringsnummeret er det ei smal sak å søka opp eigar.

– Pågangen har blitt verre og verre med åra. For min del har det heldigvis flata litt ut når eg gav beskjed.

Slitte seter i Toyota Hiace

STANDARD: Interiøret på Stian Ormestad sin Toyota Hiace er ikkje av høgaste standard. Det stoppar ikkje interessa for bilen.

Foto: Vegard Unger Ellefsen / NRK

Kjøper 100 Hiace-ar i året

I tretten år har Erik Wasshaug i Lofoten varebil slått seg opp på å kjøpa billege norske varebilar til den afrikanske marknaden. Hiace er blant modellane som skil seg ut.

– Hiace er den mest lettselde varebilen i dei fleste afrikanske land. Bilane har lite elektronikk og er veldig enkle mekanisk, som gjer dei lette å skru på, seier Wasshaug.

Han avtaler kjøp med kjøparar i Nigeria og Etiopia. Desse gjer avtalar med transportselskap som hentar bilane i Noreg.

– Gjennom dei transportselskapa me nyttar, er det knapt lov å ha eit sjokoladepapir i bilen. Eksport av el-avfall og elektronikk har alltid vore ulovleg, og må skiljast frå den lovlege eksporten av bilar, som er god gjenbruk, seier Wasshaug.

Han estimerer at han kjøpar og sel vidare rundt 100 Hiace-ar i året. Dei fleste endar som nyttekøyretøy innanfor persontransport.

Wasshaug meiner talet på aktørar har auka dei siste åra.

– Då me byrja var det lite konkurranse. No har det definitivt kome fleire aktørar på marknaden.

Annonse ønskes kjøpt Toyota Hiace i Stavanger Aftenblad

ANNONSEN: Lofoten varebil kjøper rubrikkannonsar i lokalaviser og annonsar på Facebook. Her frå ei annonse i Stavanger Aftenblad.

Foto: Skjermdump

Lappar på vindauga

På eigedommen i Re i Vestfold står som regel varebilen til Ormestad i eit skogholt. Ein sjeldan gong blir bilen, ein 99-modell, nytta til «sjauing og frakting av skrot».

Men all den tid bilen knapt er på vegen, får ikkje Ormestad fred.

– Det blir lagt lappar under vindaugsviskarar, og eg blir stoppa når eg er ute og køyrer. Stoppar eg på gjenvinningsstasjonen med noko skrot kjem folk bort for å høyra om bilen er til sals. Det er den absolutt ikkje.

Bilen er den tredje Hiace-modellen 42-åringen eig. Den kjøpte han i 2008. Sidan den gong har han opplevd ei eksplosiv interesse. I 2017 skreiv han eit Facebook-innlegg om den ufrivillige interessa.

– At eg konsekvent har svart alle og sagt nei har hatt ein viss effekt. Men seinast denne veka fekk eg ein ny telefon.

Ormestad er ikkje overraska over omfanget i avsløringane i Brennpunkt-dokumentaren.

– Eg har tenkt Afrika-eksport heile vegen, men at det også er snakk om søppeleksport har eg ikkje vore klar over.

Sjå «Søppelsmuglerne» her:

I sidegater i norske byer står gamle biler og fylles med elektronikk. Så forsvinner de. I over et år sporer Brennpunkt bilene, og avdekker en omfattende skjult millionindustri. Det handler om tyveri, trusler og smugling over landegrenser. Og et annet sted bærer noen miljøkonsekvensene.

I over eit år sporar Brennpunkt bilane, og avdekker ein omfattande skjult millionindustri. Det handlar om tjuveri, trugslar og smugling over landegrenser. Og eit anna stad ber nokre av miljøkonsekvensane.