Hopp til innhold

Tidssprekk for Bybanen: Minst 13 år før banen kan gå mot nord

Fersk rapport viser at bybanen kjem i drift til Åsane tidlegast i 2031. Det kan bli vanskeleg å få innbyggjarane til å akseptere at dei må betale bompengar, trur fylkesvaraordføraren.

Bybanen i Bergen på endestoppet

STOPPAR HER I 13 ÅR TIL: Bybanen på endestoppet i Bergen sentrum. Ifølgje den ferske utgåva av «Trafikkplan Bergen» vil ikkje banen kunne køyre vidare nordover mot Åsane før i 2031.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Planen var eigentleg å starte med bygginga av Åsane-banen i 2015, og ha både den og sidan Fyllingsdalen-banen ferdig ti år seinare. Men lang tids bybanekrangel i bergenspolitikken enda med at Høgre-byrådet seint i 2014 kasta om på planane, og gjekk for utbygging mot Fyllingsdalen først.

No syner ein fersk rapport konsekvensane av mellom anna bråket og omprioriteringa:

Bybanen til Åsane sin «mogelege» byggjeperiode kan starta i 2024, og banen kan setjast i drift tidlegast i 2031.

– No skal ikkje eg fordele mykje skuld i dette, men realiteten er jo at Fyllingsdalen fekk «walkover» i høve til Åsane, og der ligg vel mykje av forklaringa, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF).

Partikollegaane hans i Bergen var med på å støtte framlegget om å gå for Fyllingsdalen først. Den ferske rapporten «Trafikkplan Bergen» frå fylkesrådmann Rune Haugsdal, viser at denne delen av bybanen etter planen er klar til bruk i 2021/22.

Pål Kårbø

13 ÅR FRAM: – Eg har rekna på at eg sjølv er nesten 60 år før han er realisert, seier fylkesvaraordførar og nordhordlending Pål Kårbø om bybanen til Åsane.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Seks år etter planen

Altså må ein i nordre bydel vente inntil ti år lenger på den både hylla og utskjelte kollektivløysinga.

I 2011 vedtok politikarane både i Bergen og Hordaland ein ambisjon om å ha bybane til alle bydelar ferdig bygd innan 2025. Allereie seinare same år kom det fram at den truleg kom til å vise seg hakket for optimistisk.

Men sjølv om bybanen til Åsane no kjem tidlegast seks år etter ambisjonen, vil ikkje Kårbø vere kategorisk på at vedtaket var rein utopi.

– Om det var for ambisiøst eller ikkje, vil jo sjølvsagt historia no avgjera, seier han.

Fylkesrådmannen seier løysinga bergenspolitikarane seint i fjor valte for Åsane-banen i Sandviken, med mellom anna å forlenga Fløyfjellstunnelen, også bidreg til utsetting.

– Sluttidspunktet er nok skyvd noko ut i tid. Dette er konsekvensen av å løyse Sandviken på ein god måte, slik bystyret har vedteke, seier Haugsdal.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal

– SLUTTRESULTATET VIKTIGAST: – Sjølv om vi blir noko forseinka på ferdigstilling, så er det jo løysinga totalt sett, som skal stå seg over tid, som er det viktige, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fryktar bompengemotstand

Staten tek minst 50 prosent av kostnadene til bybaneutbygginga, men i «Miljøpakke Bergen» ligg det også inne at mykje skal bli betalt gjennom bompengar.

Kårbø påpeikar at det står eit breitt politisk fleirtal bak «miljøpakka».

Men no fryktar han det vil bli vanskeleg å få innbyggjarane i nordlege delar av Bergen, som altså må vente lenge på bybanen, til å akseptera at dei må punge ut.

Han meiner difor det er viktig å kompensere innkrevjinga med andre mellombelse kollektivtiltak.

– Det er klart dette er veldig krevjande – det har med legitimiteten til heile spleiselaget å gjere. Når vi legg ein belastning på heile byen i form av bompengar, er det viktig at kvar bydel kjenner at dei blir prioritert i satsinga, seier Kårbø.