Hopp til innhold

Tidlegare ekstremist trur norsk mentorordning kan hindra radikalisering

BERGEN SENTRUM (NRK): Då Alyas Karmani fall utanfor samfunnet, plukka ekstreme grupper han opp. – Det er livsviktig å snakka med ungdom i faresona, seier han.

Alyas Karmani

MENTOR: Alyas Karmani var som ung aktiv i jihadistiske grupper. I dag er han psykolog og imam, og jobbar med å hjelpa ungdommar som har blitt radikaliserte.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Det kan kosta liv ikkje å snakka saman, seier Alyas Karmani frå scena.

Han er ein mann som veit kva han snakkar om. NRK er med når briten fortel historia si for lærarar under eit seminar om radikalisering og ekstremisme i Bergen.

Foreldra til Karmani er frå Pakistan, men han er født og oppvaksen i Bradford i England.

– Uansett kva eg gjorde for å passa inn i samfunnet, følte eg at folk skubba meg unna og såg på meg som ein av «dei andre». Det gjer at ein føler seg bortkomen og sårbar, seier Karmani til NRK.

– Då kjem andre grupper inn og fyller det vakuumet.

Inspirasjon for «bergensmodellen»

Karmani blei med i ei jihadistgruppe i England. For han var utanforskap vegen inn i ekstreme miljø. Karmani jobbar i dag med radikalisert ungdom, og har blitt henta inn som inspirator for mentorar som jobbar med ungdom i Bergen.

– Det å kunna tilby mentorar som kan følga opp personar me er bekymra for, ser me på som eit veldig godt førebyggande tiltak, seier radikaliseringskontakt Pål Tore Haga i Vest politidistrikt.

Bergensmodellen for mentoropplæring (BMO), som skal hindra og førebygga radikalisering og ekstremisme, blei starta året etter at regjeringa i 2015 la fram handlingsplanen sin mot radikalisering og ekstremisme.

Den er eit samarbeid mellom Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging Vest (RVTS Vest), Utekontakten i Bergen kommune og Vest politidistrikt.

Elisabeth Harnes og Pål Tore Haga

UTVIKLA: Elisabeth Harnes (RVTS Vest) og Pål Tore Haga (Vest politidistrikt) har vore med på å utvikla mentorordninga.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Vil reintegrera framandkrigarar

Pårørande, skular eller andre institusjonar sender inn bekymringsmeldingar om personar som er på veg til å bli radikaliserte. Teamet drøftar så sakene, og vurderer om ein mentor er naudsynt.

– Mentorane skal ikkje berre førebygga, men òg reintegrera dei som allereie har vore framandkrigarar i utlandet i til dømes IS eller Al Qaida, fortel leiar Elisabeth Harnes i RVTS Vest.

Etter moskeskytinga i Bærum fortalde NRK at ein medelev av gjerningsmannen hadde varsla folkehøgskulen om ekstreme haldningar.

– Det er eit døme på ein bekymringsmelding me truleg ville ha sett på om me hadde fått den inn hos oss, seier ho.

– Må bygga ein trygg relasjon

Litt av oppgåva til mentorane er å vera ein samtalepartnar og ein støtte.

– Eg følger gjerne personane til ulike avtalar og hjelper dei å komma i kontakt med hjelpeapparat. Eg er fleksibel og tilgjengeleg, og terskelen er låg for å kontakta meg, seier Yngve Berland, koordinator i Utekontakten og ein av dei opplærte mentorane.

Han fortel at han som mentor ofte møter personar som har opplevd å bli svikta av samfunnet og hjelpeapparat.

– Det er heilt avgjerande å bygga ein trygg og god relasjon for å få til ei endring.

Teamet bak mentorordninga

TVERRFAGLEG: Teamet bak mentorordninga meiner det er ein fordel at dei har så mykje ulik kompetanse. Éin av mentorane her Yngve Berland (t.v.), her saman med avdelingsleiar Cecilie Nilsen i Utekontakten, Elisabeth Harnes i RVTS Vest og Pål Tore Haga i Vest politidistrikt.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Håpar på nasjonal suksess

Harnes og kollegaane har fått mykje merksemd for mentorprogrammet. No kan ordninga bli nasjonal.

Alle dei regionale ressurssentera i landet blei i 2015 styrka med midlar frå Helsedirektoratet for å førebygga radikalisering.

– Det er no semje om at bergensmodellen skal prøvast ut som ein nasjonal modell. Me har blitt spurt om me kan laga eit pilotprosjekt for nasjonal opplæring, fortel Harnes.

Alyas Karmani

LYTTAR: Alyas Karmani fortel at ungdom som blir medlem av radikale grupper ikkje alltid er einige i ideologiane. – Det handlar ofte om tilhøyrsle, og at nokon lyttar til dei, seier han.

Foto: Ida Yasin Andersen / nrk

– Veldig viktig

Etter at han braut med jihadistgruppa, har Alyas Karmani blitt både psykolog og imam.

– Eg var med i ekstreme grupper fordi dei gav meg tilhøyrsle og var som ein familie. Det er veldig mektige mekanismar, seier han.

Han meiner ordninga som no blir satsa på i Bergen er livsviktig.

– Me må engasjera folk som er på eit sårbart punkt i livet. Om dei ikkje snakkar med oss, snakkar dei med nokon andre, som kanskje til og med utnyttar dei og drar dei i feil retning, seier han.