Hopp til innhold

Ny undersøking: To av tre meiner debattklimaet har forverra seg

– Hatkriminalitet er heilt spesielt fordi det pregar sjølvbiletet og krenkar den ein er som person, seier Bano Abdulrahman i Bergen moské. Ein fersk Amnesty-rapport viser at debattklimaet er hardare enn ved førre lokalval.

Bano Abdulrahman

ALVOR: Bano Abdulrahman meiner det er på høg tid at muslimfiendtlege haldningar blir tatt på alvor.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Rasistisk hets er det temaet flest melder om i den offentlege samfunnsdebatten, seier kommunikasjonsleiar Sindre Stranden Tollefsen i Amnesty International.

Sindre Stranden Tollefsen

VIKTIG: David Hansen trur det nye studiet vil gjera ein stor forskjell i korleis politiet handterer hatkriminalitet.

Foto: Kyrre Lien / Amnesty

Amnesty har i ei fersk undersøking kartlagt om nordmenn har opplevd meir hets sidan førre lokalval.

To av tre nordmenn syns den offentlege samtalen har blitt forverra.

– Netthets er det største problemet for ytringsfridomen her i landet, seier Tollefsen.

Han fortel at aukande hets og diskriminering gjer at Amnesty International fryktar at folk trekker seg frå det offentlege ordskiftet.

NRK fortalde tysdag om SV-politikar Camilla Ahamath som blei kalla «jødehatende rotte» etter at ho stod fram og fortalde om muslimhets.

Hatkriminalitet set kraftigare spor

– Ja, me som ytrar oss i offentlegheita skal tola ein del, men me skal ikkje tola alt. Grensa bør gå ved hatkriminalitet, sa Ahamath til NRK tysdag.

Camilla Ahamath leverer sin anmeldelse mot hets og trakassering

GJEKK TIL POLITIET: Måndag leverte Camilla Ahamath tekstmeldingar og telefonloggar til politiet etter fleire dagar med grov trakassering. – Eg kjem til å melda kvart einaste tilfelle framover, seier SV-politikaren.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

To av tre kvinnelege politikarar fortel at dei har opplevd netthets, viser undersøkinga gjort av Respons Analyse for Amnesty. Mange fortel om søvnvanskar, konsentrasjonsvanskar, angst og depresjonar i ettertid av slike opplevingar.

– Innvandrarkvinner som deltek i politisk debatt er ei spesielt utsett gruppe for hets. Amnesty er bekymra for at desse skal trekka seg frå samfunnsdebatten, seier Hansen.

I rapporten der det blei spurd 1019 personar, kjem det fram at:

  • 65 % meiner det har blitt eit tøffare debattklima sidan førre lokalval.
  • 48 % seier dei ser rasistisk språk. Rasisme er dermed det største enkelttemaet som folk svarer at hetsen handlar om.
  • 55 % seier at dei er bekymra for framtida til lokaldemokratiet.
  • Kvar fjerde har endra åtferd på nett grunna hets.

Rammar hardare

– Hatkriminalitet er svært krenkande, og skjer fordi vedkomande berre er seg sjølv. Det kan til dømes vera at ein er muslim, mørk i huda, homofil eller har nedsett funksjonsevne, seier radikaliseringskontakt Pål-Tore Haga i Vest politidistrikt.

Han viser til ei fersk, britisk undersøking om hatkriminalitet, som seier at hatkriminalitet gir større psykisk og emosjonell belasting i ettertid enn anna kriminalitet. Denne undersøkinga peikar på dei same etterverknadane som i Amnesty si undersøking:

  • 27 prosent av dei undersøkte ofra for hatkriminalitet opplevde søvnvanskar etter brotet, mot 13 prosent av ofre for anna kriminalitet.
  • 36 prosent av ofra leid av angst eller panikkanfall, mot 13 prosent i den andre gruppa.
  • 23 prosent av dei som blei utsett for hatkrim fortalde om depresjon, medan 8 prosent fortalde om det same i den andre gruppa.
    Pål Tore Haga, Vest politidistrikt

    – HATKRIMINALITET ER SVÆRT KRENKANDE: Pål-Tore Haga er radikaliseringskontakt i Vest politidistrikt

    Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

.

Abdulrahman brukte hijab gjennom oppveksten.

– Det hendte at eg ikkje blei inkludert i ting. Det fekk meg til å lura på om det var grunna hijaben og bakgrunnen min. Ein blir kynisk av det, seier ho.

Ho meiner at alle muslimar har opplevd hets i større eller mindre grad.

Nytt politistudium skal stoppa hatkriminalitet

– Litt av utfordringa med hatkriminalitet er å bevisa motivet, og å kjenna igjen kva type kriminalitet det er, seier David Hansen.

Han er ein av dei fagansvarlege på det nye studiet om hatkriminalitet, som Politihøgskolen starta i november i fjor. Til no har dei hatt éi gjennomføring med 20 studentar.

Hatkriminalitet blir ifølge Hansen i norsk kontekst definert som:

«straffbare handlingar som er heilt eller delvis motivert av negative haldningar på grunnlag av etnisitet, religion, homofil orientering, og/eller nedsett funksjonsevne.»

David Hansen, fagansvarleg ved Politihøgskolen

David Hansen - ein av dei fagansvarlege for hatkrimstudiet.

Mørketala er store når det gjeld rapportering av hatkriminalitet nettopp fordi at det kan vera vanskeleg å kjenna igjen, fortel Hansen. Det nye studiet skal gjera politiet betre rusta til å behandla slike saker.

– Det er noko veldig personleg ved hatkriminalitet som råkar ein hardare enn anna kriminalitet, seier Hansen.

– Ikkje nok å vera tolerant

Torsdag førre veke kom nyhenda om at regjeringa skal laga ein nasjonal handlingsplan mot hat og rasisme mot muslimar.

– Det er veldig fint at denne handlingsplanen er komen, men det er veldig leit at det måtte endå ei terrorhandling til. Samstundes er det fint å sjå at andre ser at muslimar blir behandla dårleg, seier Bano Abdulrahman i Bergen moské.

Også stortingsrepresentant Abid Raja (V) meiner at terrorangrepet mot Al-Noor-moskéen i Bærum framskunda ein handlingsplan.

Abdulrahman meiner at terrorhandlinga i Bærum har ført til at fleire andre enn muslimar sjølv ser at muslimhat er reelt.

– Endeleg blir me høyrt, seier ho.

Sjølv om ho opplever at majoriteten av befolkninga er tolerante, meiner ho det likevel er dei ekstreme som ropar høgast.

– Det er ikkje nok å berre vera tolerant. Me treng aktiv deltaking frå majoriteten òg, seier Bano Abdulrahman.