Hopp til innhold

Svir av øyer for å fjerna hata tresort

Staten brukar millionar på å få vekk sitkagrana og andre uønskte plantar. Fredag var dei på ferde med lighter.

Brann Naustøyna

STORBRANN: Røyken frå svijobben i dag kunne sjåast langt av stad. Dette biletet er tatt på Herdla.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Fredag starta Fylkesmannen og Statens naturoppsyn jobben med å kvitta seg med den svartelista sitkagrana, som har overtatt mykje av kysten.

I dag og dei komande dagane skal øyene Store Agnøy og Naustøy, nord for Herdla i Hordaland, bli svidd av.

Først har dei hogga trea ned. No må dei brennast. Ifølge Fylkesmannen i Hordaland er det ikkje mogleg å nytta desse trea til tømmer.

– Vi gjer dette for at fuglane skal få hekka. Her har det vore lynghei før, og no vil vi føra tilbake naturen til slik det var før, seier assisterande miljøvernsjef Stein Byrkjeland hjå Fylkesmannen i Hordaland.

Beitedyra skal inn

Sitkagrana blei innført i Norge på 1950-talet. Mange øyer i skjergarden er blitt dekt av tresorten, spesielt i takt med at beitedyra er forsvunne.

Og beitedyr, som til dømes villsau, må til om ikkje grana skal koma tilbake, seier Byrkjeland.

– Vi har ein interessent her som ønskjer å driva med dyr på øyene, men det er opp til grunneigar korleis dette blir løyst, seier han.

Naustøy

DYRT: Det kostar 200.000 kroner å fjerna sitkagran frå to øyer i Askøy.

Foto: FYLKESMANNEN I HORDALAND

200.000 kroner

I dag byrja dei på Naustøy. Byrkjeland veit ikkje når dei blir ferdig med Store Agnøy.

– Med vêret som er meld, er det ikkje sikkert vi blir ferdige no, seier han.

Å gå så drastisk til verks blir ikkje gjort på alle knausar og nes.

– Det er dyrt, desse to øyene har kosta 200.000 kroner. Derfor gjer vi dette berre i spesielle verneområde, seier Byrkjeland.

Sitkagranbrenning

Brukar over ein million

I 2017 vart det tildelt i overkant av 1 million kroner til uttak av framande treslag i store verneområde, og om lag 3,5 millionar kroner til slike tiltak i mindre verneområde.

– Vi fordelar middel til tiltak i verneområde, deriblant tiltak mot framande treslag. Det er verneområdestyret eller fylkesmannen som vurderer behov for slike tiltak i verneområda, seier seksjonsleiar Finn Katerås i Naturarvseksjonen.

Han seier framande artar er ein av dei største truslane mot verneverdiane i mange verneområde.

– Difor vert dette høgt prioritert i tildelinga av midlar, seier Katerås.