Eimhjellen oppfordrar no til storstilt planting - spesielt i ytre delar av fylket.
- Sitkagrana har den eigenskapen at ho er sterk mot vind, seier Eimhjellen.
Reknar med godkjenning
Sitkagrana er ein raud klut for mange naturvernarar, men Knut Eimhjellen vil sjå meir av den. Den hardføre sitkagrana veks fort og kan bli opp til 70 meter høge.
Eit av problema med grana har til no vore at den ikkje har vore godkjent som tømmer i konstruksjon og kledning. Men nye forsøk i regi av Sogn og Fjordane Skogeigarlag, Skogeigarlag Vest og Skogeigarlag Nord viser at den held dei krava. Arbeidet med å få grana godkjent i ein europeisk standardiseringskomité er godt i gang, og skogeigarlaga forventar eit klart ja frå komiteen seinare i år. Då kan det bli pengar av sitkagrana, trur Eimhjellen.
Miljøkriminalitet
Rune Aanderaa. NRK-arkiv.
Men pengar er ikkje alt, meiner leiar av Samarbeidsrådet for Biologisk Mangfold, Rune Aanderaa. Sitkagrana kjem til å fortrenge all annan natur, fryktar han.
- Det vil vere direkte miljøkriminalitet å halde fram med ei storstilt planting. Det kan vere økonomisk for skogeigaren, men i Sogn og Fjordane er turismen viktigare, og turistane kjem ikkje til fylket for å sjå svarte sitkaskogen, seier Aanderaa.