NRK Meny
Normal

Statsråden: – Imponert over handteringa

Olje- og energiminister Tord Lien er torsdag på synfaring i Odda kommune. – Eg er imponert over lokalbefolkninga, seier han.

Tord Lien

I ODDA: Olje- og energiminister Tord Lien er torsdag på synfaring i Odda.

Foto: Tale Hauso / NRK

John Opdal og Tord Lien i Odda

I ODDA: Ordførar i Odda kommune, John Opdal, og olje- og energiminister Tord Lien i Odda.

Foto: Erling Johnsen / NRK

– Dette gir eit stort og sterkt inntrykk, seier olje- og energiminister Tord Lien.

– Vasskraft er jo ein ressurs som mitt departement normalt jobbar med for å foredle og skape verdiar av, og å sjå korleis desse kreftene kan vere destruktive gir eit sterkt inntrykk, seier Lien.

– Imponert over handteringa

Fleire har mista huset sitt, og 68 personar er evakuert frå området ved Opaelva i Odda. Olje- og energiminister Lien har fått sterke inntrykk i Odda.

– Det gir stort inntrykk, samtidig må eg seie at eg er imponert over korleis lokale krefter saman med nasjonale krefter har handtert denne saka, seier Lien.

– Sivilforsvarssjefen som har stått på og jobba døgnet rundt, er jo og ein av dei som har vore ramma av at huset har blitt tatt av elva. Det er verdt å merke seg at liv ikkje har gått tapt, og ingen har fått alvorlege personskadar, seier han.

Vil hindre meir skader

Olje- og energiminister Tord Lien besøkte de flomrammede i Odda torsdag.

MØTTE OFRA: Olje- og energiminister Tord Lien fekk sjå flaumområda på nært hald torsdag.

Odda kommune vil torsdag gå i gang med fysisk avsperring med gjerde i dei områda som blir permanent avstengt. Dette for å redusere vakthaldet.

Dei vil også lage ny veg til Hjøllo, etter at Hjøllobrua kollapsa. Den nye vegen vil gå på vegen og brua ved smelteverket i Odda.

Tord Lien kjem til Odda

HELIKOPTER: Olje- og energiminister Tord Lien kom til Odda torsdag.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Norges vassdrags- og energidirektorat har vore mobilisert her i denne situasjonen frå byrjinga av, og dei vil også gå i gang med dei tiltaka som må til for at skadane ikkje skal bli større enn det dei er, seier Lien.

– Så må me vera ærlege og seie at denne situasjonen er såpass stor og omfattande at både lokale og nasjonale myndigheiter må jobbe med å sette seg inn i kor stort skadeomfanget er, for det er det for tidleg å seie noko om i dag, seier han.

Etter synfaringa i Odda reiser Tord Lien videre til Lærdal. Avsreise er klokka 11.30.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.