Hopp til innhold

Fleire hundre enno evakuerte på Vestlandet

Etter at flaumen har brote seg gjennom Vestlandet dei siste dagane er framleis fleire hundre evakuerte. Fem hus er rivne vekk, fleire bygder har vore isolerte og mange ventar enno på å få komme heim.

Slik ser det ut i Odda etter flaumen.

Ødeleggelser i Odda av elven Opo

ODDA: Opoelva har skrubba bort grunnen under fleire hus i Odda. Fem hus er heilt borte. Fem til må truleg rivast på grunn av store skader.

Foto: J Haaland / 03030-tipsar

I to døgn har flaumen herja med Vestlandet. Vatnet har røska med seg hus, rive bort bruer og vegar og fleire hundre er evakuerte. Nokre av dei har mista heimen sin, andre veit ikkje når dei får flytte heim eller om dei får flytte heim.

I dag har redningshelikopter henta ut folk som har vore utan vegsamband, isolerte på grunn av vatnet.

Onsdag kveld er vassnivået i ferd med å søkke. Men skadane flaumen har ført med seg kjem til å merkast og vere synlege for folk i lang tid.

LES OGSÅ: «Man kan ikke se at der har vært et nabolag en gang. Alle husene er borte.»

Vannskader i kulturhuset på Voss.Flere hus enn de fem som er tatt av vannet kan ramle ut i Opo i Odda etter storflommen natt til onsdag. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

VOSS: Vatnet har trengt seg inn i kjellarar og oversumt ein fabrikk og fleire butikkar.

Fem hus tatt av elva

I Hordaland har særskilt Odda og Voss fått kjenne på kva skader ein flaum kan føre med seg. I Odda har vatnet greve ut store deler av sentrum, og på Voss har flaumvatnet brote seg inn i kjellarar, knust bruer og vegar.

  • I Odda er 75 personar og 39 bygningar evakuerte, blant dei bustadhus og industribygg.
  • E16 mellom Voss og Bergen har vore stengt, saman med over 30 andre vegar på Vestlandet. Framleis er fleire vegar i Hordaland stengde. Bergensbanen er også stengt.

(Artikkelen held fram under bileta)

Fleire hundre evakuerte

Mange hundre personar er evakuerte frå heimane sine i Sogn og Fjordane sidan flaumen tok til å herje tysdag.

  • Minst ti personar har vore isolerte av flaumen ved Håreina i Aurland. Dei er evakuerte og får tidlegast flytte heim i morgon.
  • I Årdal var 15 husstandar og 25 personar evakuerte. Alle har fått komme heim.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sjå Flåm frå lufta etter flaumen sine herjingar.

SJÅ VIDEO: Flåm frå lufta etter Flåmselvi sine herjingar siste døgnet. Foto/Redigering: Heidi Lise Bakke.

NVE: – Vassføringa er på retur

Måndag varsla NVE flaum og rasfaren i Hordaland på høgaste nivå (nivå 4/raudt). I Sogn og Fjordane blei det varsla til nivået under (nivå tre/oransje). No er vassføringa på retur, og varslingsnivået på heile Vestlandet er på nivå to (gul).

SJÅ: Følg med på vêret på Yr.no sin vêrradar

Ifølgje NVE er det likevel stor vassføring i enkelte vassdrag.

I Vosso nedanfor Vangsvatnet er det venta at vassføringa vil vere nede i eit nivå under middelflaum (gjennomsnittet av den største vassføringa kvart år) i løpet av morgondagen.

I Gaularvassdraget nedanfor Viksvatn kan det ta 3–4 dagar. I vassdraga rundt Aurlandsfjorden og Sørfjorden er det venta at dette skjer i løpet av dagen.