Plattforma er Noregs første «spar»-plattform. Dimensjonane i prosjektet er gigantiske.
Sylinderskroget i stål med plattformdekket oppå er 320 meter høgt frå topp til botn. Plattforma er den største i verda av sitt slag, med sine 70 000 tonn.
Arbeidet med samanstillinga av plattforma har føregått i Digernessundet på Stord sidan i fjor sommar. Men på kvinnedagen tok arbeidarane ein pause og deltok i staden i namneseremonien.
Dåp på kvinnedagen var ikkje tilfeldig vald – plattforma er kalla opp etter kvinnesaksforkjemparen Aasta Hansteen. Ho var den første utdanna kunstmålaren i Norge.
– Det var ei fantastisk oppleving å døype plattforma i dag. Eg kunne ikkje tenkt meg ein betre ting å gjere på kvinnedagen enn dette, seier konserndirektør Margareth Øvrum i Statoil til NRK.
Første plattformsjef
Det kan fint argumenterast med at Øvrum sjølv har vore ei føregangskvinne innan norsk offshoreindustri.
Ho var den første kvinnelege plattformsjefen i Noreg då ho tok over leiinga av Gullfaks A for 26 år sidan.
– Eg har følgt offshore- og plattformlivet i mange år og eg ser med glede på at det er mange kvinner som kjem etter meg, seier Øvrum.
Lang ferd
Både skroget og plattformdekket på Aasta Hansteen vart bygd på verft i Sør-Korea. Så vart delane frakta over 26.000 kilometer over fleire hav til Vestlandet.
På Stord fekk Kværner oppgåva med å setje saman det enorme puslespelet. Plattforma skal pumpe opp gass og kondensat-væske frå Aasta Hansteen-feltet i Norskehavet, vel 300 km vest for Bodø.
Også her er det sett rekordar. Aldri før er det blitt installert utstyr på 1 300 meters djup på norsk sokkel.
Levetid på 25 år – seks år med ressursar
Prosjektleiar Stig-Arne Witsøe i Statoil seier han ikkje har vore med på ein liknande byggeprosess som denne.
Han fortel at plattforma har ei levetid på 25 år, men at det vil ta Statoil berre seks år å henta ut gassressursane i dei åtte brønnane på feltet som vart oppdaga i 1997.
– Då må vi finne nye felt å kople oss til. Det har vi stor tru på at vi skal få til, seier Witsøe.
– Plattforma vil bli ein «hub» for forhåpentlegvis fleire tilknytingar. Vi har allereie bestemt at feltet Snefrid Nord også skal koplast til, seier Øvrum.
– Den skal produsere gass til Europa, som viss gassen erstattar kol i Europa, så er dette eit godt klimaprosjekt, legg ho til.
Skal vidare til Harstad
Tidleg i april vert plattforma slept opp til Sandnessjøen og kopla på havbotnen der. Aastad Hansteen-feltet skal driftast frå Harstad, og helikopterbasen er lagt til Brønnøysund.
Produksjonen skulle etter den opphavlege planen starte i 2017, men vart utsett på grunn av kraftig fall i oljeprisen.
Mot slutten av året startar gassleveransane opp, og parallelt vil det leitast vidare i området for nye utvinningsmoglegheiter.