Hopp til innhold

Sonen følgjer gravinga etter Trine Frantzen: – Veldig kjensleladd

ØVSTTUN GRAVPLASS (NRK): I 15 år har Jørgen Frantzen (28) venta på eit svar på kva som skjedde med mora. I dag var han med då politiet starta gravinga etter liket.

Jørgen Frantzen på Øvsttun gravplass

FØLGJER ARBEIDET: Jørgen Frantzen er sonen til Trine Frantzen. Onsdag følgde han med på politiet sitt gravearbeid på Øvsttun gravplass på Fana i Bergen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Dette er sjølvsagt veldig kjensleladd for meg, seier Jørgen Frantzen til NRK.

Han ynskja å vera til stades på Øvsttun gravplass i Bergen, der politiet onsdag føremiddag er i full gong med å grave etter Trine Frantzen.

Ho forsvann sporlaust i 2004, og forsvinninga er ei av dei store uløyste krimgåtene i Noreg.

Spørsmålet om kva som hendte med ho har prega heile oppveksten til sonen Jørgen Frantzen. No kan familien koma nærare eit svar.

– Eg kjenner på ei blanda frykt. Det bølgar mellom at det ikkje er noko her, og at dei faktisk finn ho. Men eg har lyst til å vere her om politiet gjer funn, seier sonen.

Han set pris på at politiet med graveundersøkingane viser at dei har eit ønske om å finne mora.

Søk etter Trine Frantzen på Øvsttun gravplass

FINKJEMMER: Krimteknikarar og ekspertar frå UiB er med på gravearbeidet. I eit eige telt vert jorda sålda, slik at politiet ikkje skal gå glipp av viktige bevis.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK
Jørgen Frantzen var til stede på Øvsttun gravplass da politiet startet gravingen etter moren Trine.

Jørgen Frantzen var til stede på Øvsttun gravplass da politiet startet gravingen etter moren Trine.

Skal grave 1,5 meter ned

På gravplassen har krimteknikarar og spesialistar frå UiB kledd seg i kvite drakter. Det er sett opp to telt som politiet skal jobbe i.

Skanning med georadar tidlegare i vår har gitt resultat som politiet vil sjå nærare på. Politiet trur det kan vera leivningane etter Frantzen, som forsvann 31 år gamal for 15 år sidan.

Dei neste dagane skal krimteknikarane nytte finmaska reiskap for å grave kring 1,5 meter ned i ei grav.

– Vi kjem til å sålde jorda, slik at vi sikrar oss at vi ikkje går glipp av bevis. Eg håpar vi kan bidra til å gi dei pårørande eit svar og ei grav å gå til, seier politiinspektør Tore Salvesen, som håpar han står framfor eit gjennombrot i den gamle krimgåta.

Søk etter Trine Frantzen på Øvsttun gravplass

TELT: Området der politiet graver er skjult av to telt.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Vil bety mykje

Ferske vitneutsegn og geoskanning har gitt politiet tru på at 31-åringen kan ligga gravlagd i det øvre jordlaget på Øvsttun gravplass i Fana.

Ein teori er at Frantzen kan ha blitt drepen med ein overdose narkotika, og deretter frakta til gravplassen.

Jørgen Frantzen er klar på at det eit eventuell funn vil bety mykje for familien.

– Politiet har vore opne om moglegheita for at dei ikkje gjer funn, så det er vi budde på. Men vi har håp om at vi får ei avslutning og ei grav å gå til. Uvissa om kor ho er vil forsvinne, og då blir det lettare for oss å gå vidare, seier sonen.