Hopp til innhold

Politiet skal grava etter Trine Frantzen på gravplass

Politiet stadfestar at dei skal leita etter levningar etter kvinna som har vore sakna i 15 år.

Georadar på Øvsttun kirkegård

RADARSØK: Politiet har søkt med georadar over fleire graver på Øvsttun gravplass i Bergen.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Politiet i Bergen stadfestar i ei pressemelding fredag at dei vil gjera manuelle søk i jorda på Øvsttun gravplass i Fana.

Gravplassen ligg like ved staden der 31 år gamle Trine Frantzen sist blei sett før ho forsvann i 2004.

– Leitar etter levningar

I april gjorde politiet undersøkingar med georadar over tolv graver. Det er på bakgrunn av desse søka at politiet har bestemt seg for å starta graving neste veke.

– Me leitar etter levningar etter Trine Frantzen, seier politiinspektør Tore Salvesen i Vest politidistrikt til NRK.

Arbeidet skal skje på nokre avgrensa område. Undersøkingane vil skje i det øvste jordlaget og skal ikkje røra ved den gravlagde som er registrert på festestaden.

– Eg kan ikkje gå i detalj på korleis denne jobben skal gjennomførast. Dette er ikkje ei gravopning i juridisk forstand. Me vil halda oss i jordlaget på oversida av grava, seier Salvesen.

– Kor stor grunn har du til å tru at de vil finna noko?

– Det er det veldig vanskeleg for meg å seia noko om, for då går eg i detalj om funnet i geoskanninga. Men funna var såpass interessante for oss, at me valde å gjera denne jobben.

Tore Salvesen på Øvsttun kirkegård

INSPEKTØR: Politiinspektør Tore Salvesen på Øvsttun gravplass i samband med undersøkingane i april.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Vurderer området som åstad

Arbeidet skal skje i løpet av onsdag 15. og torsdag 16. mai. Jorda vil bli søkt gjennom ved manuell graving slik at eventuelle bevis ikkje går tapt, skriv politiet i pressemeldinga.

Dei gravene som vart undersøkt i april var graver som var nye i april og mai 2004, i perioden då Frantzen forsvann.

Området blir av politiet vurdert som ein kriminalteknisk åstad, og vil bli lukka mot innsyn under dei kriminaltekniske undersøkingane.

Politiet opplyste til NRK i førre veke at det har tatt tid å få gjort avklaringar og naudsynte løyver. No har gravfestarane og gravplasstyresmaktene gitt sine klarsignal.

Mona Sørensen, Trine Frantzens storesøster, på Øvsttun kirkegård

SØSTER: Trine Frantzen si storesøster, Mona Sørensen, håpar undersøkingane kan gi svar. – Å få ei grav å gå til hadde betydd alt. Ikkje minst for sonen hennar.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Forsvann sporlaust etter fest

Forsvinninga til Trine Frantzen er ei av dei store krimgåtene i Noreg. 31-åringen forsvann sporlaust etter ein fest i nærleiken av gravplassen natt til 7. mai 2004.

Mysteriet rundt forsvinninga har resultert i fleire tv-program. I Max-serien «Insider», som blei sendt i fjor, blei det sett fram ein teori om at Frantzen blei drepen av ein overdose og deretter dumpa på Øvsttun gravplass.

Totalt tolv graver blei undersøkte, på bakgrunn av informasjon som kom fram i dokumentarserien.

Politiet opplyser at dei vil legga vekt på å ha god dialog med dei involverte partane under utgravingane.

frantzen-søk