Hopp til innhold

Skålevik erstattar Pedersen på Stadion

Ifølge bergensavisene skal Nest-Sotra sin toppskårar Steffen Lie Skålevik (22) vera klar for Brann.

Steffen Lie Skålevik

KLAR FOR BRANN: Nest-Sotra og Brann skal vera einige om ein overgang for Steffen Lie Skålevik. Han har lenge hatt eit mål om å spela for Brann, og no ser draumen ut til å gå i oppfylling.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Dei to 1.-divisjonsklubbane skal ha vore i intense forhandlingar i heile ettermiddag, men skal ifølge både BT og BA no vera samde om ein overgang for 22-åringen.

Spekulasjonane om Steffen Lie Skålevik til Brann har gått føre seg så lenge sommarvindauga har vore opent. Å spela på Stadion for dei raudkledde har vore ein uttalt draum for Nest-spissen og no ser den altså ut til å gå i oppfylling.

Truleg vil Skålevik gå gjennom medisinske testar i morgon før han signerer offisielt. Dermed blir spissen klar for troppen som reiser til Sogndal til viktig toppoppgjer måndag.

800.000 kroner

Brann har kvitta seg med to spissar i sommarvindauga. Tidlegare denne veka vart det klart at Marcus Pedersen reiser tilbake til Strømsgodset i ein overgang verd to millionar kroner, medan Jakob Orlov er på utlån til svenske Hammarby ut sesongen.

Brann har difor vore på spissjakt, og Skålevik ser ut til å bli løysinga.

Forhandlingane har handla mykje om pris. Moderklubben til Skålevik, SK Sotra, har krav på 40 prosent av overgangssummen. Om Nest-Sotra ventar med sal til vinteren, slepp dei å betala denne kompensasjonen.

No skal Nest-Sotra likevel har firt på krava i forhold til overgangssum, og ifølge BT skal klubbane vera einige om ein pris på 800.000 kroner pluss eventuelle tilleggsutbetalingar.

Ti fulltreffarar

Nest-Sotra slit i botn av 1. divisjon og mistar no sin desidert viktigaste målgarantist. Skålevik har banka inn ti mål denne sesongen. I fjor enda han på tolv nettsus i 1. divisjon.

Til samanlikning har Branns toppskårar Kristoffer Larsen seks mål denne sesongen. Skålevik blir Brann sin fjerde signering denne sommaren.

Det har ikkje lukkast NRK å koma i kontakt med sportssjef Rune Soltvedt i Brann fredag kveld.