Hopp til innhold

Pedersen ferdig i Brann

Spissen vart aldri noko suksess i Bergen. No er Marcus Pedersen selt til Strømsgodset.

Marcus Pedersen mot Sandnes Ulf

FERDIG: Marcus Pedersen er ferdig i Brann. Strømsgodset har kjøpt spissen for to millionar kroner.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

Det skriv Bergens Tidende i ettermiddag. Overgangssummen skal vera på to millionar kroner, men kan auka om visse klausular slår inn, ifølge avisa.

Spekulasjonane om at Marcus Pedersen sin tid i Brann var omme kom tidlegare denne veka. Meldingane gjekk på at Strømsgodset hadde lagt inn bud men sportssjef Rune Soltvedt ville ikkje bekrefta rykta ovanfor NRK måndag ettermiddag.

No skal altså avtalen mellom dei to klubbane vera i boks, og Pedersen forlèt Bergen etter eit snautt år i klubben.

Ingen suksess

Pedersen vart henta til Brann i fjor haust av Rikard Norling, då klubben kjempa mot nedrykk i eliteserien. Spissen leverte aldri til forventningane og sesongen enda som kjent med nedrykk til 1. divisjon.

Heller ikkje på nivået under har Pedersen vore noko suksess. Sesongen hans har vore prega av skadar og på ni kampar har spissen skåra tre mål for Brann i 1. divisjon.

No vender han altså tilbake til gamleklubben Strømsgodset.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med sportssjef Rune Soltvedt onsdag.