Hopp til innhold

– Eg har ikkje lyst til å forlate Nest i denne situasjonen

Steffen Lie Skålevik sikra sigeren mot Åsane, men snart kan spissen vere på veg bort frå Nest-Sotra: – Om det kjem ein klubb med ambisjonar, så må jo Nest sleppe meg.

Steffen Lie Skålevik

TØFT VAL: Steffen Lie Skålevik seier det er vanskeleg å kanskje skulle forlate Nest-Sotra no.

Både Åsane og Nest-Sotra ligg i botn av tabellen i 1. divisjon, og det var to poengsvoltne motstandarar som stilte til kamp på Myrdal gras søndag.

Åsane har trekt det lengste strået ved årets tidlegare møte mellom dei to laga, men i kveld var det Nest-Sotra som skulle ta leiinga.

Nest-Sotra fekk plassert kampens einaste mål mot Åsane i 61. minutt. Mads Nielsen heada ballen til Steffen Lie Skålevik som sikra 0–1 til Nest-Sotra.

Vanskeleg val for Skålevik

Steffen Lie Skålevik

SCORA: Nest-Sotra spelar Steffen Lie Skålevik.

Etter å ha scora sitt tiande mål for sesongen, var det ein letta Skålevik som kom ut av garderoben etter kampen.

– No er det berre så herleg. Det var ein så viktig kamp og no har eg ein heilt ubeskriveleg herleg følelse, seier Skålevik.

Åsane Nest Sotra

0-1: Kampen enda 0–1 til bortelaget, Nest-Sotra.

Foto: Ole-AndreLagmandokk / NRK

Fleire lag har kasta lange blikk etter spissen, men sjølv veit han enno ikkje om han blir i klubben eller går vidare.

– Eg veit ikkje noko meir enn det andre veit. Eg har ikkje lyst til å forlate Nest i denne situasjonen me er i no, men samtidig så har eg lyst til å komme meg vidare i fotballen. Om det kjem ein klubb med ambisjonar, så må jo Nest sleppe meg, men det er vanskeleg å seie. Eg prøver å ikkje tenke på det før eg veit noko konkret, seier Skålevik.

Slik var kampen

Det vart ein 1. omgang med eit par nære sjansar for både Åsane og Nest-Sotra, men utan resultat å syne til.

Åsane Nest Sotra

TAP: Heimelaget Åsane klarte ikkje å utlikne i kveldens kamp.

Foto: Ole Andre Lagmandokk / NRK

Nærmast kom Nest-Sotra spelar Steffen Lie Skålevik i 16. minutt, då han etter pasning frå Petter Martinsen sende ballet mot nettet. Men Åsane keeper Eirik Østgaard stod klar og fekk avverja.

Geir André Herrem heada ballen i mål for Åsane i 32. minutt, men scoringa blei annullert etter offside.

Raudt kort til Åsane

I fyrste omgang pådrog Åsane-spelar Senai Hagos seg eit gult kort i 23 minutt, etter å ha sparka bort ballen ved Nest-Sotra sitt cornerflagg. I andre omgang kom det andre gule kortet, med etterfølgande raudt til Hagos.

Åsane sette opp tempoet i 2. omgang, og pressa på eit par sjansar, men det blei ingen snuoperasjon for heimelaget. Etter fem minutt overtid enda kampen 0–1 til Nest-Sotra.

Laster innhold, vennligst vent..