Hopp til innhold

Sette opp vegg så foreldre slapp å sjå tiltalte

BERGEN TINGRETT (NRK): Frå bak ein skiljevegg fortel foreldre om sjokket då det vart kjent at døtrene vart utsette for gjentekne overgrep på overnatting hos ei venninne.

Skillevegg i Bergen tingrett

SKILJEVEGG: Fleire av foreldre takka ja til tilbodet om å ha ein vegg oppe for å sleppe å sjå tiltalte under vitneforklaringa.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Det går ikkje an å skildre korleis vi har hatt det. Vi reagerte med sjokk. Vi hadde ingen mistanke om dette og det er fullstendig uverkeleg for oss.

Det fortalde ei av mødrene i den grove overgrepssaka i Bergen tingrett.

Ein mann i 40-åra har erkjent gjentekne grove seksuelle overgrep mot åtte mindreårige jenter, når dei var på overnattingsbesøk hjå dottera hans. Nokre av jentene var berre fem år då overgrepa starta, alle var under ti år.

Torsdag og fredag har foreldra til dei åtte jentene som er utsett for grove overgrep på overnattingsbesøk seg i Bergen tingrett.

Vi har spurt oss sjølv i fleire år no: Var det noko vi burde ha sett eller lagt merke til med tiltalte? Vi har ransaka oss sjølv.

Mor til offer i overgrepssak

Sa nei til fleire overnattingar

Frå vitneboksen fortel mora at ho sommaren 2013 tykte det var veldig mange overnattingar hjå dottera til tiltalte, og på eit tidspunkt sa ho nei.

– Tiltalte lova å få dei tidleg i seng, og eg slo meg til ro med det då han sende tekstmelding i 22-tida og sa at jentene sov godt. Seinare har vi jo sett her i retten at det er ei av dei nettene som den tiltalte forgrip seg på dottera mi, sa mora i vitneboksen.

Nokre av foreldra har ynskja at det blir sett opp ein skiljevegg mellom dei og tiltalte, så dei slepp å sjå på han medan dei vitnar.

Veggen har stått oppe for to av dei fem foreldra som så langt har forklart seg.

Enorme påkjenningar

I løpet av veka har aktoratet lagt fram nær åtte timar med videoavhøyr av jentene, 250 dokumentsider med overgrepsbilete tiltalte sjølv har tatt, samt klipp frå videofilmar som syner overgrep.

For foreldre og pårørande som følgjer saka er det svært vanskeleg å akseptere at tiltalte hevdar å ikkje hugse noko for overgrepa.

Belastninga har også vore stor sidan politiet brukte lang tid på å etterforske saka.

– Det er grotesk

Far til ein av jentene fortalde i retten fredag at han først vart gjort merksam på saka då politiet ringde han i april 2015.

– Det har vore tøft. Vi har hatt vanskeleg for å stola på folk etter at dette skjedde.

Han fortalde om ei dotter som utover 2013, etter overnattingsbesøk hjå tiltalte, fekk helseproblem og konsentrasjonsvanskar på skulen.

– Det er grotesk, det han har gjort mot jenta vår. Vi slit med skuldfølelse, for at ikkje vi oppdaga at noko ikkje stemte med tiltalte, sa faren i vitneboksen.

– Vi har spurt oss sjølv i fleire år no: Var det noko vi burde ha sett eller lagt merke til med tiltalte? Vi har ransaka oss sjølv. Svaret er nei. Han var heilt normalt og var ein ansvarleg forelder, vitna mora til ei av jentene.