NRK Meny
Normal

Overgrepstiltalt familiefar: – Ingen tvil om at det er eg som har gjort dette

BERGEN TINGRETT (NRK): Den tiltalte 40-åra forklarar seg om overgrep mot åtte jenter på overnattingsbesøk hos dottera.

Ellen Eikeset Mjøs i retten

– MODIGE JENTER: – Barna er flinke og modige som fortel om det dei kan huske, seier bistandsadvokat Ellen Eikset Mjøs om dei mange avhøyra retten fekk høyre i dag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Den tiltalte familiefaren i 40-åra erkjente straffskuld for alle punkt i tiltalen, då rettssaka mot han starta i Bergen tingrett måndag.

Mannen har innrømma og tilstått seksuelle overgrep mot åtte mindreårige jenter, mot nokre av dei har han tilstått valdtekt.

Like etter klokka 14.00 starta han sin forklaring i tingretten. Med lågmælt, men tydeleg stemme, svara han ja på spørsmål om han ønska å forklare seg.

Det er ikkje tvil om at det er eg som har gjort dette. Men eg hugsar dårleg kva eg har gjort, sa tiltalte i starten av sin forklaring.

Deprimert

Han fortel om personlege problem både på jobb og i heimen.

– I den aktuelle perioden var det fleire ting som var gale med meg. Eg hadde dårleg helse og var deprimert. Og så drakk eg for mykje alkohol.

Han hevdar han ikkje hugsar noko som helst frå mange av overgrepa, og at han har blitt klar over kva han har gjort når han har bladd gjennom bilete han har tatt.

– Eg kan ikkje hugse handlingane.

– Korleis reagerte du då du såg bilda? ville aktor Magne Kvamme Sylta vite.

– Eg vart overraska. Det kom som ei overrasking på meg at eg kunne vera i stand til å gjera dette. Eg skulle ikkje ha gjort dette, svara tiltalte.

Verling, Mjøs og Villanger

FORSVARAR: Fredrik Verling og Kim Villanger (til høgre) forsvarar den tiltalte i Bergen tingrett. Her i samtale med bistandsadvokat Mjøs på første dag i retten.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Avhøyr med jentene

Ein polititeori har vore at mannen har dopa ned jenten. Dommar Marie Vonen vil vite om tiltalte har gjort dette, når ho spør han ut i starten av forklaringa.

Eg har ikkje gitt dei noko, svara den tiltalte.

Dei to første dagane har i stor grad gått med til spele av avhøyr av dei åtte fornærma jentene i saka.

Avhøyra er gjort på Barnehuset i Bergen, og varar frå ein halvtime til over ein time. Totalt er det blitt spelt av nær åtte timar med forklaringar frå jentene.

Nokre jenter hugsar ikkje, eller maktar å fortelje kva som har skjedd dei på overnattingsbesøk hjå dottera til tiltalte. Andre hugsar brotstykke eller detaljar kva tiltalte har utsett dei for.

Fleire av barna var berre fem-seks år då overgrepa starta, alle var under ti år. Mannen er tiltalt for valdtekt mot fleire av jentene, fordi dei anten har sove eller vore ute av stand til å setje seg imot handlingane til tiltalte.

– Modige barn

I eit videoavhøyr spelt av for retten måndag, fortel ei av jentene korleis ho vaknar av at mannen kjem inn på rommet og tek bilete av ho. Deretter set ho ord på korleis mannen forgrip seg på ho.

– Barna er flinke og modige som fortel om det dei kan huske. Det er fragment, men når vi kjem til slutten av rettssaka vil alt som har komme fram danne eit heilskapleg bilde, seier bistandsadvokat Ellen Eikeseth Mjøs som representerer sju av jentene i saka.

Klokka 15.00 avslutta Bergen tingrett dag to av saka. Den tiltalte held fram med forklaringa si onsdag. Forsvarar Fredrik Verling ynskte ikkje å snakka med NRK etter at retten var heva tysdag.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.