Ein 44 år gamal familiefar blei i Bergen tingrett i november i fjor dømd til 15 års forvaring for overgrep mot åtte jenter.
44-åringen erkjente straffskuld på alle spørsmåla, men anka forvaringsdommen. No har den tidlegare forretningsmannen trekt anken, melder Bergensavisen.
Forgreip seg under overnattingsbesøk
Overgrepa skjedde over fleire år medan barna sine venninner var på overnattingsbesøk. Jentene var under ti år da overgrepa starta, enkelte var berre fem-seks år gamle.
44-åringen sin forsvarar, advokat Fredrik Verling, ynskjer ifølgje avisa ikkje å kommentera bakgrunnen for at hans klient no har godteke dommen.
– Letta over at dei slepp møta i lagmannsretten
Mannen fotograferte og forgreip seg på jentene medan dei sov under overnattingsbesøk hjå han i helger. Fleire av ofra blei utsette for valdtekter.
– Dei fornærma og pårørande er svært letta over at saka no ser ut til å ha fått ei avslutning og at dei slepp å møta i lagmannsretten, seier bistandsadvokat Ellen Eikeseth Mjøs til BA.