NRK Meny
Normal

Set opp gjerde og byggjer ny veg

I løpet av natta har politiet i Hordaland berre fått ein melding med omsyn til flaumforholda. I Odda vurderer dei ny veg til Hjøllo, og på Voss er den største utfordringa at vatnet i kommunen ikkje kan brukast utan å koke det.

Opobrua

OPOBRUA: Fem hus er tatt av flaumen, og elva Opo har framleis høg vasstand. Opobrua er skadd, men bilar kan passere.

Foto: Tale Hauso / NRK

Opobrua

SØKK: Opobrua har eit søkk på midten. Politiet seier brua er skadd, men at bilar kan køyre på den.

Foto: Tale Hauso / NRK

SISTE: Tord Lien var torsdag i Odda, og kommunen vil lage ny veg til Hjøllo. Voss kommune har framleis kokepåbod av vatn, og dette gjeld fram til onsdag neste veke.

Opobrua skadd

Opobrua i Odda er skadd på midten, og skal ha fått eit søkk. Sivilforsvaret har vore på vakt ved brua natt til torsdag.

– Det er gjort ei vurdering på brua. Den er skadd, men bilar kan køyre på den, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Preben Wallestad til NRK klokka 5.20.

Hjøllobrua kollapsa og raste delvis ut i elva onsdag, og både Hjøllobrua og Opobrua var stengt på kvelden.

Sivilforsvaret på vakt

Sivilforsvaret på Opobrua

PÅ VAKT: Sivilforsvaret har vore på vakt på fem postar natt til torsdag i Odda. Her ved Opobrua.

Foto: Tale Hauso / NRK

Fleire hundre personar er evakuerte på Vestlandet, fem hus er rivne vekk av flaumen, og fleire bygder er isolerte. Fleire hus må rivast etter flaumen. To hus stod i fare for å bli tatt av flaum natt til torsdag.

– Me har nettopp vore i kontakt med patruljen vår inne i Odda, og det er ikkje ytterlegare hus som er tatt av flaumen per no, seier Wallestad klokka 5.20.

Sivilforsvaret i Odda har vore på vakt i natt. Dei har vore fordelt på fem postar.

– Alle desse postane er besøkt av politiet, og dei melder at det ser greitt ut, seier Wallestad.

– Det er ingenting som tilseier nokon forandring i situasjonen, og det er ikkje meldt om nedbør for augneblinken. Det har vore lite trafikk av køyretøy og gåande, seier han.

Patruljen melder om tilbakegang av vasstanden i vassdraget Opo.

Straumen skal vera attende i området langs Opoelva.

Framleis evakuerte

Hjøllobrua

HJØLLOBRUA: Ei av bruene som går over elva Opo på austsida kollapsa onsdag. Brufundamentet kollapsa og raste ut i elva.

Foto: Gunnar Moland / 03030-tipser

17 hus på Hjøllo er evakuert og det same gjeld 22 hus i Opovegen. Politiet og sivilforsvaret vil framleis vere på postane i Odda utover torsdagen.

– Me har ein fortløpande vurdering av eventuell oppbemanning, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Preben Wallestad.

Det er 65 personar som er evakuert frå området langs opovassdraget.

– To hus står framleis i fare for å rase ut i elva, seier ordførar i Odda kommune, John Opdal til NRK klokka 7.15.

– Ein geolog skal sjå på bustadområda som er utsett, og me har kalla inn til informasjonsmøte med dei evakuerte seinare i dag, slik at dei kan få vite om dei kan flytte heim eller ikkje, seier han.

Ny veg til Hjøllo

John Opedal

LAGAR NY VEG: Ordførar i Odda kommune jobbar med ny vegforbindelse til Hjøllo.

Foto: Tale Hauso / NRK

Torsdag morgon hadde kriseleiinga i Odda kommune eit møte der dei diskuterte kva tiltak som skal gjerast utover dagen.

– Me har diskutert møter me skal ha med statsråden som kjem klokka 9.00, og me ser på områda som er avsperra, seier ordførar i Odda kommune, John Opdal til NRK klokka 8.30.

– Me må gå i gang med fysisk avsperring, med gjerde i dei områda som blir permanent avstengt, for å redusere vakthaldet, seier han.

Dei diskuterte også å få laga ein ny veg inn til Hjøllo då brua er kollapsa der.

– Me vil nytte vegen og brua som går frå smelteverkstomta. Viss det er behov for hjelp til evakuerte eller andre, så følger kommunen opp det med kriseteamet, seier Opdal.

SAKA HELD FRAM UNDER VIDEOEN:

Slik ser det ut i Odda etter flaumen.

ELVA OPO: Fem hus er tatt av flaumen, og elva Opo hadde framleis høg vasstand onsdag.

Stengde vegar i fylket

På Voss har vassdraget Vosso gått betydeleg ned i løpet av natta. Vasstanden trekk seg stadig attende. Politiet har ikkje fått meldingar frå området i natt.

– Når det gjeld områda Voss, Kvam, og Bergen, så er det ingen rapporterte hendingar frå desse stadene i natt, seier Wallestad klokka 5.20.

Mange vegar er framleis stengde i Hordaland.

Drikkevatnet må kokast til og med onsdag

Ordførar i Voss kommune, Hans-Erik Ringkjøb seier det er store problem på Voss og på Evanger etter flaumen.

– Me er ikkje redd for at det skal bli meir vatn enn kva me har opplevd. Vatnet til innbyggjarane er det største utfordringa, seier han.

– Der har me iallfall fått i gang vassbehandlingsanlegget vårt, men me veit ikkje kva tid me kan seie det er i orden.

Innbyggjarane i kommunen har kokepåbod, og kan ikkje bruke mykje vatn grunna lågt vasstrykk. Kokepådet gjeld til og med onsdag neste veke, og det er usikkert kva tid vasstrykket kan verte heva.

Fleire bygg er stengt i kommunen, mellom anna Voss ungdomsskule, kulturhuset, og idrettshallen.

Meir regn i området

I flaumområda har vasstanden minka, men det er venta meir regn i dagane framover.

– Me får ein pause i nedbøren fram til i ettermiddag, seier vakthavande meteorolog, Aslaug Skålevik Valved til NRK.

– I kveld er det venta nedbør, og snø over 800–1000 meter. Det er ikkje snakk om store mengder, men det kan bli ein del i morgon, seier ho.

NRK oppdaterer saka.

Siste video

Programelder Øyvor Bakke
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.
Bergensartisten avsluttet den store valgdebatten på Festplassen i Bergen.