I ODDA: Ordførar i Odda kommune, John Opdal, og olje- og energiminister Tord Lien i Odda.
Foto: Erling Johnsen / NRK– Dette gir eit stort og sterkt inntrykk, seier olje- og energiminister Tord Lien.
– Vasskraft er jo ein ressurs som mitt departement normalt jobbar med for å foredle og skape verdiar av, og å sjå korleis desse kreftene kan vere destruktive gir eit sterkt inntrykk, seier Lien.
– Imponert over handteringa
Fleire har mista huset sitt, og 68 personar er evakuert frå området ved Opaelva i Odda. Olje- og energiminister Lien har fått sterke inntrykk i Odda.
– Det gir stort inntrykk, samtidig må eg seie at eg er imponert over korleis lokale krefter saman med nasjonale krefter har handtert denne saka, seier Lien.
– Sivilforsvarssjefen som har stått på og jobba døgnet rundt, er jo og ein av dei som har vore ramma av at huset har blitt tatt av elva. Det er verdt å merke seg at liv ikkje har gått tapt, og ingen har fått alvorlege personskadar, seier han.
Vil hindre meir skader
MØTTE OFRA: Olje- og energiminister Tord Lien fekk sjå flaumområda på nært hald torsdag.
Odda kommune vil torsdag gå i gang med fysisk avsperring med gjerde i dei områda som blir permanent avstengt. Dette for å redusere vakthaldet.
Dei vil også lage ny veg til Hjøllo, etter at Hjøllobrua kollapsa. Den nye vegen vil gå på vegen og brua ved smelteverket i Odda.
HELIKOPTER: Olje- og energiminister Tord Lien kom til Odda torsdag.
Foto: Tale Hauso / NRK- LES OGSÅ:
– Norges vassdrags- og energidirektorat har vore mobilisert her i denne situasjonen frå byrjinga av, og dei vil også gå i gang med dei tiltaka som må til for at skadane ikkje skal bli større enn det dei er, seier Lien.
– Så må me vera ærlege og seie at denne situasjonen er såpass stor og omfattande at både lokale og nasjonale myndigheiter må jobbe med å sette seg inn i kor stort skadeomfanget er, for det er det for tidleg å seie noko om i dag, seier han.
Etter synfaringa i Odda reiser Tord Lien videre til Lærdal. Avsreise er klokka 11.30.