Seks udødelege nordmenn

Kva har landssvikaren Vidkun Quisling og kombinertløparen Gunder Gundersen til felles?

Eides språksjov

PÅ SPRÅKLEG SKATTEJAKT: Sjur Hjeltnes (f.v.), Linda Eide og Gunnstein Akselberg sitt nye TV-program har i kveld premiere på NRK1. Der jaktar dei på dei gode historiene bak orda vi alle kjenner.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Onsdag kveld er det premiere på «Eides språksjov» på NRK1. Linda Eide inviterer til språkleg moro og opplysning, og i første episode dukkar ordet eponym opp.

Eponym er eigennamn, som med tida har blitt til namn på ting eller fenomen.

Så kva med Quisling og Gundersen? Dei har gitt oss ord som framleis lever sine eigne liv. Her er ei høgst uoffisiell og ufullstendig liste over nordmenn som lever vidare som substantiv, langt utanfor landets grenser.

1. Quisling

Vidqun Quisling - frigitte bilder

BERYKTA: Få er så kjende som Vidkun Quisling. Spørsmålet er om all omtale er god omtale.

Foto: Ukjent datering / Riksarkivet

Vidkun Quisling, mannen som leia nasjonen gjennom fem svarte år med okkupasjon, har gitt oss det internasjonale ordet for landssvikar. I dag blir det brukt over heile verda, utan at folk nødvendigvis kjenner til opphavsmannen.

Laster Twitter-innhold

2. Hansens sjukdom

Spedalsk

BYLLEFULL: Spedalskheit angrip særleg hud og nervar. Følgetilstandane er kroniske.

Foto: Lepramuseet i Bergen

Hans sjukdom eller lepra, som det også blir kalla, er heller ikkje det hyggelegaste å bli hugsa for. Men no var det eingong bergensaren Gerhard Henrik Armauer Hansen (1845–1917) som oppdaga leprabasillen.

Dermed blei det hans lodd å gje namn til denne grufulle sjukdommen, også kjend som spedalskheit.

3. Gundermetoden

Gunder Gundersen

POENG TIL SEKUND: Metoden etter Gunder Gundersen blei frå VM i 1985 brukt til å rekne poeng frå hoppbakken om til sekund i langrennsdelen.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

Heldigvis er det ikkje berre innan landssvik og sjukdomar vi nordmenn har markert oss. Du har kanskje sete framfor fjernsynet ein søndag i februar og høyrt snakk om Gundermetoden?

I dag blir alle konkurransar i kombinert-sporten avvikla etter dette prinsippet. Vinnaren av hopprennet får starte først i langrennet, og poenga frå hoppbakken blir rekna om til sekund. Førstemann over målstreken vinn samanlagt.

Kombinertløparen Gunder Gundersen (1930–2005) fekk æra av å gje namn til metoden. Dette trass i at sjølve ideen kom frå Aftenposten-journalisten Vera Reff, så tidleg som i 1966. Gundersen tente på ideen, og i åra som følgde blei metoden testa ut. Frå og med VM i 1985 og Calgary-OL i 1988 blei Gundermetoden brukt i individuelle konkurransar internasjonalt. Mange vil hevde at den blei redninga for kombinert-sporten.

4. Bjerknes

Vilhelm Bjerknes

TVILSAMT SUBSTANTIV: Er han eit eponym, eller er han ikkje det?

Foto: Geofysisk institutt, UiB.

Norske forskarar innan naturvitskapen har også sett spor etter seg. Spor som av forståelege grunnar ikkje blir trakka ned sånn i det daglege: På baksida av månen og på planeten Mars ligg to krater som begge har fått namnet Bjerknes.

Opphavsmannen Vilhelm Bjerknes (1862-1951), er nok mest kjend for å stå bak den moderne vêrvarslinga. Men sidan ikkje alle krater i solsystemet blir kalla Bjerknes, er det kanskje heilt på grensa å kalle dette eit eponym? Språkprofessor Akselberg dreg på det.

– Tja, dette er eit tvilstilfelle. Strengt tatt er det eit særnamn, og eponym bør eigentleg ha karakter av eit samnamn. Så det ligg nok i grenseland, seier professoren.

Men la gå. Sidan dette grenselandet ligg på baksida av månen, får det vere med, under tvil.

5. Olsen-driver

Linda Eide intervjuar tidlegare UP-sjef og opphavet til den alkoholfrie ingefærdrikken Olsen-driver. I 1980 fekk han knapt gå i fred på butikken, og telefonen gjekk varm i heimen. 37 år seinare lever han framleis vidare som ein alkoholfri drink.

EDRUKØYRING: Tidlegare UP-sjef fronta kampen mot julebordspromillen med alkoholfri drink.

Hausten 1980 hadde Statens Informasjonsteneste og Edruskapsdirektoratet sett seg føre å trappe opp kampen mot julebordspromillen. Nokre lyse hovud kom på ideen om å lansere ein alkoholfri drink. Og kva var meir naturleg enn å kalle drinken opp etter sjefen for utrykkingspolitiet? På denne tida heitte UP-sjefen Leif N. Olsen, og han hadde ingen problem med å låne ut namnet sitt til dette.

– Såpass måtte eg gjere for den gode sak, seier Olsen, som i dag er blitt 73 år gammal.

Slik gjekk det til at nyslått verdsmeister i drinkmixing Sven Åge Jonsbråten, fekk oppdraget med å komponere ein Olsen-driver. Drinken blei lansert på Cafe Engebret i Oslo, 8. desember 1980, med store deler av den norske pressa til stades.

Her skulle det satsast: Ein million statlege kroner var sett av til å få bodskapen ut til folket. Og det fungerte, for å seie det forsiktig. Sjeldan eller aldri har ein statleg informasjonskampanje opplevd liknande suksess. Alle ville prøve den nye drinken. Med det resultat at nasjonen i løpet av kort tid gjekk tom for ingefærøl. Spesielt i vest og nord var det tørke.

– På mange måtar kan ein vel seie at Olsen-drivaren berga produksjonen av norsk ingefærøl. Liten etterspurnad på den tida, gjorde at fleire bryggeri hadde bestemt seg for å slutte å lage denne drykken. Men då Olsen-drivaren skylte innover landet, kjende bryggeria seg pressa til å halde fram produksjonen, fortel Olsen.

6. Fjoseposen

HISTORISKEBILDER

FRÅHALDSDAME: Slik ser Bergfrid Fjose ut: opphavet til den kanskje litt for nøytrale Fjoseposen

Foto: NTB scanpix

Dette er programleiar Linda Eide sitt favoritt-eponym, og det kjem frå ein annan vestlending. Det er rett nok ikkje så kjend utanfor Noregs grenser, då.

Bergfrid Fjose var KrF-politikar og sosialminister i Korvald-regjeringa, og profilert fråhaldsmenneske. Då Vinmonopolet lanserte sin nye plastpose på 70-talet, blei den kalla opp etter henne. Fjoseposen skulle etter planen bli den nøytrale handleposen, som ikkje skulle reklamera for polvarer eller på nokon måte vekka oppsikt. Dermed vart det ein grå pose, utan logo som attpåtil var litt mindre enn alle andre posar.

– Tanken var god, men det dei ikkje hadde tenkt på, var at ingen andre handleposar på den tida var grå og logofrie. Dermed skilte fjoseposen seg såpass ut, at du kunne sjå han på lang avstand. Fjoseposen må vere ein av få posar i verda som har hamna på museum, seier Linda Eide.

Sjovt, som våre naboar sør for Skagerak ville ha sagt.

Siste video

Meisterfinale på Brann stadion, ekstremistar på bygdene og eldre som må flyttast ut av kommunen for å få sjukeheimsplass. Dette er nokre stikkord for dagens sending. Programleiar Jan Børge Leirvik
Bergen stasjon, eller Jernbanestasjonen? Sterke meiningar i Vestlandsrevyen i dag. Her kan du også sjå at Bergen kommune vil ha folkedugnad mot bygningsforfall, og flyktningar slit med einsemd. 
Programleiar Jan Børge Leirvik.
På nytt vekker gatekunstner AFK oppsikt. Nå har han malt det som trolig er landets lengste «street art», laget av en enkelt kunstner.