Hopp til innhold

Reiselivet vil ikkje ha helikopterturistane

Fleire reagerer på helikopterplanane i Hardanger. Fjord Norge meiner helikopterstøy vil øydelegga naturopplevinga turistane er ute etter.

Vøringsfossen

VØRINGSFOSSEN: Dette er blant utsiktene turistar i Eidfjord spør etter. I ein søknad ber Statkraft om å opna for helikopterturistar på grunn av «etterspurnad frå turistmarknaden». Fjord Norge er skeptisk.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Statkraft har søkt om konsesjon for helikopterturisme frå sin landingsplass i Eidfjord. I området ligg fleire kjente naturattraksjonar, som Vøringsfossen og Hardangerjøkulen.

Hytteeigarar i området fryktar helikopterturistar i skytteltrafikk dersom kraftprodusenten får godkjend planane.

– Om helikopter skal gå skytteltrafikk tjue gongar om dagen, vil det øydelegga idyllen fullstendig, sa hytteeigar Siren Toftesund til NRK onsdag.

– Står i kontrast til det turistane ynskjer

Hyttefolk og fastbuande er ikkje dei einaste som reagerer. Reiselivsnæringa er heller ikkje frå seg av begeistring.

– Eit tilbod om helikopterturisme er i kontrast til det me veit turistane er på jakt etter i Noreg: Rein, stille og urørt natur, seier administrerande direktør i Fjord Norge, Kristian Jørgensen.

Kristian B. Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norge.

SKEPTISK: Reiselivsdirektør Kristian B. Jørgensen i Fjord Norge er skeptisk til motorisert ferdsel i turistområde.

Foto: TOM HANSEN / FOTOGRAF TOM HANSEN AS

Han har ikkje lest søknaden i Eidfjord, men stiller seg skeptisk til meir motordur i naturen. Direktøren kjenner ikkje til at heliturisme er utvikla som eit fast innslag andre stader i landet.

– Økologisk berekraft blir stadig viktigare for turistane. Helikopterstøy raserer merkevara som reiselivet har bygt opp dei siste 25 åra.

– Dumt å utelata moglegheita

Men pipa har ein annan lyd i Eidfjord. Statkraft viser til at dei søkte om turistflyging etter innspel frå reiselivet og Eidfjord kommune.

– Turistnæringa såg at det kunne vera mogleg å kombinera landingsplassen vår med turistflyging. Difor søkte me om det, seier kraftverkssjef Vidar Riber i Statkraft Hardanger.

Han poengterer at det ikkje er Statkraft som vil stå for ein eventuell flytrafikk frå landingsplassen.

Dagleg leiar Marit Stadheim i Destinasjon Eidfjord avviser at dei har konkrete planar om heliturisme i næraste framtid.

– Det er ingen slike planar i dag. Men det er dumt å utelata turistflyging i ein konsesjonssøknad som skal gjelda for mange år.

I fjor sette Eidfjord ny rekord i talet på cruiseanløp i sommarhalvåret. Men Stadheim trur ikkje cruiseselskapa er interesserte i helikopterturisme i dag.

– Det er nok ikkje aktuelt å bussa turistane inn til Simadalen. Men i framtida kan det til dømes vera aktuelt med ein kombinert båttur til Simadalen og helikoptertur i retning Hardangerjøkulen, føreslår Stadheim.

Fryktar hundre passeringar over hyttetaka kvar veke

I søknaden ber Statkraft om 2200 såkalla «flyrørsler» i året. Talet er basert på selskapet sitt eige behov og «ein forventa utvikling» i etterspurnaden frå reiselivsnæringa.

Hytteturistar og fastbuande i Sysendalen har reagert sterkt på planane, og fryktar opp mot hundre helikopterpasseringar over hyttetaka kvar veke.

Gunnar Garen

GRUNNEIGAR: Gunnar Garen sel hyttetomter og bur sjølv i Sysendalen. Han fryktar helikopterstøy vil rasera området dersom Statkraft får konsesjon og ein helikopteraktør startar turistflyging.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Kanskje det er moro for dei som sit oppe i helikopteret, men for alle andre vil det vera totalt øydeleggande, seier grunneigar Gunnar Garen.

Naturvernforbundet meiner ein søknad som legg til rette for heliturisme er skremmande og bakstreversk.

– Mange kjem til Noreg for naturopplevingar og urørt natur. Kommersiell helikoptertrafikk gir klimagassutslepp og støy, noko som vil øydelegga for dei som ynskjer stille og urørt natur, seier dagleg nestleiar i Naturvernforbundet i Hordaland, Synnøve Kvamme.

Stadheim roar innbyggjarar og hyttefolk som no fryktar helikoptertrafikk frå morgon til kveld.

– Det er først og fremst Statkraft sin eigen bruk det er søkt om. Det er ingen i Eidfjord som har interesse av at helikopter skal fly over Vøringsfossen eller Sysendalen.

Helikopter Eidfjord