Regjeringa seier ja til alpinlandsby i villreinområde ved Hardangervidda

Trass motstand frå Fylkesmannen og Vegvesenet, gir regjeringa klarsignal til millardutbygging av hytter, leilegheiter og skiheisar ved Hardangervidda. Skiheisen må stenga når villreinen kalvar.

Alpinlandsbyen Eidfjor Resort på Hardangervidda, illustrasjon

STORE PLANAR: 120 hyttetomter, 440 leilegheiter, næringsbygg, fleire stolheiar og T-trekk er planlagd i Sysendalen på Hardangervidda.

Foto: Illustrasjon / Eidfjord Resort

Prislappen på utbygginga i Sysendalen i Eidfjord er venta å kome på over tre milliardar.

Planane inneber bygging av over 500 hytter og leilegheiter, samt næringsbygg, fleire stolheisar, T-trekk, barnetrekk og skøytebane.

Men realiseringa av alpinlandsbyen har gått noko trått for utbyggaren og Eidfjord kommune.

Både Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland (no Vestland) og Statens vegvesen har kome med motsegner. Alpinlandsbyen er nemleg planlagd i eit viktig område for villreinen på Hardangervidda.

No får prosjektet grønt lys frå øvste hald.

– Dette har vore ei krevjande sak for departementa, der kommunen sitt behov for heilårs arbeidsplassar kjem i konflikt med omsynet til villreinen, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H).

Må ta omsyn til kalvinga

Statsråden seier dei i behandlinga av saka har lagt avgjerande vekt på næringslivet sine interesser og at ho vil legge til rette for viktig lokal næringsutvikling.

– Dette kan gi 75 fleire heilårs arbeidsplassar i Eidfjord kommune. Det er viktig for ein liten kommune og det er med å hindre fråflytting, seier Mæland til NRK.

Men regjeringa gir ikkje tommel opp utan nokre innvendingar for å sikre villreinen i området.

Dei øvste delane av det planlagde alpinanlegget kjem inn under omsynssona til villreinen på Hardangervidda, noko Fylkesmannen har peika på i si motsegn.

Departementet har difor bestemt at den øvste heisen i skianlegget må stenga i kalvingstida til villreinen. Den skjer normalt frå slutten av april til starten av juni.

– Vi seier også at det ikkje bør planleggast fleire alpinanlegg i Sysendalen. Vi meiner desse avbøtande tiltaka varetek omsyna til villreinen, seier Mæland.

Ivan Løvheim, Eidfjord resort

GLAD: Dagleg leiar Ivan Løvheim i Eidfjord Resort er glad for at regjeringa gir klarsignal for utbygging.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Gledens dag

Iniativtakar og dagleg leiar i Eidfjord Resort, Ivan Løvheim, er naturleg nok glad for å få klarsignalet frå regjeringa.

– Dette er ein gledens dag for oss, og noko vi har venta i fleire år på. Vi er klare til å ta fatt på første del av utbygginga så snart alt er klart, seier Løvheim til NRK.

Han fortel at første byggefase har ei kostnadsramme på rundt 200 millionar kroner. I alt seks byggefasar er planlagd.

Løvheim aksepterer at toppheisen må stengast i kalvingstida.

– Det er noko vi har vore opptekne av heile tida, nemleg omsynet til villreinen. Det er viktig for oss at utbygginga også blir tatt steg for steg, både av omsynet til naturen og folk som ferdast der.

Vegvesenet blir høyrt

Departementet opplyser at motsegna frå Fylkesmannen i Hordaland ikkje er tatt til følge, medan ein har bestemt seg for å møte Vegvesenet på deira innspel.

Det er allereie mange hyttefelt i Sysendalen. Av omsyn til trafikktryggleiken stiller departementet krav til at det blir etablert gang- og sykkelveg mellom Fet og Fosslivegen når talet på fritidsbustader i planområdet til Eidfjord Resort har auka med 100 nye einingar.

Frå før er prosjektet i Eidfjord kutta kraftig i storleik. Mellom anna har utbyggarane droppa planane om ei gondolbane, grunna motstand frå Hordaland fylkeskommune.

Laster kart, vennligst vent...

EIDFJORD: Sysendalen ligg på den vestlege delen av Hardangervidda, vel to og ein halv time frå Bergen og fire timar frå Oslo.